Toppleilegheit i Bøahagen med fjordutsikt - Tre soverom, to bad, balkong og garasjeplass!

Vis i kart
Bøahagen leilighet nr 24
Stryn
Prisant. 4650000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Toppleilegheit i Bøahagen med fjordutsikt - Tre soverom, to bad, balkong og garasjeplass!

Prosjektet Bøahagen er planlagt med totalt 50 leilegheiter i to byggetrinn fordelt på totalt åtte bygningar. Første byggetrinn på austre del av tomta består av 25 leilegheiter fordelt på fire bygningar, andre byggetrinn på vestre del av tomta er planlagt identisk som første byggetrinn.

I Bøahagen er det lagt vekt på å skape eit fint uteområde som legg til rette for hyggelig sosialt samvær og uteleik for borna innanfor trygge rammer på sameiget sin eigen grunn. Det vert lagt vekt på universell utforming som skal gjere uteområdet tilgjengeleg for alle og være ein triveleg plass for både store og små. Uteområdet i midten av bygningane vil være bilfritt og skal opparbeidast med plen, heller, gangvegar, sitjegrupper og leikeapparat for dei minste. I sørvestre hjørnet av tomta skal det opparbeidast leikeplass for dei litt større borna med sandkasse, leikestativ og ein liten ballplass. På baksida av dei bakerste bygga er det frukthage, og det vil bli laga til gangveg og bru frå svalgang over til frukthagen.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nyoppført bustad. Lav dokumentavgift er ein klar fordel - ein betaler kun 2,5% dokumentavgift av andel av tomteverdi, ikkje av heile kjøpesummen. Alt er nytt og ingen har nytta leilegeita før - du sett sjølv første spikaren i veggen.
Leilegheita inneheld:

Stove/kjøkken i åpen løysing, tre soverom, to bad, bod og entrè. Frå stove/kjøkken er det utgang til overbygd balkong på 16 m2. I tillegg kjem garasjeplass og bod i u.etg. Det er heis frå u.etg til 3.etasje.
Leilegheita er under oppføring og vil ha normalt god standard ihht TEK 10. Under følg ei beskriving av standardleveranse, det er fortsatt muleg å gjere ein del tilval - tilvalsliste med prisar ligg ved i prospektet. (Nokre tilval er allereie gjort, ta kontakt for avklaring om kva tilval som fortsatt er muleg å gjere).

Overflater golv:
Trestavs 14 mm eikeparkett på golv i stove/kjøkken, soverom og entrè. Golvbelegg på bod/teknisk, og keramisk flis (20x20) på badet.

Overflater veggar:
I stove/kjøkken, soverom og entrè vert det måla gipsplater i lys farge. Måla veggplater på bod/teknisk, og keramisk flis på badet (30x60).

Overflater himling:
Slette himlingar av måla gips. Takhøgda for stove/kjøkken i toppleilegheitene går frå 240 cm og skråar oppover fram mot balkongen.

Kjøkken:
Kjøkkeninnreing med kvite laminerte slette frontar frå Norema som standard med grep i blank eller børsta utføring. Benkearmatur under overskåp. Laminat benkeplate, nedfelt stålvask med oppvaskbeslag, blandebatteri type Oras Safira med høg tut og avstenging for oppvaskmaskin. Det vert avsett plass og opplegg for oppvaskmaskin, kjøleskåp og komfyr - kvitevarer følg ikkje med. Kjøpar kan gjere endringar ang kjøkkeninnreiing etter avtale med kjøkkenleverandør, men elektriske installasjonar, vass- og avløpsrør kan ikkje flyttast på.

Bad:
Som standard vert det levert baderomsinnreiing med frontar i kvit høgglans frå Linn Bad, bredde 120 cm. Kvit Evermite heildekkande servant og Oras Safira ettgreps blandebatteri. Spegel over vask med alu.ramme og LED-belysning. Badet vert ellers utstyrt med vegghengt toalett type Laufen Pro N rimless med dempesete, dusjveggar og Oramix dusjbatteri med Apollo dusjgarnityr. Opplegg for vaskemaskin og tørketrommel (kondenstørketrommel) på badet.

Bod/teknisk:
Alle leilegheitene har eigen varmtvannsberedar plassert på teknisk rom/bod, ellers er rørleggerskåp, sikringskåp og ventilasjonsanlegg plassert her.

Balkong:
Balkong på 16 m2 med balkonggolv i prefabrikert betong, vert levert med påstøyp, naturleg grått. Rekkverk med glas.

Vindauge/terrasedører:
Vindauge og terrassedører vert levert ferdig kvitmåla frå fabrikk.

Ytterdør:
Ytterdør i måla utføring frå fabrikk, med FG-godkjent tryggleikslås.

Garderobe:
Kvite skåp med frontar i kvit glatt utføring. Det vert levert 1 meter skåp per sengeplass ihht til planteikning, handtak i blank eller børsta utføring. Det vert ikkje levert garderobeskåp i gang.

Innvendige dører:
Sletten kompakt kvite dører, kvite karmar og dørvridar i blank eller børsta utføring.

Listverk:
I rom med parkett vert det levert golvlister i lakkert utføring. Listefritt mellom vegg/tak i stove/kjøkken/entrè og på soveromma. Det vert også listefritt mot alle vindauger og ytterdører. Alle gerikt rundt vindauger og dører vert levert måla i same kvitfarge som vindauge og dører. Taklister vert levert i same farge som taket. Lister vert festa med synlege stiftar.

Elektrisk:
Skjult elektrisk anlegg. Elektriske installasjonar ihht NEK 400-2014.

Belysning:
LED downlights i stove/kjøkken/entrè. På badet er det spesial LED-belysning. Ellers er det taklampar type Nordesign Pan Cri 90 i øvrige rom.

TV/Internet:
Det vert tilrettelagt for tilkobling til fiber, kjøpar betaler sjølv tilknytningsavgift om ein vil nytte seg av fiber. Det vert levert to stk TV-uttak /eit i stove og eit på hovudsoverom) og det vert trekt rør for montering av antenne på balkong. Kjøpar velg sjølv om ein vil montere antenne eller få TV-signal via fiber. Det vert lagt opp to tome punkt for tilkopling til elmedisinsk utstyr.

Brannslokking:
Heile komplekset har brannsprinkling. Felles brannvarslingsanlegg med avstillingstablå i kvar leilegheit.
Vassbåren golvvarme tilkobla felles varmepumpe for kvart byggetrinn.
Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning, lokalt aggregat plassert i bod/teknisk i kvar leilegheit.
Alle leilegheitene vil få ein parkeringsplass i felles garasjeanlegg. I tillegg vert det nokre gjesteparkeringsplassar til fri disposisjon.
Alle leilegheitene får også ei sportsbod i felles garasjeanlegg med tette veggar og låsbar dør. Framlagt straum til lys og elektriske kontakter i boda.
Enkel tilkomst med privat felles veg fram til parkeringskjellar. Frå parkeringskjellar er det heis samt trapp til kvar etasje, frå heis/trappehus er det svalgang til inngangspartiet til leilegheitene.
Felles tomt for sameiget på totalt 8905 m2.
Bygget vert oppført ihht TEK10. Bygningane vert oppført med bærekonstruksjon i betong, betongelement og stål. Etasjeskille i betong eller betongelement. Fasadane vert bygde som isolerte stendarveggar og isolerte betongelement. Utvendig kledning i hovudsak av måla overflater eller trekledning. Innvendige veggar av trestendarar, kledd med gipsplater. Trapperom vert bygd i betong. Trapp og svalgangar vert levert i måla betong. Heis og trapp er felles for byggetrinn 1 og 2.
Frå kommunal veg er det tilkomst med privat veg med tinglyst vegrett. Vatn og avløp tilkobla kommunalt anlegg via private felles stikkleidningar og septiktankar.
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnadene vil normalt bestå av mellom anna forsikring av sameiget sine bygningar, straum til fellesareal, fellesinstallasjonar, felles varmepumpe, serviceavtale heis, vaktmestertjenester, snømåking, forretningsfører, revisor og andre driftskostnader. Fellesutgiftene er av erfaringsmessige tal estimert til kr. 1500-2000,- pr mnd for leilegheit nr 24. Dei endelege felleskostnadene vert fastsett av sameigarane i fellesskap etter overtakinga.

Det skal det innbetalast àkonto kr. 50,- per m2 BRA til sameiget for likviditet i oppstartsfasen, for leilegheit nr 24 og 25 utgjer dette kr. 5100,-.
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum som primærbustad og ca 80% av kjøpesum som sekundærbustad.
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Leilegheitene vert ferdigstilt ca 3 månader etter kontraktsignering.
Ved forbrukarkjøp vert bustadane selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiget og drifta av dette. Utanom forbrukarkjøp vert leilegheitene selde etter Avhendingslova.
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.

Utanom forbukarkjøp vert det skrive kontrakt etter Avhendigslova og følgeleg ikkje stilt garantiar.
Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om eventuelle mistenkjelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.
Ingen tinglyste hefter registrert.
Eigedommen er regulert til bustadføremål.
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som ligg ved i prospektet.
Bøahagen leilighet nr 24
6783 Stryn
3. etasje
Areal: 8 905 kvm, Eierform: Fellestomt

Tomta er på totalt 8905 m2 og er felles for sameiget (byggetrinn 1 og 2 med totalt 50 leilegheiter).
Eigarseksjon.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan forekomme.
Bøahagen ligg svært fint til i eit attraktivt bustadområde sentralt i Stryn. Frå terrassen har du flott utsikt mot sentrum og fjorden. Kort gangavstand til alle servicefunksjonar i sentrum.
10% ved underteikning av kontrakt
90 % ved overtaking
Kr. 7 007 pr. år
(Estimerte kommunal avgifter; vassavgift kr 4201og avløpsgebyr kr 2806 (satsar for 2017 for bustad utan vassmålar). Eigedomskatt kjem i tillegg men er ikkje fastsatt endå).
Det skal betalast eigedomskatt til Stryn Kommune, beløp er ikkje fastsett.
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Det er planlagt totalt 50 seksjonar i sameiget, alle seksjonane er bustadseksjonar. Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Stryn kommune og atterhald om å etablere eit eller fleire sameige samt tal einingar i høve kva som er hensiktsmessig kva gjeld utbyggingstakt og framdrift.

Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering.

Seksjonering kan ta tid som følgje av sakshandsamingstid. Kjøpar vert gjort merksam på at utleige av bustaden før fullverdig seksjonering er gjennomført kan løyse ut krav frå leigebuarar om å få ta over seksjonen til 80% av marknadsverdi, jf. eigarseksjonslova kapittel III. Dette vil i tilfelle vere kjøpar sitt ansvar.
- Fellesutgifter til sameiget
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
- Straum
Det er utarbeidd vedtekter for sameige vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endringar. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 99 m2
Bruksareal ? 102 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Kamilla  Nedre-Flo
Kamilla Nedre-Flo
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Bøahagen leilighet nr 24
Stryn
Prisant. 4650000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 99 m2
Bruksareal ? 102 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet