Flott vedlikeholdt og oppgradert einebustad på Kjørnes. Må sjåast!

Vis i kart
Kjørnessvingen 11
Sogndal
Prisant. 4100000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Flott vedlikeholdt og oppgradert einebustad på Kjørnes. Må sjåast!

Kjørnessvingen 11
6856 Sogndal
Eigedomen ligg i regulert og veletablert bustadområde Kjørnes. Området er utbygd med einebustadar frå slutten av 80-åra og har forhaldsvis gode soltilhøve. Utifrå avstanden til sentrum må ein pårekne noko bruk av bil sjølv om området har godt utbygd gangvegnett og bussforbindelse til Sogndal sentrum. Sogndal er regionsenter med variert arbeidsmarknad og godt utbygd utdannings- og service tilbod.
Romsleg einebustad med god planløysing og moderne overflater.
Bustaden er på tre plan med følgjande innhald:
Underetasje: to soverom, bad, vaskerom, kjølerom, bod og gang
1.etasje: Stove, kjøken, soverom, bad og gang. Utgang til altan frå stove.
Loft: Loftstove, bad, soverom og bod. Frå loftet er det utgang til takterrasse.

Eigedomen er opparbeida med hageanlegg og uteområde. I tillegg er det dobbelgarasje med elektrisk portopnar på eigedomen med loft.
Bustaden har varmepumpe og sentralstøvsugar.
Bustaden er godt vedlikehelden både ute og inne. Den seinare tid er det gjort ein del oppussing i form av måling av overflater. Baderom på hovudplan vart oppgradert i 2010. Bad på loft vart oppgradert i 2007 og baderom i under etg. vart pussa opp i 2017. Kjølerom vert nytta som bod, kjølemaskin har ikkje vore i bruk. Kjølerom er ikkje bygd som rom i rommet. Altandør på loft er noko værslitt og har noko inntrenging av vatn mellom rute og råme.

I underetasjen finn du to soverom, eit nyoppussa bad som er heilflisa og har varmekablar på golv. Etasjen har eit praktisk vaskerom med varmekablar i golv og opplegg for vaskemaskin og tørketrommel. Kjøleromet i denne etasjen er pr i dag nytta som bod. Der er også ei ekstra bod med lagerplass og i gangarealet er det varmekablar i golvet.

I hovudetasjen finn du ei romsleg stove inndelt i fleire sitjegrupper. Stova har ein flott murpeis og det er utgang til altan frå stove. Kjøkenet er innreia med ei lys innreiing og det er laga til ei praktisk kjøkenøy. Det er også plass til ei etegruppe. Denne etasje har eit soverom som ligg praktisk til ved badet. Badet er heilflisa med varmekablar og er innreia med dusj med glasdører, wc og servant med underskåp. Hovudetasjen har delvis måla panel på veggar, tapet og måla furugolv i stove og kjøken.

På loftet finn du ei loftstove med plass til fleire sitjegrupper og utgang til takterrasse. Badet er heilflia med varmekablar i golv og er innreia med badekar, wc og ei lys baderomsinnreiing. Takvindauget på badet slepp inn godt med naturleg lys. Soveromet i denne etasjen er romsleg og har god takhøgde. Etasjen har også ei bod med lagerplass. På loftet er det måla panel på veggar og parkett på golv.

Altanen og uteplassen i hovudetasjen er oppført over garasje.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising føl med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel føl ikkje med i salet. Tuner til TV føl ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Bustaden er oppført på fjelltomt som er utsprengd. Betongplate på mark med isolasjon og pussplate. Grunnmur i pussa leca som er dels utfora innvendig. Over grunnmur ligg det bjelkelag i tre. 1. etasje er utført i plassbygd bindingsverk med utvendig vindtetting og værhud av trekledning. Taket har saltakkonstruksjon som er tekka med betongstein. Bustaden har 2-lags vindauge i trekarmar og ved inngang er det dels overbygd inngangsparti.
Det teknisk anlegget er frå byggjeår, vassrøyr er av kopar og avlaupsrøyr er av plast. Det elektriske anlegget er skjult. Røyropplegg på baderom i underetasje er oppgradert til røyr i røyr i samband med oppgradering.
Bustaden har avtrekksanlegg utan attvinning ellers naturleg ventilasjon.

Garasje:
Garasjen var oppført i 1987 med tradisjonell standard. Leca grunnmur og kledd bindingsverk. Bygningen har normalt vedlikehald. Det er registrert noko saltutslag/fukt bak garasjen. Ny elektrisk portopnar vart montert i 2016.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 10.10.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 178 kvm, Bruksareal: 196 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
Underetasje: 71 kvm
1.Etasje: 77
Loft: 48

Garasje:
Underetasje: 31 kvm
Loft: 13 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
I dobbeltgarasje og på eige tun.
Areal: 582 kvm, Eierform: Eiet tomt
Opparbeida uteområde med plen og hageanlegg. Ein mindre del av tomta er noko bratt.
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Kjørnes 2 og 3 er gjeldande for dette området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Eigedomen har tilkomst frå offentleg veg.
- Varmepumpe i stove
- Peis i stove
- Varmekabel i golv på baderoma, vindfang, gang og vaskerom-
- Elektrisk oppvarming
Kr. 23 099 inkl. eigedomsskatt.
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme og tappevatn etter forbruk. Seljar opplyser om ein årleg sum på ca kr 19 000,- i straum.
Bustadforsikring pr år ca kr 5 576,-
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 930 393 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 605 100 per 31.12.15
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Sogndal kommune datert 31.08.1987. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 178 m2
Bruksareal ? 196 m2
Byggeår 1987
Tomte­areal 582 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Kjørnessvingen 11
Sogndal
Prisant. 4100000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 178 m2
Bruksareal ? 196 m2
Byggeår 1987
Tomte­areal 582 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet