Eigarleilegheit i sentrum - kort veg til det aller meste!

Vis i kart
Gate 1 40
Måløy
Prisant. 2180000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Eigarleilegheit i sentrum - kort veg til det aller meste!

Gate 1 40
6700 Måløy
Leilegheita ligg sentralt og flott til i Gate 1, det er gangavstand til alt av sentrumsfasilitetar - skule, barnehage, butikkar og meir til.
Måløy er ein by med mykje å by på. Nydelig veirhardt, vakker og brutal natur. Her skjer mykje i næringslivet og det er alltid rom for gode og nyskapande idear.
Velkommen til ein fantastisk vakker vestlandsby, ytterst i Nordfjord!
Leilgheita ligg i 2.etasje og inneheld:
Gang, 2 soverom, bad, vaskerom, stove, kjøkken, vinterhage
Det er gjennomgåande god standard i leilegheita.

Kjøkkenet er godt utbygd med innreiing i beislakkerte furefrontar. Det er godt med skap- og benkeplass. Seljar har satt opp ein lettvegg mellom kjøkken og stove, denne kan ein ta ned om ein vil ha ei åpa løysing. Det er altså mange mulighetar og løysingar ein kan gjere for at denne leilegheita skal bli heilt perfekt.

Bad er nyoppussa og innehar kvalitatar som flis på golv og baderomsplater på vegg. Det er lyst, innbydande og praktisk innreiia. Vaskreommet finn ein i direkte tilknyting til badet, her har ein også fliser på golv og baderomsplater på vegg.

Balkongen er innbygd i seinare tid, den er blitt ein praktisk og flott vinterhage. Det er mdf-plater, målinsstrie og betongpuss. Her er det satt inn 2-lags pvc-vindauger.

Det er laga ein garasje med port i seksjonsnummer 1 - denne er imidlertid ikkje godkjent som garasje frå Vågsøy kommune. Den er regulert for næring.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Elles kan diverse møblar følge salet.
Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Ytterveggar av betong med utvendig måla betongpuss og innvendig faststøypt siporex samt 5 cm
isolerte framforingar. I vinterhagen er her brystning av betong med 5 cm innvendig framforing for to veggsider med vindauger over, lecavegg med 5 cm innvendig isolert framforing mot sør. Yttertak som plassbygd saltakkonstruksjon med valm i gavl og arker og takoppløft, alu. takrenner og nedløpsrør. Skråtak over vinterhagen med taktekking av papp og ca 20 cm isolasjon. Etasjeskillere av betong, golv som oppfora tregolv og 20 cm isolert nedfora himling, bekledning direkte mot "avretta" betonggolv i vinterhagen. Vindauger med 2-lags ruter i trekarm montert i 1987, 2-lags pvc-vindauger i vinterhagen. Skillevegg mot felles gang som betongvegg med innvendige framforingar, mot tilstøtande leilegheit er veggen oppført brann- og lydskillevegg i treutførelse og dels i betong. Felles alu.ytterdør.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 17.11.2016.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 103 kvm, Bruksareal: 103 kvm, Bruttoareal: 113 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

2.Etasje: 103 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Det er parkering ved bygget til leilegheitene.
Areal: 354 kvm, Eierform: Fellestomt
Det er flat tomt.
Eigedommen ligg i område regulert for bustad/næring
Det er private stikkledningar til offentleg vatn og avlaup. Veg er privat til offentleg
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
Det er svært enkel adkomst til bygget frå Gate 1
Golvvarme med varmekablar på badet og vaskerommet. Kvit elementpeis med innsats i stova. Elles er oppvarming basert på elektrisitet og varmepumpe luft-til-luft.
Kr. 12 243 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Seljar har i periodar vert mykje borte og det gir eit noko uriktig bilete av straumbruken td.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 354 559 per 31.12.15
Likningsverdi som sekundærbustad kr 992 764 per 31.12.15
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Vågsøy kommune. Dette truleg grunna alder
1 000 pr. mnd. ca 50.000,- er fellesutgiftes på heile bygget. Av desse kostnadane har seksjon 1 10% og seksjon 4 14%. Dette utgjer kr 12.000 pr år - ca 1000 i mnd.
Desse inneheld forsikring
Sameie: Sæten Sameige
Forkjøpsrett: nei

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar.
Helge Silden. Seljar har også hatt mykje med drifta av sameiget
Ingen forkjøpsrett
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. (sjekk mot vedtekter)
Det er ikkje opplyst meklar noko som kan medføre auke i fellesutgifter. Meklar har ikkje fått tilsendt husordensreglar eller vedtekter.

Det gjerast merkam på at leilegheita per idag er seksjonert til næringsføremål. Vågsøy kommune er i arbeid med å reseksjonere om til bustad. Seljar tar forbehold om at kommunen får dette i orden.
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 103 m2
Bruksareal ? 103 m2
Bruttoareal ? 113 m2
Byggeår 1955
Tomte­areal 354 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Gate 1 40
Måløy
Prisant. 2180000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 103 m2
Bruksareal ? 103 m2
Bruttoareal ? 113 m2
Byggeår 1955
Tomte­areal 354 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet