Flott hytte med god standard og fantastisk utsikt. Båtfeste ved Dalavatnet. NB! NY PRIS

Vis i kart
Torstad
Sogndal
Prisant. 2490000
Soverom 4
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott hytte med god standard og fantastisk utsikt. Båtfeste ved Dalavatnet. NB! NY PRIS

Torstad
6856 Sogndal
Hytta ligg i Sogndalsdalen i Torstad Hyttefelt ca 1 km frå fremste enden av Dalavatnet og 450 moh. Avstand til regionsenteret er ca 20 km. Området ligg sørvendt og fint til med utsikt. Kort avstand til skianlegg og fint turterreng både sommar og vinter. Eigedommen har båtfeste ved Dalavatnet.
Stor og romsleg hytte som er oppført med tradisjonell og god hyttestandard.
Hytta er på 2 plan og inneheld følgjande:
1.etasje: Vindfang, 2 soverom, stove, kjøken med utgang til romsleg terrasse med flott utsikt, bad, vaskerom og utvendig bod.
Loft: loftsstove og 2 soverom.

Hytta inneheld også sentralstøvsugar og det er opplagt el.kurs for boblekar ute.

Bord og stolar på kjøkenet vil følgja med i handelen. Sofaen i stova vil og følgja med. Seng og ekstraseng på soverom nede føl med. Komodane på soveromma oppe vil følgja med.
Hytta ber preg av lite bruk, derav lite slitasje både utvendig og innvendig.
Vindfanget har flis og varmekabel i golv, panel på veggar og i himling. Det er mulegheit for oppbevaring i rommet.
Flott og romsleg stove med god takhøgd og flott utsikt over Dalavatnet. I stova er det montert vedomn og plass til sittegruppe.
Kjøkenet er av god størrelse med lyse møbelfrontar og god skåpplass. Kvitevarene er innebyggd. På kjøken er det plass til etegruppe og utgang til stor terrasse med flott utsikt. Badet er innreia med dusjkabinett, toalett og servant med underskåp. Det er flis og varmekabel i golv og panel på veggar og i himling. Vaskerommet er innreia med utslagsvask, varmtvassberedar og sentralstøvsugar. Det er nytta flis på golv og panel i himling og på vegg.
Etasjen har 2 soverom av ulik størrelse og ei utvendig bod.

2.etasje inneheld 2 soverom innreia med komode og ei loftsstove.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising føl med i salet. Vaskemaskin og skap føl med i salet. Tuner til TV føl ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Bygningen er oppført på grusmassar ein naturleg finn i området. Ringmur av element og golv på grunn med oppforing.
Plassbygd isolert bindingsverk med utvendig vindtetting og værhud av trekledning. Hytta har 2 -lags vindauge i trekarm.
Saltakkonstruksjon tekka med metallplater og takoverbygg ved inngang.

Utvendig er det dels overbygd uteplass ved stove.
Innvendig er det nytta flis på golv i våtrom og i gang, ellers er det nytta furugolv. På veggar er det nytta panel på vegg og i himling. Innvendig trapp og dører er av furu. Del av overflater er handsama med pigmentert lakk/beis.
Hytta har skjult teknisk anlegg, røyr-i-røyr og avlaupsrøyr av plast.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 13.09.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 94 kvm, Bruksareal: 97 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 79 kvm
2.Etasje:18 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering på gruslagd tun. Det er også tilrettelagt for parkering nede ved hovedveg for hytteeigarane
Areal: 751 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta og området rundt hytta er dels planert og oppgrusa. Rundt hytta er der romsleg uteplass av tre.
Eigedomen er uregulert. Hytta ligg innanfor område som er avsett til fritidsbebyggelse i kommunens arealsdelsplan. Hyttene lenger nede i feltet er omfatta av reguleringsplan for Torstad Hyttefelt.
- Vassforsyning frå felles anlegg med borebrønn.
- Avløp til felles reinseanlegg.
- Avkøyring frå fylkesveg med felles privat veg fram til hytta. Utgifter til del av felles kostnadar med drift av vatn/avløpsanlegg og vedlikehald av veg. Straumforbruk til drift av reinseanlegg som går med minusmålar på denne eigedomen fordelast på eigedomane i feltet.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D
Felles privat veg fram til hytta. Kontakt meklar for vegbeskriving, eller sjå Finn.no for kart.
- Elektrisk
- Vedomn
- Varmekablar i vindfang, på badet og på vaskerom..
Kr. 7 627 pr. år
Kommunale avgitfer inkluderar eigedomsskatt og SIMAS.
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme og tappevatn etter forbruk.
Forsikring og innbuforsikring pr år. kr 3 100,-
Brøyting, strøing, ettersyn av pumpehus pr år kr 4 200,-
Varmekabel i vannledning, kun til bruk ved ekstreme forhold. Dei fem øverste hyttene deler på utgifta. pr år 300,-
Strøm til pumpehus for vassforsyning pr år ca 800,-
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som sekundærbustad kr 893 834 pr 31.12.2015
Det føreligg ferdigattest frå Sogndal kommune datert 16.04.2008. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Hytta er seld med eigarskifteforsikring.
Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 94 m2
Bruksareal ? 97 m2
Rom 5
Byggeår 2008
Tomte­areal 751 m2
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Torstad
Sogndal
Prisant. 2490000
Soverom 4
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 94 m2
Bruksareal ? 97 m2
Rom 5
Byggeår 2008
Tomte­areal 751 m2
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet