Annleis liv i Atriumhagen

24. august 2017 • Av: arnybo
Kari Moa og Bjarte Risnes måtte gjennom ein modningsprosess før dei bestemte seg for å selje einebustaden og kjøpe leilegheit i Atriumhagen. I dag seier dei at valet kjennest rett.

Kari Moa og Bjarte Risnes bestemte seg ikkje over natta for å selje einebustaden, men når dei først gjorde det, var dei ikkje i tvil om kvar dei ville bu.

– Eg har hatt lyst til å kjøpe leilegheit lenge. Eg er klar for å leve litt annleis, seier Kari.

Ho har tatt ei pause frå den hektiske jobben som frisør i eigen salong, Salong Karisma, som ligg midt i Førde sentrum. Ho har tid til ein rask kopp kaffi saman med sambuaren Bjarte.

– Han har ikkje vore like klar som meg, seier Kari lurt og ser bort på han.

– Nei, ideen måtte modne litt, men no kjennest det rett, smiler Bjarte, som alltid har vore glad i å ha stor hage og utsikt.

– Difor sit det ekstra langt inne å kvitte seg med einebustaden vår i Slåttebakkane, forklarar han.

Leilegheitene går over to plan, og i tillegg til atrium har dei takterrasse.

Først i Atriumhagen
Dei to var blant dei første til å kjøpe leilegheit i Atriumhagen i Førde – eit konsept som ein ikkje har sett så mange av i Sogn og Fjordane. Det unike med dei tolv husværa er det opne partiet i midten av leilegheitene, eit såkalla atrium der ein får privatliv og ro frå bybildet, samtidig som du kan nyte godt av lys, sol og frisk luft.

– Vi har atrium på hytta vår i Stavang og likar det veldig godt. Då Atriumhagen kom for sal hadde eg hatt auga opne lenge, og tenkte: Endeleg! Dette er det rette for oss. Vi er glade i den minimalistiske, moderne stilen, og likte planløysinga og at leilegheitene har både atrium og stor takterrasse, seier Kari.

Ryddeprosess
Kari og Bjarte har tre barn til saman. To av dei har flytta ut frå den 360 kvadratmeter store einebustaden i Slåttebakkane, medan yngste sonen på 17 bur heime.

– Sjølv om vi er svært glade i huset vårt, har vi innsett at vi ikkje treng all plassen lenger. Vi har til dømes fire bad, kva skal vi med det, ler Kari.

– Det er mykje å vaske og halde i orden, og no ønsker vi å bruke fritida vår på andre ting, som å reise oftare på hytta og å gå turar. Vi er friske og har mykje energi, og flytteprosessen ser vi på som ein sjanse til å rydde litt i livet.

Bjarte er tømrar av yrke og har bygd hytta deira, samt to andre hytter med atriumløysing. Han kjenner difor konseptet betre enn dei fleste.

Det unike med Atriumhagen er det opne partiet i midten av leilegheitene, eit såkalla atrium. På den skjerma uteplassen får ein ro frå bybildet, og kan samtidig nyte godt av lys, sol og frisk luft.

– Eg har sansen for både stilen og konseptet. Å kunne sitte ute under open himmel i frisk luft, samtidig som ein er skjerma for vind og innsyn, er ei god løysing. I Atriumhagen får vi 30 kvadratmeter uteområde som vi kan opne opp mot frå stove og kjøkken og spasere rett ut til. Når vi skal bu i sentrum, er dette ei meir attraktiv løysing enn å sitte på utstilling på ein liten balkong, meiner han.

Kvalitet
Bjarte skryt samtidig av kvaliteten i bygget.

– Arkitekten (Christina Kvamme, red. merk.) sa sjølv at dette var eit av prosjekta ho hadde jobba med som hadde høgst standard. I Atriumhagen er det god kvalitet på alt av materiale, og vi slepp å oppgradere noko. Det betyr at alle kostnader ligg inne frå før. Det er godt å vite når du kjøper ei såpass dyr leilegheit, seier Bjarte.

– Vi har sett på mange leilegheiter, men dette er ein soleklar favoritt. At det er nytt betyr at vi får det akkurat som vi vil, seier Kari, og legg til:

– Vi har to hundar, og då er ein lukka uteplass, som dei kan gå inn og ut av, heilt genialt.

God plass: Einebustaden i Slåttebakkane er heile 360 kvadratmeter stor, har flott hage og kjem for sal våren 2018.

Vemodig farvel
Men vil dei ikkje sakne hage, utsikt og å ha sol heile året når dei går frå frittliggande, stor einebustad i høgda, til leilegheit i sentrum?

– Jo, det er sjølvsagt mykje vi vil sakne. Det blir eit vemodig farvel. Huset har mange minne, og her ein dag eg var i hagen, tenkte eg: Nei, kva er det vi gjer. Selje denne fine plassen?, svarar Kari.

– I tillegg er det eit fint nabolag med mange kjekke folk vi forlèt, legg Bjarte til.

– Men no som vi har bestemt oss, så kjennes det rett. Vi brukar all vår fritid på hytta, og då er det heilt greitt å bu i sentrum. Der kan vi spasere til både jobb, kafé, Hafstadparken og andre servicetilbod.

Men før det gode liv i sentrum kan starte, må dei selje einebustaden.

– Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har vore ein god rådgjevar for oss og fortalt oss kva vi bør ordne før salet. Vi skal selje eit stort, dyrt hus til våren, og då bør prosessen vere omstendig og godt planlagt. Vi kjenner oss i trygge hender og gler oss til å flytte i Atriumhagen. Vi må berre rydde litt først og kvitte oss med ein del ting, ler paret.

Tilbake til artikkeloversikta

Relaterte artiklar

Skal du selje bustad? Meklarane i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane har lang erfaring og god lokalkunnskap. Dette er fordelar du får på laget om du vel dei til å selje bustaden din! I tillegg finst det enkle renoveringsgrep du kan gjere sjølv for å heve standarden på bustaden. Greta Halvorsen er ein av dei erfarne meklarane i Florø-teamet til ESF. Her kjem ho med sine beste tips og triks for kva ein kan få til sjølv ved sal av bustaden.
Det er ting på trappene i reguleringskrav frå EU, og det kan ha ein betydning for straumforbruket ditt. I tråd med Paris-avtala er vi alle nøydde til å kutte utsleppa våre. 1. mars i år blei EU sitt bygnings- energidirektiv utgangspunkt for norske reglar for energimerking. Direktivet krev nullutsleppsbustadar innan…
Det knyt seg mykje spenning, kjensler og forventingar til det å kjøpe seg ny bustad, og kanskje spesielt den første gongen. Det er mykje å ta omsyn til, rikeleg å tenkje på, og store summar i sving. Våre meklarar losar deg med glede trygt gjennom ditt første bustadkjøp, og i denne artikkelen gir vår eigedomsmeklar Stine Thue sine beste tips til deg som skal kjøpe bustad for første gong.
På Indre Øyrane, som på folkemunne vert kalla indrefileten i Førde sentrum, er det god framdrift i utbygginga av Skudeløken sitt første av tre byggetrinn. Byggetrinn 1 består av garasjeanlegg under bakken og seks bygg over som inneheld leilegheiter i ulike størrelsar, kafé, leilegheitshotell og næringsareal for kontor og ulike…