Trivelig hytte med stor tomt, luftig beliggenheit og flott utsikt! VISING 21.11 KL 16:30-17:30

Vis i kart
Skor
Leirvik i Sogn
Prisant. 850000
Soverom 2
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Trivelig hytte med stor tomt, luftig beliggenheit og flott utsikt! VISING 21.11 KL 16:30-17:30

Skor
6953 Leirvik i sogn
Eigedomen har luftig beliggenheit og ligg fint plassert på eit platå, på Skor, i Hyllestad kommune. Flott utsikt over dalføre og dei naturskjøne omgjevnadane i kring.
Området byr på fine turområder, fjellvatn og gode fiskehøve.
Like over hytta ligg Markusvatn med badestrand og gode fiskehøve, Fuglevaten og Pertjøna ligg også med gåavstand frå hytta.
Trondhjemske postveien går forbi, Skor bru er ein del av denne. Der det også er fleire små, restaurerte kvernhus og eit gamalt sagbruk.
Ellers byr Hyllestad på monge merka turstiar, frå hytta har ein utsikt rett mot Høgeheia.
Hytta går på 1-plan med følgjande innhald:
entrè/gang, 2 soverom, stove og kjøkken.
Stor terrasse langs- og føre hytta.
I tillegg er det oppført enkelt uthus med utedo.
Triveleg hytte med enkel standard.
Golv av furubord og belegg, veggar og himlingar av panel.
Innvendige dører av furu.

Kjøkkeninnreiinga har frontar av finer, benkeplate av laminat og oppvaskkum i stål. Over benkeplata er det montert ktichen board.
Gassdreve steikeovn og kjøleskåp.

Romsleg og triveleg stove med vedovn og utgang til stor terrasse. Frå terrassen og hagen kan du nyte fantastisk utsikt over dalføre og dei naturskjøne omgjevnadane.

Det eine soverommet har eigen inngang og ligg separert frå dei øvrige romma i hytta. Begge soveromma er av god storleik.

Trivelig eigedom med spesielt luftig beliggenheit og flott utsikt over naturskjøne omgjevnadar.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet.
Ringmur av forskalingsblokk på morene masser. Ytterveggar over ringmuren er oppført med bindingsverk med bordkledning av trepanel. Eigar måla 3 av 4 utvendige veggar i 2015.
Golvkonstruksjonen over ringmuren er oppført i bjelkelag med isolasjon og vindtetting av asfaltplater.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med taktekking av shingel. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 07.11.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 52 kvm, Bruksareal: 52 kvm
Alle rom er P-rom.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 52 kvm.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Eigar parkerar i dag ved enden av privat grusveg nedanfor eigedomen på gnr. 23 bnr. 3. Det er ikkje tinglyst rettigheitar vedrørande parkering.
Areal: 1 566 kvm, Eierform: Eiet tomt
Eigedomen ligg i ureglulert område som grensar til LNF-område.
Eigedomen har tilkomst via privat veg og gangsti over gnr. 23 bnr. 3, er ikkje tilkopla vatn eller avlaup. Eigedomen har tinglyst rett til vatn frå elva.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Når du svingar av F57 går det gruslagd bilveg oppover terrenget. Følg sti frå bilvegen stoppar, omlag 30 meter opp til eigedomen.
- Vedovn
Kr. 2 766 pr. år
Inkluderar renovasjon, feieavgift og eigedomsskatt. inkl. evt. eigedomsskatt.
Eigedomen er fullverdiforsikra i Frende med polisenummer: 3426128. Årleg premie er kr. 1836,-
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Det er mogleg å melde seg inn i lokalt grendalag, årleg kostnad for medlemsskap er kr. 150,-
Likningsverdi som primærbustad kr per 07.11.17
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Hyllestad kommune.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 52 m2
Bruksareal ? 52 m2
Rom 1
Byggeår 1980
Tomte­areal 1566 m2
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 21. november, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Skor
Leirvik i Sogn
Prisant. 850000
Soverom 2
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 52 m2
Bruksareal ? 52 m2
Rom 1
Byggeår 1980
Tomte­areal 1566 m2
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 21. november, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet