TO LEILEGHEITER LEDIG! 5 Romslege leilegheiter under bygging i Eid sentrum. Ta kontakt idag for å sikre deg ei flott sentrumsleilegheit!

Vis i kart
Skala Eigedom
Nordfjordeid
Pris frå 4290000
til 4420000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

TO LEILEGHEITER LEDIG! 5 Romslege leilegheiter under bygging i Eid sentrum. Ta kontakt idag for å sikre deg ei flott sentrumsleilegheit!

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Skala leilegheit 1 2 90 94 m2 Seld
Skala leilegheit 2 3 113 118 m2 4290000
Skala leileghiet 3 2 116 120 m2 4420000
Skala leilegheit 5 3 135 142 m2 Seld
Det er mange fordelar ved å kjøpe nyoppført bustad. Vi kan mellom anna nemne:
- fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
- ein får vere med å gjere eigne val i samråd med utbyggar.
- ein set sjølv første stiften/skrua i veggen.

Her er det planlagt fem større leilegheiter med særs flott og god standard. Fire er ledige.
Det er i alt femleilegheiter av varierande storleik som er under bygging. i tillegg er det forretning i underetasjen.
Kjøkken
Kjøkken frå Espe blir lyst og funksjonelt. Det er åpen løysing mot stove - sosialt og triveleg i matlaginga.
Kjøkkeninnredning frå Espe trevare med hvite glatte fronter med stålhåndtak. Benkeplate i laminat. Egen kjøkkentegning for den enkelte leilighet vil bli utarbeidet og overlevert i forbindelse med tilvalg. Enkelte endringer i kjøkkenløsning kan komme i forbindelse med detaljprosjektering. Det blir levert innbyggingsovn, platetopp, kjøl/fryseskap, oppvaskmaskin og ventilator, her blir det levert frå Siemens eller tilsvarande leverandør.

Bad og vaskerom
Det er planlagt med kvite/grå keramiske fliser på golv og vegg, det blir stilreint og flott. Baderomsinnredninga blir tilpassa kvart bad og leverast frå anerkjent leverandør. Det leveres 90x90 cm dusjvegger som kan slåast inn, enkelt og greitt. Det vil leverast med lyslist med stikk over speil. Toalett blir vegghengt. Alt av sanitærutstyr leverast i kvit farge.
Det er avsatt plass for vaskemaskin på vaskerom. Her blir det våtromsplater på vegg og flis i samme stil som på bad på golv.

Soverom
Det er planlagt med gode soverom i alle leilegheiter, det blir laminat på golv og sparkla og mala gipsplater på vegg.
Garderobeskap med hvite, glatte fronter med stålhåndtak er standard, her blir det 1 m skap pr. seng.

Veranda
Inntrukne, skjerma terrasser - perfekte for heile familien. Det blir vedlikehaldsfri platting som står i stil med utvendig tak og veggar.

Tak
Innvendig tak består generelt gipshimling, sparkla og malt.


Innvendige dører
Kompakte hvitlakkerte innerdører med stålvridere.


Heis
Heis går direkte frå parkeringsområde til kvart leilegheitsplan. I tillegg er det trappesjakt som også går til kvart plan.
Det blir golvvarme frå Fjordvarme, balansert ventilasjon med varmegjenvinning. Elles er det basert på elektrisk oppvarming.
Parkering er planlagt ved inngang til bygget. Herfrå går det heis til kvart leilegheitsplan.
Det er bod innvendig i alle leilegheiter. Nokre av leilegheitene har også bod på inntrukket veranda.
Det er svært enkel adkomst til Skala Sameige.
Tomta er sjølveigande og felles for heile sameiget. Den har eit areal på ca og vert ikkje opparbeidd frå utbyggar si side utover slik det ser ut idag.
Utomhusplan
Leilegheitene blir bygd i eksisterane betongbygg.
Eigedommen har privat til offentleg veg, vatn og kloakk via sameiget sine private stikkledningar.
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 1.000,- - 1.500,- pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.

Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Forventa ferdigstilling er vår 2018. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om eventuelle mistenkjelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.
1973/2296-1/56 Jordskifte
22.06.1973
Grensegangssak

Grunndata
1963/2033-1/56 Registrering av grunn
05.11.1963
Denne matrikkelenhet opprettet fra:Knr: 1443 Gnr: 45 Bnr: 1

1973/3094-1/56 Registrering av grunn
07.09.1973
Utskilt fra denne matrikkelenhet:Knr: 1443 Gnr: 45 Bnr: 133

1975/990004-1/56 Sammenslått med denne matrikkelenhet:
01.01.1975
gnr. 45 bnr. 130 og 134.
(Tgl.dato er ikke korrekt).

2008/890370-1/200 Grensejustering
03.11.2008
Gjelder denne registerenheten med flere
Eigedommen er regulert for forretning og kontor. Det er gjeve dispensasjon frå kommunen for igangsetjing.
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
Bankgata 3
6770 Nordfjordeid
Areal: 1 058 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigarseksjon:
Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Leilegheitsbygget ligg i Eid sentrum med gangavstand til alt av fasilitetar. Barnehagar, barne-, ungdoms- og vidaregåandeskule i tillegg til handelshus og butikkar er kort veg unna. Opera Nordfjord, ridesenter, idretts- og svømmehall er innan gåavstand.
Det er nydelig turområde både til fots, sykkel eller båt. Her er det berre ein sjølve som set grensene.

Frå leilegheita er det berre å ta heisen ned og spasere til sosiale og trivelege stunder med gode vener i hyggelige Eidsgata eller ein av fleire parkar.
10% ved underteikning av kontrakt
90 % ved overtaking
Det vil tilkomme kommunale avgifter etter kommunen sine gjeldande takstar.
Det går to år frå det er gjeve ferdigattest og bustaden blir registrert på likninga til den enkelte eigar, til dette vert grunnlag for eigedomsskatt.
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 6 seksjonar i sameiget fordelt på 5 bustadseksjonar.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Eid kommune
Straum og nettleige etter eige forbruk og avtale. Innbuforsikring etter avtale med bank.
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ krarakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
Seljar leverer ikkje; innreiingar, lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anne tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga.
Seljar tek atterhald om å heve kontrakten dersom kjøpar er i vesentleg misleghald, sjølv om kjøpar har fått overteke bruken av bustaden og/eller skøytet er tinglyst før kjøpar har oppfylt sine plikter etter kjøpekontrakten.
Ved besøk på byggjeplass før overtaking skal kundar alltid vere i følgje med ein representant for seljar. All anna ferdsel på byggjeplassen i anleggsperioden er med høg grad av risiko og er forbudt.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 113 m2
til 116 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Skala Eigedom
Nordfjordeid
Pris frå 4290000
til 4420000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 113 m2
til 116 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet