Innhaldsrik del av tomannsbustad med stor garasje og fantastisk utsikt!

Vis i kart
Ulltangebakkane 36
Førde
Prisant. 3550000
Soverom 5
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Innhaldsrik del av tomannsbustad med stor garasje og fantastisk utsikt!

Ulltangebakkane 36
6815 Førde
Bustaden ligg fint til på Ulltang i Førde med fantastisk utsikt mot indre del av Førdefjorden og fjellheimen rundt.
Det er omlag 6 km til sentrum med godt dekkjande service- og tenestetilbod kva gjeld butikkar, serveringsstadar, helse og skule. Det går skulebuss til og frå feltet på Ulltang.
Bustadfeltet er veletablert og barnevenleg med leikeplass og ballbinge innan kort avstand. På sistnemnde vart det lagt nytt kunstgras i 2017.
Ulltang grendalag arrangerer mellom anna smalahovefestar, julegrantenning og jonsokfeiring.
Det er flotte turløyper like i nærleiken, til dømes Ulltangstøylen som ligg like ovanfor feltet. Her kan ein gå vidare til Fureviksnipa, ein fin tur for store og små. Vidare er ligg Kråkenesmarka og Blomlia innan rimeleg avstand, og byr på spennande tilbod innan motorsport og alpint..
Vertikaldelt tomannsbustad med stor, frittståande garasje.
Bustaden går over tre plan og har følgjande innhald:

Underetasje: vindfang, gang, tekniskrom/bod, vaskerom, bad og 2 soverom.
1.etasje: stove, kjøkken, soverom og toalett.
Loft: loftstove, 2 soverom, bod og oppbevaringskott.

Ved inngangspartiet finn du praktisk utvendig bod.
Garasjen vart oppført i 2010.
Innhaldsrik og velhalden bustad.
Flislag entrè med varmekablar og romsleg skyvedørsgarderobe.
På høgre hand finn du praktisk vaskerom som går vidare inn i bod/tekniskrom.
I enden av entrèen kjem du til gang med dør inn til bad på høgre side.
Badet er romsleg og har varmekablar, flislagd golv og dusjsone. I tillegg til dusj er det sett inn hjørnebadekar.
Til venstre i gangen finn du 2 soverom, begge av god storleik.
Opp trappa kjem du til luftig stove med kjøkken i delvis opa løysing.
Stova er romsleg med store vindauge som gir godt lysinnslepp og slepp den fantastiske utsikta inn i stova.
Vedovn gir varme og stemning, utgang til luftig veranda.
I bakkant finn du kjøkken med innreiing frå Norema, det er lagt flisar mellom benkeplate og overskåp.
Kjøkkenet er romsleg med god plass til spisegruppe, stor benkeflate og mykje skåpplass. Spottar i himling, utgang til veranden her også.
Tilbake ved trappa finn du toalett og soverom.
På loftet kjem du opp til romsleg loftstove med tilknytt oppbevaringskott. På høgre hand ligg 2 soverom, det eine med tilknytt bod som egnar seg godt til garderobe.
Oppvaskmaskin, komfyr og vaskemaskin følgjer med i salet. Kjøleskap og fryseskap følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Bustaden er oppført med grunnmur av betong med innvendig påforing og tilleggsisolering, unnteke utvendig bod.
Golv i underetasjen er av isolert betongplate på grunn. Etasjeskilje av isolerte trebjelkelag.
Ytterveggar av 6" isolert bindingsverk med utvendig kledning av liggande, ventilert trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av A-stolar med isolerte og ventilerte skråtak.
Taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 29.09.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 151 kvm, Bruksareal: 162 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: teknisk rom, boder og kott.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 69 kvm.
1.Etasje: 65 kvm.
Loft: 28 kvm.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
- Garasje
- På eigedomen
Areal: 631 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er opparbeidd med gruslagt tilkomstdekke og parkeringsareal i framkant. Natursteinsmur og hagemurar av betong, helleplattingar og hage med grøntareal og plantar. Flott utsikt mot Førdefjorden, Erdalsstranda og Førde sentrum frå tomt og terasse.
Eigedomen ligg i område der Reguleringsplan Ulltang, med plandid: 19910023, er gjeldande.
Reguleringsføremål: bustad.
Felles privat veg i byggjefeltet.
Eigedomen er tilknytt privat vassverk med private stikkledningar.
Eigedomen er tilknytt privat avlaupsanlegg med private stikkledningar.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Gruslagd tilkomstveg ledar opp til forhaldsvis flatt tun og overbygd inngangsparti.
- Vedovn
- Varmekablar
- Balansert ventilasjon med varmegjenvinnar
Kr. 5 250 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Eigedomen er fullverdiforsikra i Tryg med polisenummer: 3549386, årleg kostnad er kr 4021,-
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Årleg straumforbruk (Sunnfjord Energi): 20000 kwh.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Kostnader knytt til privat vatn og avlaup har utgjort kr 8030,- per år og vert fakturert kvartalsvis (kr 2007,5,- per kvartal)
Til Ulltang grendalag kan ein frivillig betale inn kr 250,- per år.
Likningsverdi som primærbustad kr 741 450 per 11.10.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 076 059 per 11.10.17
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpsum.
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 28.02.2003. Attesten ligg vedlag salsoppgåva.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 151 m2
Bruksareal ? 162 m2
Rom 7
Byggeår 2002
Tomte­areal 631 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Ulltangebakkane 36
Førde
Prisant. 3550000
Soverom 5
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 151 m2
Bruksareal ? 162 m2
Rom 7
Byggeår 2002
Tomte­areal 631 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet