Innhaldsrik einebustad med 4 soverom og 2 bad. Panorama utover Lustrafjorden

Vis i kart
Steinabakken 17
Luster
Prisant. 1750000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Innhaldsrik einebustad med 4 soverom og 2 bad. Panorama utover Lustrafjorden

Steinabakken 17
6872 Luster
Frittliggjande bustadeigedom Steinabakkane i Luster. Det er kort avstand til butikk, bank, barnehage, barneskule og samfunnshus. Det er ca 15 km til kommunesenteret Gaupne og 45 km til regionsenteret Sogndal. Ca 25 km til Turtagrø og fjellområda i Jotunheimen. Eigedomen ligg skjerma for innsikt og med ekstra fin utsikt over parti av Lusterfjorden og naturomgivnaden omkring. Gangavstand til Luster sentrum og deilige Lustra Bui bakeri.
Einebustad med flott utsikt, 4 soverom og romsleg altan. Bustaden er på 3 plan og inneheld følgjande:
Kjellar: Lagerrom/kjellarboder med eigen inngang. Mykkje god lagringsplass i kjellar. Kan eventuelt brukast som snekkarbod.
1.etg: Vindfang, gang, stove, kjøken med utgang til altan, romsleg soverom og bad.
2.etg: Trapp, gang, 3 soverom, bad/wc og bod.

God plass til parkering i tunet. Tunet er romsleg og ein kan lett snu bilen i tunet om det trengst. Arealet under altanen kan brukast som carport.
Einebustad oppført i 1946 og utvida i 1971-72 med tilbygg, oppgradert med ny ytterkledning og isolert med mineralull. Ny romsleg terrasse vart oppført i 2006. Bustaden har elles normalt vedlikehald og normal standard i høve til alder. Delar av tak treng oppgradering og det er registrert husbukkskader i takkonstruksjon.

Kjellar:
Etasjen inneheld lagerrom, boder og trappeoppgang til 1.etg.

1.etg:
Bustaden har overbygd inngangsparti, romsleg vindfang og gang.
I stova er det montert nyare vedomn og det er plass til sittegruppe og ei mindre etegruppe.
Kjøkenet har god skåpplass med normal standard frå 1985. Kjøkeninnreiinga har glatte frontar og benkeflate i laminat. Kjøleskåp og oppvaskmaskin er av nyare dato. Frå kjøken er det utgang til romsleg altan.
Etasjen er kombinert bad-og vaskerom med belegg på golv og laminat baderomsplater på veggar. Badet er innreia med badekar, servant og toalett. Det er lufteventil i vegg og ikkje golvvarme. Opplegg for vaskemaskin i rommet. Soverommet i denne etasjen er av romsleg størrelse med panel i himling og på veggar. På golv er det nytta belegg.

2.etg:
Baderommet i denne etasjen har belegg på golv og måla strie på vegger. Innreiinga består av dusjkabinett, servant og toalett. Badet har lufteventil i
vegg og er utan golvvarme. Etasjen har bod og 3 soverom av ulik størrelse der eit av romma har innebygd garderobeskåp.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising føl med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel føl ikkje med i salet. Tuner til TV føl ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Bustaden har grunnmur i betong og betonggolv mot grunnen. Grunnmur er utan fuktsikring slik som var vanleg på den tid huset vart
oppført. Bustaden er opprinneleg frå 1946 med stenderverk og trepanel, medan tilbygg er frå 1971-72 med isolert bindingsverk. Etasjeskilje består av trebjelkelag. I 1971-72 vart huset oppgradert utvendig med ny ytterkledning og isolert med mineralull. I 2006 vart det bygd ny altan.
Vindauga består av standard 2-lag isolerglas med varierande alder frå 1972 til 2009. Innvendige dørar har varierande standard og er på alder med bustaden. Ytterdører har måla overflater og glasfelt. Terrassedør på kjøken er frå 2006.

Takkonstruksjon består av sperrekonstruksjon, sutak og tekking med skifer/metallplater. Tak på austsida av møne utanom ark har tekking med skifer
utan tett undertak frå 1952. Vestsida av møne har sutak og tekking frå ca 1985. Arkoppbygg har bølgeblikk og enkelt undertak med plas/duk. I takkonstruksjonen er det registrert husbukk. Bustaden har teglsteinspipe og ny vedomn i 1.etg. Pipa har ikkje forskriftsmessig avstand til treverk. Eventuell kontroll må gjerast av feiar.

Innvendig er det nytta belegg, tregolv og laminat på golv. Trepanel, måla strie og tapet på veggar. Laminat på veggar på bad i 1.etg.
I himling er det nytta måla plater og trepanel.
Det elektriske anlegget har normal standard frå 1972 og seinare. Deler av anlegg og inntak er frå 1985. Tavle med skrusikringar og utan jordvern. Eventuell ytterligare kontroll av elektrisk anlegg må gjerast av elektrikar/installatør.
Røyranlegg for vatn og avløp for det meste frå ca 1985. Eventuell ytterligare kontroll av sanitær og røyranlegg må gjerast av røyrleggar.
Ventilasjon med avtrekk frå kjøken og elles naturleg ventilasjon.

Leikestove:
Isolert hytte på 6 kvm med enkel steinmur og trebygning frå ca 1980. Leikestova treng oppgradering/vedlikehald.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Arne Øyen, datert 27.09.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 120 kvm, Bruksareal: 175 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
Kjellar: 52 kvm
1.Etasje: 72 kvm
2.Etasje: 51 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering på eigedomen.
Areal: 3 250 kvm, Eierform: Eiet tomt
Stor tomt, opparbeid med veg og parkering. Resten av eigedomen er naturtomt.
Eigedomen ligg i faresone for ras i NVE sitt faresonekart for flaum- og skredfare
Eigedomen er uregulert og det er kommunens arealdelsplan som gjeldande for området.
Vatn frå felles brønn. Dei som er tilkopla denne brønnen er med på reingjering av vasstang ein gang i året.
Utvendig vassledning med varmekabel er frå ca 1975. Avløp til slamavskiljar med overløp til felles ledning med utslepp i sjøen.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Tilkomst til eigedomen med ein noko bratt privat felles veg frå kommunal veg.
- Vedomn i stove i 1.etg.
- Elektrisk oppvarming
Kr. 469 pr. år
Kommunale avgifter inkluderar feieavgift.
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme og tappevatn etter forbruk. Seljar opplyser at straumutgifter på ca kr 12-14 000,- pr år.
Husforsikring pr år ca kr 1 850,-
Kommunale avgifter
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 379 614 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 062 919 per 31.12.15
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Luster kommune.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld med/utan eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 120 m2
Bruksareal ? 175 m2
Byggeår 1946
Tomte­areal 3250 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Steinabakken 17
Luster
Prisant. 1750000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 120 m2
Bruksareal ? 175 m2
Byggeår 1946
Tomte­areal 3250 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet