Ny pris! Leilegheit med to soverom sentralt i Stryn sentrum!

Vis i kart
Perhusvegen 29
Stryn
Prisant. 1750000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Ny pris! Leilegheit med to soverom sentralt i Stryn sentrum!

Perhusvegen 29
6783 Stryn
2. etasje
Leilegheita ligg svært sentralt plassert i Stryn sentrum med gangavstand til butikkar, kafèar, skular, barnehage, idrettshall, kino og andre servicefunksjonar.
Leilegheita ligg i 2. etasje og inneheld; Stove, kjøkken, to soverom, bad og gang/entrè.

I underetasjen er det eit felles lagerrom for bygget.
Bygget er opprinnelig oppført i 1955, i 2003 vart leilegheita ombygd og i hovedsak renovert. Ny taktekking i 2008. Ellers er det montert ny baderomsinnreiing i 2014 og ytterveggen på eine soverommet vart isolert og kledd opp igjen i 2017.

Stove:
Romslig stove med laminat på golv, måla plater samt brystningspanel og tapet på veggar, folierte takplater med bjelkar og downlights i himling.

Kjøkken:
Kjøkkeninnredning med laminat skrog, beislakkerte heiltre og finerte frontar, laminat benkeplate og integrert platetopp, komfyr og oppvaskmaskin. Måla plater og noko målingstrie på veggar, laminat på golvet og folierte takplater i himling.

Bad/vaskerom:
Bad med flis på veggar og flis med varmekablar på golvet. Folierte takpplater i himling. Baderomsinnredning med skuffer i underskåp og vask, to høgskåp og overskåp med speglfrontar. Badet er ellers utstyrt med klosett, dusj med innfellbare dusjveggar og opplegg for vaskemaskin. 200 liters varmtvannstank og rørskåp på badet.

Soverom:
To soverom med laminat på golv, måla plater på veggar og folierte takplater i himling. Skyvedørsgarderobe på det største soverommet.

Gang/entrè:
Laminat på golv, måla plater på veggar og folierte takplater i himling. Skyvedørsgarderobe med speglfrontar. Porttelefon.

Måla trefyllingsdører som innerdører.

Diverse;
Vassrør av plast rør-i-rør system. Avløpsrør av plast, ukjent utførelse av felles avløpsstamme.
Fordelingsskåp i gangen med automatsikringar og med delvis skjult el.installasjon.
Integrerte kvitevarer kjøkken (platetopp, ventilator, komfyr og oppvaskmaskin), frittståande kjøleskåp, all takbelysning, eventuelle fastskudde panelovnar og persienner/rullegardiner/gardinstenger inngår i salet. Vaskemaskin inngår ikkje.
Fundamenter og grunnmur av betong. Ytterveggar oppført som engelsk holmur med utvendig måla betongpuss og innvendige
framforingar. Saltakkonstruksjon med taktekking av Decraplater, snøfangarar, pipehatt og alu. takrenner og
nedløpsrør. Brann- og lydisolert vegg i tre- og murutførelse mot felles gang og mot tilstøtande leilegheit. Etasjeskillere av betong mot underliggande og ovanforliggande seksjonar. Vindauger i hovedsak med 3-lags og ellers nokre 2-lags ruter i trekarm. Brann- og lydisolert dør i treutførelse til felles trapperom.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 24.04.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 71 kvm, Bruksareal: 71 kvm, Bruttoareal: 81 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Alle rom i leilegheita er inkludert i P-rom.
BRA: 71 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering på felles asfaltert parkeringsplass.
Areal: 944 kvm, Eierform: Fellestomt
(Andel 2/16 av tomta utgjer 118 m2).
Eigedommen er regulert som byggjeområde for blanda føremål forretning/kontor/bustader.
Tilkomst frå kommunal veg. Eigedomen er tilknytta kommunalt vassverk via private felles stikkledningar. Avløp til felles privat septiktank via private felles stikkledningar.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter G
Tilkomst frå kommunal veg med felles asfaltert parkeringsplass. Felles trappegang med trapp til leiligheta i 2. etg.
Varmekablar på badet, ellers er oppvarming basert på elektriske ovnar.
Mekanisk avtrekk frå kjøkken og bad, ellers er ventilering basert på naturleg avtrekk.
Kr. 3 985,50 pr. år
(inkluderer: Vassavgift kr. 1843, slamavgift kr. 1104,5 og eigedomskatt kr. 1038).
- Fellesutgifter til sameiget
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
- Straum
Likningsverdi som primærbustad kr 465 876 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 304 452 per 31.12.15
Det føreligg ferdigattest frå Stryn kommune datert 23.02.2005.
500 pr. mnd. (inkluderer: felles byggforsikring og renovasjon).
Sameie: Perhusvegen 29

Sameiget består av eit bygg som går over fem plan; i kjellar er det felles bod for bygget, i 1. etg er det næringslokaler, 2. etg består av to leilegheiter, 3. etg består av to leiligheiter og på loftet er det fire leilegheiter/hyblar. Totalt ni seksjonar (2 næringseksjonar og 7 bustadseksjonar). Denne seksjonen er seksjonert som næringseksjon per idag, vi tek atterhald om reseksjonering til boligformål.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig.
Meklar har motteke rekneskap for 2016 som viser ingen gjeld i sameiget. Sameiget sitt inneståande på konto per 31.12.2016 er kr. 16.414,97.
Sameiget har ikkje forretningsførar eller regnskapsførar.
Med bakgrunn i at sameiget ikkje har eit fungerande styre, legg vi til grunn at det ikkje er krav om godkjenning av ny seksjonseigar.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål (forutsatt at seksjonen vert reseksjonert til bustadføremål).
Stryn Kommune har registrert eigedommen som "særskilt brannobjekt".
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 71 m2
Bruksareal ? 71 m2
Bruttoareal ? 81 m2
Byggeår 1955
Tomte­areal 944 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Kamilla  Nedre-Flo
Kamilla Nedre-Flo
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Perhusvegen 29
Stryn
Prisant. 1750000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 71 m2
Bruksareal ? 71 m2
Bruttoareal ? 81 m2
Byggeår 1955
Tomte­areal 944 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet