13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum. 5 selde.

Vis i kart
Øyagata 24
Gaupne
Pris frå 2490000
til 3590000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum. 5 selde.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum. 4 selde. 2 2 72 77 m2 Seld
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum. 3 selde. 2 3 73 78 m2 2590000
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum 2 3 72 77 m2 Seld
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum 2 3 73 78 m2 Seld
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum 3 3 89 94 m2 3590000
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum 3 2 89 94 m2 3490000
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum 2 3 72 77 m2 Seld
13 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i sentrum 2 1 79 84 m2 3190000
Prosjektet
Beliggande sentralt i Gaupne sentrum har me gleda av å presentere 13 romslege sjølveigarleilegheiter med høg standard. Prosjektet er planlagt på tomta til det gamle "sion"-bygget. Ei solrik og vestvendt tomt med fritt utsyn til i alle retningar. Her kan ein velje i 3- og 4-roms leilegheiter frå 76 kvm til 116 kvm. Utomhus blir det lagt opp til flott grøntområde og eige stort parkareal.

Då leilegheitene ligg i sentrum er det gangavstand til fasilitetar som pub, daglegvarebutikk, kafe, offentleg kommunikasjon, kommunehus, lege m.m.

Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med høg standard i moderne tidsriktige fargar. Alle stover blir i opa løysing med kjøkken og vil ha eit areal frå 33 til 38 kvm.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt vi nemner blant anna:
- Låg dokumentavgift.
- Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17).
- Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit i samråd med seljar. Tilpass leilegheita etter ditt behov.
- Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid
- Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald

Grip sjansen og sikre deg draumeleilegheita før det er for seint!

Last ned salsoppgåva for utfyllande informasjon om prosjektet, eller ta kontakt med meklar.
Innhald
Romslege 3- og 4-roms sjølveigarleilegheiter på eit plan.
8 av leilegheitene har 2 parkeringsplassar i parkeringshus. 5 av leilegheitene har ein parkeringsplass ute.
Kvar leilegheit har si sportsbod.
Tilkomst via heis til kvar leilegheit.
Standard
Viser til eiga leveranseskildring for generell behandling av innvendig overflater, samt standard produktbeskriving.
Prosjektet er bygd etter TEK 17.

Kjøkkeninnreiing frå Sigdal med glatte frontar.
Bad blir levert av Linn Bad AS.
Garderobe vert levert av Sigdal eller tilsvarande leverandør/kvalitet.
Innvendige dører type Swedoor Easy kvit glatt, med kvite karmar og dørvridar i blank eller børsta stål. Snitt for dører 1,0 W/m2K.
Vindauge med energiglas av god kvalitet. Vindauge er av tre med utvendig aluminiumskledning
I alle rom med parkett/laminat vert det levert golvlister tilpassa golvtypen.
Taklister og alle gerikt rundt vindauge og dører vert levert i måla furulister, utføring med synlege stiftar.


Det vil bli montert balansert ventilasjon med lokalt aggregat plassert i bod i kvar leilegheit.
Kvar leilegheit vert installert etter NEK2014. Elektrisk anlegg ligg generelt skjult i leilegheitene
Det er med belysning i alle rom utført som takarmatur, med unntak stove. Lyspunkt i himling stove vert levert stikkontakt i tak/vegg, styrt av brytar.
Lysarmatur vert montert under overskåp på kjøkken. Leilegheitene vert utstyrt med komfyrvakt.
Alle rom får stikkontakt og lampepunkt i samsvar med gjeldande normer og forskrifter.
Det vert installert eige sikringsskåp i kvar leilegheit (bod) med automatsikringar. Straummålar er plassert i eige skåp i fellesareal/teknisk rom i lag med elektriske vern for kvar leilegheit. Dette er i tråd med gjeldande forskriftskrav.
Prefabrikkerte trapper.

Det blir installert heis i bygget.
Veg, vatn, kloakk
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 15-20 pr. kvm pr. mnd.

Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.

Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
Forventa ferdigstilling er 4. kvartal 2018. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Servituttar/rettar
1957/33-1/53 Jordskifte 05.01.1957 Gjelder denne registerenheten med flere

1957/1204-1/53 Jordskifte 16.12.1957 . Gjelder denne registerenheten med flere

1990/1006-1/53 Skjønn 14.03.1990 Avsagt 26.08.89, 3. sesjon Jostedalsvassdraget. Gjelder denne registerenheten med flere

2005/109091-4/200 ** Diverse påtegning 05.07.2005 Statkraft SF sine rettar transportert til Statkraft Energi AS 987059729
Regulering
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Privat eigen reguleringsplan for denne eigedomen. Arealformål: Boligbebyggelse - Konsentrert småhusbebyggelse.
Eigedom
Øyagata 24
6868 Gaupne
Eigarform tomt og areal
Areal: 1 811 kvm, Eierform: Fellestomt
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Betalingsplan
10% ved underteikning av kontrakt.
40% ved tett bygg
40% ved klart til maling.
10% ved overtaking
Kommunale avgifter


Vassavgift for bustader pr.år-2017
Storleik: 00 - 080 m2 = 100 m3 à kr. 16,50
Forbruksgebyr kr 1 650,-
Abonnementsgebyr kr 1 510,-
Sum årsavgift kr 3 160,-

Storleik 81 - 250 m2 = 150 m3 à kr. 16,50
Forbruksgebyr kr 2 475,-
Abbonementsgebyr kr 1 510,-
Sum årsavgift kr 3 985,-

Kolakkavgift for bustader pr.år- 2017
Storleik 00 - 080 m2 = 100 m3 à kr. 12,60
Forbruksgebyr kr 1 260,-
Abbonementsgebyr kr 1 350,-
Sum årsavgift kr 2 610,-

Storleik 81 - 250 m2 = 150 m3 à kr. 12,60
Forbruksgebyr kr 1 890,-
Abbonementsgebyr kr 1 350,-
Sum årsavgift kr 3 240,-
Eigedomsskatt
Nyoppførte bustader er friteke frå eigedomsskatt dei 2 første åra.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 13 seksjonar i sameiga.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Luster kommune
Faste kostnader
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme og tappevatn etter forbruk.
Innbuforsikring.
Fellesutgifter til sameiget.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Forsikring.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Atterhald
Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si sakshandsamings tid og eventuell justering i framdrift for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette.

Det kan førekomme avvik mellom byggespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som
gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.

Bustadane vert levert i byggereingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask før eigen innflytting.

Alle opplysningar i denne salsoppgåva er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan pris justering at seljar har rett til å føreta slike endringar. Døme på slike
endringar kan vere innkassing av tekniske anlegg, mindre endring av bustaden sitt areal eller liknande.

Seljar tek og atterhald om eventuell endring av tal eigarseksjonar i bygningane. Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart
bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag.

Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.

Seljar tek atterhald om å føreta justeringar i kontrakten som følgje av offentlege krav m.m. Vidare har seljar høve til å avvise bod frå interessentar som måtte motsetje seg å bruke eller krevje endringar i standard kjøpekontrakt. Skøyte vert tinglyst i kjøpar sitt namn. Dersom kjøpar ikkje ønskjer tinglysing av skøyte, må han ta atterhald om dette i mellombels kjøpsavtale/bod. Ved eventuell endring i eigarskap/namneendring frå kjøpar si side etter bod/aksept vil det tilkomme administrasjonskostnader til meklar på kr. 15.000,- inkl. mva som innbetalast til meklar sin driftskonto. Eventuell
endring krev utbyggjar sitt samtykke.

Seljar tek atterhald om retten til å gjere kredittvurdering av kjøpar. Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om evt. mistenkelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram gyldig legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.

Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransespesifikasjon og prospekt. Teikningar, bilete, animasjonar m.m. er av illustrativ karakter, og er i tillegg nedfotografert. Vi gjer merksam på at bilete og teikningar/3D teikningar i salsoppgåva er illustrasjonar, avvik kan førekomme
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 73 m2
til 89 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Øyagata 24
Gaupne
Pris frå 2490000
til 3590000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 73 m2
til 89 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet