Viebøen | Fire-roms leilegheit med endeplassering og 26 m2 sørvestvendt terrasse!

Vis i kart
Gardstølsvegen 24
Førde
Prisant. 3300000
Soverom 3
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Viebøen | Fire-roms leilegheit med endeplassering og 26 m2 sørvestvendt terrasse!

Gardstølsvegen 24
6812 Førde
1. etasje

Fire- roms endeleilegheit i Gardstølsvegen sameige, plassert i 1. etasje i ei vertikal- og horisontaldelt bygning på Vie i Førde. Leilegheita har ei solrik plassering med utsyn mot sameiget sitt felles grøntareal.
Leilegheita ligg fint til på Viebøen i Førde. Det er kort veg til barnehagar, skule, Førde Sentralsjukehus og daglegvare. Det er ca. 3 km. til Førde sentrum med godt dekkjande service- og tenestetilbod med gang- og sykkelsti heile vegen.
Leilegheita går over eitt plan med trappefri tilkomst.
Entré, mellomgang, kombinert vask- og baderom, tre soverom, ei bod/teknisk rom, opphaldsrom med stove og kjøkken i eitt og tilkomst til romsleg terrasse.
Leilegheita har god standard frå byggeår. Det er gjennomgåande nytta parkett på golv og gipsa overflater i lyse tonar på veggar og i himling.
Baderom har fliselagd golv og våtromsplater på veggar. Det er innreia med servant, nedfelt i underskåp, over- og sideskåp. Toalett, foldedører med dusjoppheng, varmtvasstank og opplegg for oppvaskmaskin.
Kjøkken er vel innreia med innreiing frå Sigdal i lyse, slette frontar. Integrert steikeomn og induksjonstopp nedfelt i benkeplate. Frittståande kjøleskåp og oppvaskmaskin er plassert inn i innreiinga og føl med ved sal.

Stove ligg like ved kjøkken i ei delvis opa løysing. Rommet er av god storleik og er enkelt å innreie. Frå stove er det utgang til 26 m2 sørvest vendt terrasse. På terrassen er det kopling for gassuttak.

Tekniske installasjonar:
- Balansert ventilasjon.
- Sentralstøvsugar.
- Dørtelefon med opnar.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, vet. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Fire-roms endeseksjon i seksjonert lågblokk med felles oppgang.
Bygningen er oppført i betong-, stål-, og rekonstruksjon. Golv og etasjeskilje er av betong. Ytterveggane er delvis av kjerneisolerte betongelement med måla overflater og delvis av 8'' + 2'' isolert trekonstruksjon med utvendig kledning og trepanel og fasadeplater. Takkonstruksjonen har flatt tak med taktekking av membran, konstruksjonen er isolert med 35 cm matter. Vindauge med trekarmar og to-lags glas. Skyvedør mellom stove og terrassen, i trevirke med to-lags glas. Styvedør mellom stove og terrasse, i trevirke med to-lags glas.


Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 9. oktober. 2017.

Meklar gjer særleg merksam på at seljar ikkje har bebudd eigedomen som vert lagt ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 76 kvm, Bruksareal: 79 kvm, Bruttoareal: 86 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: S- rom/bodareal.

BRA pr. etasje: 79 m2.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
I carport som føl leilegheita kun kort avstand frå leilegheitskomplekset.
Areal: 17 064 kvm, Eierform: Fellestomt

Tomta er fellesareal for sameiget. Det er fint opparbeidd med grøntareal og plantar, parkeringsareal og asfaltert trafikk- og gangareal rundt.
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar. Det er offentleg veg fram til sameiget sin eigedom.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Lett tilkomst frå sameiget sitt fellesareal. Sjå vedlagt kart eller ta kontakt med meklar for vegbeskriving. Det vil verte skilta med Eigedomsmekling AS sine skilt ved fellesvising. Leilegheita er merka med Til Sals- plakat.
Varmekabelar i golv på bad- og vaskerom.
Gasspeis i stove.
Kr. 4 575,50 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Eigedomsskatt kr. 2 864,25 pr. år.

Vatn og kloakk blir betalt gjennom fellesutgifter i sameiget.
Straumforbruk ca. 10 000 kWh pr. år.
Sameiget har felles gasstank med forbruksmålar for kvar seksjon. Gjeldande leilegheit har hatt kostnader på ca. 5000,- årleg knytt til dette. I regi av sameiget er det årleg tilsyn av gasspeisane, dette kostar omlag. 1000 kr.
Eigar må sjølv teikne innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 735 451 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 059 262 per 31.12.17
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 14.01.2016. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
1 311 pr. mnd. Avsetjing til vedlikehaldsfond, straum fellesareal, del av kommunale avgifter som vert fakturert sameiget, reinhald fellesareal, felles byggforsikring, styregodtgjersle og forretningsførar
Sameie: Gardsstølsvegen Sameige, Orgnr.: 994810170

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Thomas Haug v/ Vest Rekneskap.
Kravst ikkje.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 76 m2
Bruksareal ? 79 m2
Bruttoareal ? 86 m2
Rom 4
Byggeår 2010
Tomte­areal 17064 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Julie  Førde
Julie Førde
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Gardstølsvegen 24
Førde
Prisant. 3300000
Soverom 3
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 76 m2
Bruksareal ? 79 m2
Bruttoareal ? 86 m2
Rom 4
Byggeår 2010
Tomte­areal 17064 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet