Storåsen Sør - lettstelte og praktiske leilegheiter tett på naturen.

Vis i kart
Kinnvegen
Florø
Pris frå 2800000
til 3300000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Storåsen Sør - lettstelte og praktiske leilegheiter tett på naturen.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Storåsen Sør 2 4 68.4 71.6 m2 2800000
Storåsen Sør 1 4 66.4 70.2 m2 2850000
Storåsen Sør 2 4 69.7 73.5 m2 3000000
Storåsen Sør 2 3 87.3 90.5 m2 3300000
Storåsen Sør 2 3 68.4 71.6 m2 2700000
Storåsen Sør 2 2 87.3 90.5 m2 3150000
Storåsen Sør 1 2 66.4 70.2 m2 2600000
Det nærmar seg byggjestart! Vi har framleis attraktive og prisgunstige leilegheiter ledige. Kontakt meklar for gjennomgang.
Byggesteget består av 20 leilegheiter fordelt på 4 etasjer med parkering i felles garasjeanlegg. Tilkomst til leilegheitene via heis/trapp. Alle leilegheitene har eigne balkongar.
Tomta er sørvendt og solrik, med Storåsen som nærmaste nabo. Her er det rikt utval av turstiar, også med lys. Den nyopna Soldalen besøksgard ligg like ved. På garden er det moglegheit for gode opplevingar for liten og stor.
Det flotte friluftsområde og badestranda på Sørstrand ligg berre kort gangavstand unna. Det er barnehage i nærområde, og til sentrum er det ca. 1,5 km.
Stadig fleire av oss ønskjer å bu enklere. Vi ønskjer å bruke mindre tid på maling, plenklipping og anna vedlikehald.
Storåsen Sør ønskjer deg velkommen til eit enklere liv der du i tillegg bur tett på naturen.

Er du tidleg ute kan du sjølv vere med å velje ut dei innvendige kvalitetane som skal omgje deg når du flyttar inn.

Prosjektet er planlagt over 5 byggersteg. Første byggesteg er denne blokka mot aust.
Det er satt av store uteopphaldsareal i prosjektet. Desse vert opparbeidd med m.a. ballbinge med kunstgras og sykkelbane.

Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard. Det kan nemnast vassboren varme på kjøkken stove og gang. Varmekablar på bad.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt vi nemner blant anna:
- Låg dokumentavgift.ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen.
- Fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum.
- Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-10).
- Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit i samråd med seljar. Tilpass leilegheita etter ditt behov
- Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid
- Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald
- Du set sjølv første stiften/skrua i veggen.
Bustadblokka er på 4 etasjer med totalt 20 leilegheiter. Det er 5 ulike leilegheiter pr. etasje. Alle etasjane er like.
Det vert vist til romskjema for generell behandling av innvendige overflater, samt standard produktbeskriving.
Det er slette veggar på alle rom unntatt bad. Standard farge på veggar er kvit. Kjøper blir tilskreve for mogleg endring av fargar. Ein farge pr. rom er inkludert i leveransen. Det er baderomsplater på veggar på bad.
Som standard golv i alle oppholdsrom (eksklusiv bad, vaskerom og bod) leverast Kährs prosjekt parkett i eik natur.
Det vert levert fliser på golv bad. På vaskerom og bod vert det golvbelegg i gråtone. Kjøpar blir tilskreve for moglege endringar mot tillegg i pris.

Kjøkken
Kjøkkeninnreiing er teikna for kvar enkelt leilighet og leverast av Norema, HTH,Sigdal eller tilsvarande. Alle skuffer og skåp har demping. Overskåp med høgde 2100mm "format kvit" eller tilsvarande. Endeleg kjøkkenteikning vil bli utteikna av leverandør og i denne prosessen kan det skje ei omfordeling av dei enkelte kjøkkenkomponentane. Eiga kjøkkenteikning for den enkelte leilighet vil bli utarbeidd og overlevert på tilvalsmøtet med kvar enkelt bustadkjøpar.

Garderobe
Kvite skap leverast på soverom i hht. teikning. Skåp med slagdører, høgde 2100mm og 1m skapbredde pr soveplass. Det vert ikkje levert skåp i gang/entrè.

Bad
Badet har flislagt golv. Som standard vert det levert flisar av type Bellingen, størrelse 20x20cm på gulv. Grå fliser farge "Charcoal". Grå fuger. Ferdig behandla veggplate på vegg. Innreiing vert levert med 1000 mm baderomsmøbel med heildekkande servant og speil med ledlys over. (A-Collection). A-Collection bua hjørnedusj med dusjsett og dusjbatteri. Vidare vert det levert 1 stk vegghengt klosett i kvit porselen med propensete.

Vaskerom/bod
Det vert levert 1 blandebatteri med eiga kran for vaskemaskin, 1 stk avlaup med trakt for vaskemaskin, Varmt vann frå bereder eller felles anlegg. 1 stk utslagsvask/skyllekar i rustfritt stål.

Listverk/foringer
Foringar og lister leverast kvitmalt. Synlege spikerhoder. Andre lister enn standard leverast mot pristillegg. Taklist mellom overgang tak/vegg. Golvlist 12x58 glatt, kvit trelist. Vindu/dørlist 12x58 glatt,kvit trelist. Vindusforingar i trevegg tilpassast, kvit.

Innvendige dører
Innvendige dører leverast kvitmalte, slette av typen Swedoor med beslag/vrider. Kvitmalte karmer.

Ventilasjon
Det leverast balansert ventilasjon etter TEK 10, med varmegjenvinning i alle leilegheter.

Elektrisk
Kvar leilighet vert installert etter NEK400:2014.
Fellesannlegg som omfattar alle felles installasjonar i trapper og felles trafikkareal samt felles uteareal. Fellesmålar er plassert i teknisk rom. Det monterast fordelingskåp i kvar leilighet. Alle rom får stikkontakt og lampepunkt som dekkar eit normalbehov.
Det vert felles parabolannlegg og fiber frå Enivest. Abonnement må tegnes av den enkelte bebuar. Alle stikkontaktar, untatt komfyr, leverast doble. Elektrisk annlegg leverast skjult i leileghetene. (ikkje skjult i kjelleranlegg og på åpne betongveggar.) Plassering av EL. punkt ihht NEK 400:2014.
Følgande inngår i standard leveranse: Sikringsskap med jordfeilautomater. Varmekabler til bad.
Det vert montert nødlysanlegg for rømningsvegar i fellesareal.

Diverse utstyr
Røykvarslere (serikobla) og sprinkelannlegg leveres ihht. Brannrapport. Brannalarmannlegg klasse 2, risiko klasse 4. Alle boliger skal utstyres med eit 6 kg brannslukkingsapparat. I tillegg utstyres felles garasje og bodareal ihht brannrapport.
Varmekablar på bad. Vannboren golvvarme i kjøkken, stove og gang.
Alle leilighetene får ein parkeringsplass i parkeringskjellar. Garasjeanlegget forutsettes å være kaldt. Avløp fra overliggande boliger og andre installasjoner frostsikres.Eit begrensa antall ekstra plassar vert lagt ut for sal etter "første mann til mølla" prinsippet. Det vert avsatt plassar til handicapparkering i parkeringsanlegget.
Utvendig gjesteparkering.

Utvendige sportsboder
Det blir ei sportsbod til alle leilighetene på ca 5 m² i tilknytning til garasjeanlegget eller ved inngangsparti/leilighet. Bodene vert levert med gitter veggar og har dører som kan låsast.
Tilkomst til bustadane anten via heis eller innvendig trapp.
Bygningane fundamenterast på undersprengt fjell/fylling. Golv på grunn byggast med avretta armert betong på drenerande fukt-og varmeisolert underlag. Gulv i parkeringskjellar asfalterast på drenerande masser, golvet annordnast med fall mot yttervegg
Bygningen vert utført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskille utførast i betong. Eventuelle ståldragarar/stålsøyler for understøtting av etasjeskillere. Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong i henhold til forskrifter. Enkelte andre veggar har overflate i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt.
Takkonstruksjon blir sperretak eller betongdekke i henhold til teikning. Taket dimensjonerast i henhold til Norsk standard.
Fasaden består av kledning med glatte betongplater, pussede overflater, trekledning og cembrit plater eller tilsvarende.
Balkonggolv/terasse: Bærekonstruksjonen leverast som tre, betong eller stål. Søyler og dragere av stål eller betong. Golv i betong.
Balkongar er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil difor kunne oppstå på overflater og i renner etter regnver.
Innvendige veggar vert levert som bindingsverk med varierande tjukkleik og med stenderar i tre eller stål. Veggane vert kledd med ferdigmåla slette plater, og alle innerveggar er isolert. Standard farge i alle rom er kvit.
Røyrføringar vil bli skjult bak innkassingar og som heilt eller delvis nedfora platehimlingar, fortrinnsvis i entrè, bod, bad og over kjøkkenskap. Nemnde konstruksjonar vil bli overflatebehandla som ein del av overflata der konstruksjonen blir montert. Innkassingar er ikkje vist på prospektteikningar.

Vindauge
Aluminiumsbelagte vindauge leverast ihht. tegning. Det leveres superenergiglass med argon, u-verdi i henhold til TEK- 10. Innvendige karmar/foringer leveres kvitmalt. Vinduer fuges mot puss, fores og listes i trevegger. Utvendig beslag i lakkert/plastbelagt stål, standard farge.
På grunn av gode isolasjonsegenskaper kan det under visse værforhold oppstå dugg på vindaugets ytterside.

Utvendige dører
Inngangsdør til leilighet utstyres med sylinderlås og vrider, FG godkjent. Isolert dør type Sweedor eller tilsvarande. Fuges inn/listes. Hovedinngangsdør i blokk blir i stål eller aluminium ihht. Brannrapport. Balkong/terassedør blir isolert dør, aluminiumsbelagt med energiglass ihht. TEK-10. 3. punkts beslag.

Utrustning forøvrig
Garasjeport: Leddheisport i nedkjørsel til garasje, med utvendig nøkkel/kode lås og innvendig snortrekk eller tilsvarande system. Port leveres forberedt for fjernstyring. Fjernstyring kan bestilles hos portlverandør for kvar husstand mot eit tillegg i prisen.

Låsesystem: Hovudinngang, inngang til kvar enkelt leilighet og adkomst til heis/trappesoner er utstyrt med lås med nøklar i system. Boder leveres uten lås. Tekniske rom har eigen nøkkelvariant i systemet. Avfallsrom har lås som til hovudinngang.

Teknisk rom
Teknisk rom kan avvike på storleik iht. teikning på salsprospekt, då prosjektering av utstyr som skal monterast i dette rommet ikkje er klart i salsfasen.

Porttelefon
Det vert montert ringetablå ved hovudinngangsparti og callinganlegg med automatisk låsopnar i kvar leilighet.

Takrenner/nedløp
Takrenner, bordtakbeslag og nedløp leveres i aluminium.

Postkasser
Det vil bli montert eige postkassestativ for heile boligfeltet ved innkjørsel.

Avfallshåndtering
Det planleggast eige avfallshus, som vist på teikning.
Oppvarmingskarakter Grønn - Energikarakter B
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering.
Prosjektet er planlagt med tilsaman 96 seksjonar fordelt på 6 bustadblokker. Første byggjesteget på 20 seksjonar.

Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Flora kommune

Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige. Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 25 - 35 pr. kvm. pr. mnd.
Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Forventa byggjetid er ca. 18 mnd. etter oppstart grunnarbeid. Overtakingsmånad vil bli varsla kjøpar innan oppstart betongarbeid. Kjøpar aksepterer at endeleg overtakingsdato vil bli varsla kjøpar seinast 6 veker før overlevering.
Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling.
Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Innan 1 mnd etter overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.

Ferdigstilling og overlevering av bustadene til bustadkjøparane vil kunne skje trinnvis. Delar av utomhusanlegget vil først bli ferdigstilt saman med dei bustadene som vert ferdigstilt sist. Med dette må interessentar rekne med at det vert byggje- og anleggsaktivitet innanfor det regulerte området med naturlege konsekvensar av dette i ei tid etter at ein har teke over bustaden.
Handelen vert regulert og gjennomførast etter bustadoppføringslova. Kontraktar vil bli utforma i samsvar med bustadoppføringslova og føresetnadene ved kjøpet. Det blir ikkje nytta NS/NBR kontrakt, men kontraktsmal utarbeidd av NEF. Med mindre anna er avtala før aksept, vert det forutsett at eigedomen skal overskøytast til kjøpar.
Entreprenøren skal stille garanti til forbrukar for oppfylling av avtalen. Denne skal stillast straks etter avtaleinngåinga, jamfør bustadoppføringslova §12. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til. Dersom entreprenøren ikkje stiller garanti rettidig kan forbrukaren gi entreprenøren eit skriftleg varsel med ein frist på minst ti virkedagar til å rette forholdet. Har entreprenøren heller ikkje innan denne fristen dokumentert at det er stilt garanti i samsvar med slutningane her, har forbrukaren rett til å heve avtalen. Garantien skal gjelde fram til fem år etter overtaking. Garantien skal tilsvare minst 3% av kjøpesummen fram til overtaking, og minst 5% etter overtaking. Endringsarbeid/tilleggsbestillingar/tilval vil ikkje påvirke storleiken på seljar sin garanti/sikkerheit.

Ved avtale om forskotsbetaling skal seljar i tillegg stille forskotsgaranti etter bustadoppføringslova §47. Det innbetalte beløpet tilhøyrer kjøpar, og kan ikkje frigjevast til seljar inntil det anten er stilt forskotsgaranti etter §47 eller kjøpar har fått tinglyst heimel til eigedomen.
Ved overtaking mot mellombels bruksløyve eller forseinka heimelsovergang som følgje av seksjonering av eigedomen tek seljar atterhald om å kunne stille §47 garanti som sikkerheit for slike forhold. Mot slik sikkerheit kan seljar disponere heile kjøpesummen etter overtaking av eigedomen.
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.
Kinnvegen
6900 Florø
Areal: ca. 21 598 kvm, Eigarform: Fellestomt i sameige
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.

Areala som er oppgjeve i prospektet er bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert P-rom oppgjeve, som er nettoarealet av rom berekna for varig opphald inkludert innvendige deleveggar. P-rom består generelt av: stove, kjøkken, soverom, bad/wc/vaskerom og gang/entrè. Sekundære rom består generelt av: innvendig bod, evt. teknisk rom.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
10% ved underteikning av kontrakt
40 % ved ferdig betong
40 % ved ferdig behandla veggoverflater
10% ved overtaking
Kvart husvære må rekne med kommunale avgifter utfrå arealklasse på bustaden. Desse vert fastsett ved overtaking av bustad. Oversikt over gebyrregulativet for 2017 kan sjåast på www.flora.kommune.no
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt dei 3 første åra.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Det vert utarbeidd vedtekter for sameige.
Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Byggjestart er avhengig av at 16 av 20 leilegheiter vert selde.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 66 m2
til 87 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Kinnvegen
Florø
Pris frå 2800000
til 3300000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 66 m2
til 87 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet