Tiltalande, romsleg einebustad på stor tomt. Nausttomt like ved. Dobbel garasje og carport, stor tunplass. Velkommen på vising!!

Vis i kart
Heggebøneset
Leirvik i Sogn
Prisant. 3450000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Tiltalande, romsleg einebustad på stor tomt. Nausttomt like ved. Dobbel garasje og carport, stor tunplass. Velkommen på vising!!

Heggebøneset
6953 Leirvik i Sogn

Eigedomen er oppført med ein stor einebustad frå 2009, tilbygd i 2015/2016 og garasje/carport frå 2012.
I tillegg følge det med ei ubebygd nausttomt ved fjorden.
Eigedomen ligg fint, sørvendt og solrikt til i landlege omgjevnadar med flott utsikt over fjorden. Gangveg til Leirvik sentrum med mellom anna nærbutikk, hotel og båthamn. Kort avstand til Havyard båtverft. Barnehage og skule på Hyllestad ligg ca. 15 minutt unna.
Det ligg ei koseleg badestrand ved fjorden ikkje langt unna eigedommen, og området rundt har mange fine turstiar til bruk både sommar og vinter. Avstand til Lavik er ca. 18 km.
Bustaden er praktisk på eitt plan og har følgande innhald:
Vindfang, gangareal, stove, kjøkken, fem soverom, garderobe, to bad, stove/bibliotek, kontor, vaskerom og bod.
Stor, praktisk einebustad med lyse, fine overflater og gode romløysingar. Veggflatene har malte profilerte trefiberplater og himlingane takess.

Vindfanget og gangen har flislagt golv. Det er lagt varmekablar i vindfanget.

Lys, fin stove med parkett på golvet og store vindauge i karnapp som gir godt med dagslys i romma. Stove og kjøken er i delvis opa løysing.

Romsleg kjøkken med gode kvalitetar - det er ein naturleg samlingsplass for familien. På golvet er det lagt laminat og det er montert spottar i taket. Kvit kjøkkeninnriing frå Sigdal med benkeplate i laminert tre, stål oppvaskkum og tilkopling for oppvaskmaskin. I innreiinga er det integrert induksjonstopp, steikeomn og kjøleskåp med frys. På veggen over benkeplata er det montert kitchenboard. Det er god plass til større spisebord.
Frå kjøkkenet er det utgang til hage.

Det er totalt fem soverom i bustaden. Tre av romma har parkett på golvet, to av dei har laminat. Frå hovudsoverommet er det direkte tilkomst til walk-in closet og bad. I eitt av soveromma er det luke til kaldloftet.

I gangen innanfor kjøkkenet er det laminat på golvet og det er montert spottar i taket.

Stove/bibliotek med laminat på golvet og vindauge i karnapp. Det er montert spottar i himlinga. Frå stova er det skyvedør til kontor, kontoert har laminat på golvet.

Begge bada har flislagt golv med varmekablar.
Badet i den opprinnelige delen har flislagde veggar og er innreiia med to servantar i underskåp, spegelskåp med integrert lys, boblebad og vegghengt toalett.
Badet i tilbygget har baderomsplater på veggane og er innreiia med servant i underskåp, høgskåp, spegel med integrert lys, dusjvegg av glasbyggarstein med dusjdører, mosaikkflisar i dusj og vegghengt toalett. Det er montert spottar i taket. Frå badet er det skyvedør til hovudsoverommet.

Vaskerommet er flislagt og har varmekablar i golvet. Rommet er innreiia med benkeplate med nedfelt skyljekar, overskåp, benkeplate, VVT, sentralstøvsugar og opplegg for vaskemasin.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne, dersom montert, skal følgje med.
Ringmur i isolerte element og i plasstøypt konstruksjon.
Isolert betongplate på mark.
Ytterveggane over ringmuren er oppført i bindingsverk med bordkledning av trepanel.
Takkonstruksjonen er oppbygd som valma takkonstruksjon, og har taktekking av glaserte stein og undertak av trefiberplater. Over inngangspartiet er det bygd takoverbygg. Det er snøfangarar langs gesimsen som vender mot nord og på tilbygd del som vender mot sør. I det eine soverommet er det montert isolert loftsluke til kaldloftet. Himliga mot kaldloftet er isolert med 30 cm isolasjon.
Yttedør med vindaugefelt. I kjøkkenet er det montert verandadør.
I stova er det 3-lags glas i trekarm, i resten av bustaden er det 2-lags glas.
Ved inngangspartiet er det betongplate på mark.
Pipa er oppført i element. På pipa og brannmuren er det lagt limtegl. Heildekkane pipebeslag over yttertak.
Det elektriske anlegget har fordelarskåp med automatsikringar og har i vesentleg grad standard frå byggjeåret og frå 2015. Det vart installert ny straummålar i 2017.
Belysing av downlight i fleire av romma og i takutstikk på den opprinnelige delen.
Utvendig er det montert ein veggmontert stråleomn.
Det er montert sentralstøvsugar med uttkak i begge gangane.
Sanitæranlegget har standard frå byggjeåret med røyr i røyr system med to røyrsentralar. Røyrsentralane er plassert i vaskerommet og i kontor på tilbygd del. Røyrsentralen på vaskerommet vart ikkje kontrollert på grunn av manglande tilkomst.
Varmtvassberedar med standard frå byggjeåret.
Vassutkastar for tilkopling av hageslange.

Dobbelgarasje med carport vart oppført i 2012.
Ringmur av betongblokkstein og støypt plate på terreng.
Ytterveggane over ringmuren er oppført i 4" bindingsverk med bordkledning av trepanel.
Takkonstruksjonen over carporten er oppført som pulttakkonstruksjon. I carporten er det støypt plate på terreng.
Det er montert to leddportar i stål med el.drift og ytterdør i trevirke.
Elektrisk anlegg er installert.
Takhøgde i garasjen er på 2,7 meter.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 03.11.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 162 kvm, Bruksareal: 171 kvm, Bruttoareal: 184 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Garderobe og bod.

BRA:
Bustad: 162 m2
Garasje: 45 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering i dobbelgarasje, carport og på tun.
Areal: 1 801 kvm, Eierform: Eiet tomt

Eigedomen består av to adskilte teigar. Bustad tomta er opparbeida med tun/parekeringsplass med grusdekke, grøntareal og tre. Delar av tomta vart sprengt ut i samband med oppføring av garasjen.
Den andre teigen er ei nasttomt på ca. 176,5 m2. Nausttomta er ikkje opparbeida eller bebygd.
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Privat tilkomstveg som er felles for fleire eigedomar.
Eigedomen er tilkopla offentleg vassleidning.
Avløpsleidning til felles septiktank.
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter C
Enkel tilkomst til eigedomen. Sjå ev. kart www.finn.no eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
- Vedomn i stova.
- Luft til luft varmepumpe i kjøkkenet.
- Varmekablar i begge bada, vaskerommet og i vindfanget.
Kr. 23 058,75 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Eigedomsskatt kr. 9 975,- pr. år.
Straumkostnad ca. kr. 25.000,- pr. år, ca. 24.000 kWh.
Forsikring ca kr. 11.000 pr. år.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 451 792 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr per
Det føreligg ferdigattest frå Hyllestad kommune datert 16.12.2009 for første byggesteg, og ferdigattest datert 13.06.2016 for tilbygget.
Desse ligg vedlagt salsoppgåva.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Sjekk vedtekter, husordensreglar, årsmelding, rekneskap om det er tilhøve som må skrivast om i salsoppgåva. For eksempel vedtak som medfører auke i felleskostn/gjeld.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 162 m2
Bruksareal ? 171 m2
Bruttoareal ? 184 m2
Byggeår 2009
Tomte­areal 1801 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
torsdag 25. januar, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Heggebøneset
Leirvik i Sogn
Prisant. 3450000
Soverom 5
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 162 m2
Bruksareal ? 171 m2
Bruttoareal ? 184 m2
Byggeår 2009
Tomte­areal 1801 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
torsdag 25. januar, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet