Triveleg einebustad med garasje

Vis i kart
Brandsøyvegen 66
Florø
Prisant. 2750000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Triveleg einebustad med garasje

Brandsøyvegen 66
6907 Florø
Eigedomen ligg ca 6 km frå Florø sentrum i eit felt med eldre og nyare bustader mellom Plassen og Midttunet på oppsida av fylkesvegen på Solheimstranda.
Busstopp er det like ved. Sørvendt og solrik beliggenheit. Herfrå tek ein turen rett i Brandsøyåsen på fine turstiar.
Bustaden er på tre plan og inneheld i hovudetasjen kjøkken, stove, bad/wc, eit soverom med utgang til altan og vindfang / gang /trapperom. Loftet har tre soverom, gang / trapperom og kott. Kjellar har vaskerom, bad/wc, gang / trapperom, snekkarbod, bod, matbod, lagerrrom, verkstad og garasjerom.
Plassbygd målt kjøkkeninnreiing med heiltre målte frontar og laminat benkeplate.
Innvendige veggar har overflater av : Kjeller : - betong i garasje. Baderomsplater på bad / wc. Panel og tapet i matbod, malt puss i vaskerom. Panel på resten.
Hovudetasjen : Flisar på bad /wc. Tapet med flisar over benkeplate kjøkken. Tapet på resten.
Loft : Tapet på soverom 1. Panel på kott. Malte plater resten.
Himlingar : i kjellar : Ubehandla gipsplater i garasje. Malte plater vaskerom. Malte tak bad / wc. Panel på resten.
Hovudetasjen. : Malte plater alle tak. Loft : Panel på kott. Malte tak resten.
Golva : Kjellar : betong i garasje. Vinylbelegg i gang og matbod. Flisar på bad /wc. Linoleumsfliser på lagerrom og verksted. Malt
betong på resten.
1.etg. : Vinylbelegg i vindfang. Fliser på bad / wc. Teppe på soverom. Flytende laminatgulv på kjøkken. Flytende eikeparkett i
stue.
Loft : Lakkert tregolv på gang . Teppefliser på soverom 1. Tregolv på kott. Vegg til vegg teppe på resten.
Bad / wc renovert i 2002. Parkett i stova var ny i 2005.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Bustaden har ytterveggar i isolert trestenderverk over grunnmur av prosentsteinsmur på betonggolv på kultfylling til fjell. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak har tekking av Decratak som var nytt i 2000. Støpt trapp med skifer i trinna opp til hovudinngangen.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 16.11.2017 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 136 kvm, Bruksareal: 198 kvm, Bruttoareal: 217 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:

Loft : 30 m2
1.Etasje: 87 m2
Kjellar : 81 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering på eigedomen
Areal: 539 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er fint opparbeidd med hage, grøntareal, beplantning og berbusker. Hekk mot nabo i vest, aust og mot vegen i sør. Singel i oppkjørsel og parkering for 1 bil framfor garasje. Gangveg med singel på sør og austsida av bustaden.
Bustaden ligg i område som i arealdelplanen er sett av til småhusbebyggelse.
Offentleg
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst frå offentleg veg
Peisovn og varmepumpe i stova. Varmekablar på bad /wc i hovudetasjen.
inkl. evt. eigedomsskatt.
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme og tappevatn etter forbruk.
Innbuforsikring.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 816 299 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 612 157 per
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune .
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 136 m2
Bruksareal ? 198 m2
Bruttoareal ? 217 m2
Byggeår 1964
Tomte­areal 539 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
måndag 18. desember, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Brandsøyvegen 66
Florø
Prisant. 2750000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 136 m2
Bruksareal ? 198 m2
Bruttoareal ? 217 m2
Byggeår 1964
Tomte­areal 539 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
måndag 18. desember, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet