EnglundTunet - Ferdigstilling 3.April 2020!

Vis i kart
EnglundTunet
Nordfjordeid
Pris frå 2075000
til 2590000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

EnglundTunet - Ferdigstilling 3.April 2020!

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Leilighet EnglundTunet 1 3 62 66 m2 2590000
Leilighet EnglundTunet 2 2 71 75 m2 Seld
Leilighet EnglundTunet 1 2 62 66 m2 2490000
Leilegheit EnglundTunet 1 3 61 65 m2 Seld
Leilighet EnglundTunet 1 1 53 50 m2 Seld
Leilighet EnglundTunet 1 2 62 66 m2 Seld
Leilighet EnglundTunet 1 2 61 65 m2 Seld
Leilighet EnglundTunet 1 3 62 66 m2 Seld
Om prosjektet
Det er mange fordelar ved å kjøpe nyoppført bustad. Vi kan mellom anna nemne:
- låg dokumentavgift, ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
- fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
- ein får vere med å gjere eigne val i samråd med utbyggar.
- ein set sjølv første stiften/skrua i veggen.

Dette prosjektet er planlagt med eitt- og toroms leilegheiter. Perfekte for dei som vil komme seg ut på bustadmarknaden eller dei som vil ha ei flott og praktisk leilegheit i gunstig prisklasse i Eid sentrum.
Med beliggenheit midt i sentrum er ein sikra å få med seg det som rører seg. Perfekt for den som likar å vere der det skjer.
Samstundes er det kort veg til flotte turar både til fots, sykkel eller båt.
Tilkomst
Det er svært enkel adkomst til Engelund Tunet.
Innhald
Det skal etter planen oppførast leilegheitsbygg med totalt 11 leilegheiter. Desse skal danne eit sameige. Kvar leilegheit skal ha ein parkeringsplass og bod, elles blir det gjesteparkering og handicapplass i sameiget.
I framkant blir det balkong som vist på planteikning. Framom leilegheitane på bakkeplan blir det uteplassar belagt med betongheller eller liknande. Tomta forøvrig blir felles for sameiget.

Leilegheiter i 1. etasje er på ca 50 kvm
Leilegheiter i 2. og 3. etasje er på ca 65 kvm og 75 kvm.

Sjå planteikning for nærmare informasjon.
Standard
Kjøkken
Kjøkkendelen blir lys og praktisk innreiia med gode løysingar frå HTH med bra med skap- og benkeplass. Kvitevarer som følgjer med er platetopp, innbyggingsomn, kjøle/fryseskap, oppvaskemaskin og vifte. Det er åpent mot stove og balkong/uteområde. Dette lagar ein lys og innbydande atmosfære. Med åpen løysing er det enkelt å ha det sosialt og kjekt i matlaginga. Bade i kjøkken og stove er det planlagt med eikeparkett.

Bad og vaskerom
På baderom og vaskerom er det planar om funksjonelle og flotte flis på golv og vegg. Baderomsinnreiing er 120cm og med dusjveggar i klårt glass ein kan slå inn er det godt med plass på badet. Ein kan sjølv velje om ein vil ha vaskemaskin på bad eller om ein vil plassere den på tenkt vaskerom eller på bod.

Soverom
Alle leilegheiter får eit romsleg og godt soverom, her vil det bli levert som standard eit garderobeskap. i Leilegheiter med planlagt to soverom får ein eit mindre soverom/gjesterom også med garderobeskap. Her er det også planlagt med eikeparkett.

Balkong/terrasse
Frå stove/kjøkken kjem ein ut på balkong eller uteplass på bakkenivå. Her er det triveleg å kunne sitje å følgje med på det som rører seg i sentrum.

Tak
Tak, himling - Invendig tak består av ferdigbehandlede takplater med skyggelister, unntatt bod som blir profilhimling.

Innvendige dører
Kvite, legge dører med stålvridar. Karm og gerikt er malt frå fabrikk.

Heis
Heis går direkte frå parkeringaområde til alle leilegheitsplan.
Oppvarming
Det blir balansert ventilasjon med gjenvinning i leilegheitene. Elles blir det basert på elektrisk oppvarming
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter B
Parkering/bod
Alle leilegheiter får ein parkeringsplass. Sportsbod ved parkeringsplass følgjer også med.
Byggjemåte
Ytterveggar, tak, vindu, golv/etasjeskille og alle andre bygningstekniske løysingar ligg innanfor gjeldande krav til tettheit, energi, brannskille/lydskille og bygningsfysikk. Reglar og preaksepterte løysingar i TEK10 vert følgd fullt ut etter dagens krav og standard.
Tomt
Tomt blir opparbeida med beplanting, gjesteparkering og handicap plass.
Veg, vatn, kloakk
Bygget blir tilkopla kommunal veg, vatn og kloakk via sameiget sine private stikkledningar.
Eigarform tomt og areal
Areal: 881 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigarform bustad
Eigarseksjon:
Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 11 seksjonar i sameiget fordelt på 11 bustadseksjonar.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Eid kommune
Vedtekter
Det er utarbeidd forslag til vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 1.000,- - 1.500,- pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
For at sameiget skal få ein god start er det bestemt at kvar seksjon skal innbetale kr 3.000,- ved overtaking til sameiget.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Faste kostnader
Set inn tekst-tekst manglar
Kommunale avgifter
Det vil tilkomme kommunaleavgifter etter kommunen sine gjeldande satsar.
Det vil tilkomme kommunale avgifter med eigedomsskatt, renovasjon til NoMil. Dette etter kommunen sine gjeldande satsar.
Eigedomsskatt
Det går to år frå det er gjeve ferdigattest og bustaden blir registrert på likninga til den enkelte eigar, til dette vert grunnlag for eigedomsskatt.
Formueverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Ferdigstilling
Forventa ferdigstilling er ca 12 mnd etter byggestart. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Betalingsplan
Ved forbrukarkjøp skal det innbetalast fullt oppgjer ved overtaking.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.

Avbestillingskostnader:
Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Ved ei eventuell avbestilling betalar kjøpar etter bustadoppføringslova § 54 eit avbestillingsgebyr på kr. 150 000,- i staden for erstatning etter §§ 52 eller 53.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Kvitvasking
Etter lov om kvitvasking og terrorfinansiering pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll ved å stadfeste identiteten til kunden, eventuelt reelle rettigheitshavarar, på bakgrunn av gyldig legitimasjon. Dersom slike kundetiltak ikkje let seg gjennomføre kan meklar ikkje etablere kundeforholdet eller utføre transaksjonen. På same måte pliktar meklar å gjennomføre kundekontroll på kjøpar.

Meklarføretaket har plikt til å melde ifrå til Økokrim om eigedomstransaksjonar som framstår som mistenkjelege. Slik melding vert sendt utan at partane vert varsla. Meklar kan også i enkelte tilfelle ha plikt til å stoppe gjennomføringa av handelen.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Servituttar/rettar
1966/1286-1/56 Erklæring/avtale
28.06.1966
IFLG. SKJØTE HAR KJØPEREN IKKE RETT TIL Å DRIVE HOTELL-
ELLER KAFEVIRKSOMHET PÅ EIENDOMMEN.
1966/1286-2/56 Erklæring/avtale
28.06.1966
Forbud mot visse former for næringsvirksomhet.
Overført fra gnr 45 bnr 102
Gjelder denne registerenheten med flere
1973/2196-2/56 Erklæring/avtale
22.06.1973
Grensegangssak
1992/4215-1/56 Rettighet
20.11.1992
Rettighetshaver:Nor Fy As
Org.nr: 932202956
LEIE AV NÆRINGSLOKALE
LEIEAREAL:265 M2 FORRETNINGSLOKALE I 1. ETASJE
222 M2 FORRETNINGSLOKALE I 2. ETASJE
190 M2 LAGERLOKALE I 3. ETASJE.
LEIEAVTALEN KAN IKKE SLETTES/UTLØPE UTEN SAMTYKKE FRA
DISTRIKTENES UTBYGGINGSFOND.
SAMT ANDEL I FELLESAREAL.
ÅRLIG LEIE KR.247.600.-.
BESTEMMELSER OM REG. AV LEIEN.
LEIETID 5 ÅR FRA 01.09.1992.
BESTEMMELSER OM FORLENGELSE.
FORBUD MOT NÆRMERE BESTEMT NÆRINGSVIRKSOMHET.
KAN OVERDRAS/FREMLEIES UTEN SAMTYKKE FRA HJEMMELSHAVER
UTLEIER PÅ NÆRMERE FASTSATTE BETINGELSER.
BESTEMMELSE OM FORKJØPSRETT HVIS UTLEIER -OSCAR GJERDE
& CO ANS - ØNSKER Å SELGE SIN IDEELLE ANDEL.

2011/17829-1/200 ** Diverse påtegning
10.01.2011
gjelder: RETTIGHET 1992/4215-1/56
Bestemmelse om at avtalen ikke kan slettes uten samtykke fra Distriktenes Utbyggingsfond bortfaller

1994/11-1/56 Rettighet
03.01.1994
Rettighetshaver:Englund M Wedvik As
Org.nr: 946762830
LEIEAVTALE
Leie av 2. etasje av nordlig del av forretningsbygg.
Leietid 10 år. Bestemmelse om forlengelse.
Rett til framleie og pantsettelse.
Med flere bestemmelser.
1994/5700-1/56 Leieavtale
22.12.1994
leietid: 5 År
fra dato: 01.08.1994
leie: 1.917 Pr. Måned
Rettighetshaver:Vefring Tor Åge
Fnr: 050973
54 m2 i 2. etg. mot øst + andel i fellesareal.
Rett til pantsettelse.
Bestemmelser om forlengelse
Kan ikke framleies uten samtykke av
hjemmelshaver/utleier
Kan overdras uten samtykke av
hjemmelshaver/utleier
Med flere bestemmelser
Regulering
Eigedommen ligg i område regulert for kontor/forretning. Entreprenør tar difor forbehold om dispensasjon.
Atterhald
Det vert teke atterhald om:
- nok antal, 70%, selde leilegheiter til utgangen av september for å kunne setje igang bygging. Salsperioden er satt til 1.10.2018.
- avvik frå teikningar og montasjar kan forekomme.
- rivings- og igangsetjingstillating frå Eid kommune.
- det gjevast dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan.
- Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
- Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
- Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ krarakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Eigedom
EnglundTunet
6770 Nordfjordeid
Bodgjeving
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 51 m2
til 62 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
EnglundTunet
Nordfjordeid
Pris frå 2075000
til 2590000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 51 m2
til 62 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet