Stor 4-roms toppleilegheit med flott utsikt og sentral beliggenheit! VISING MÅNDAG 22.01 KL 17:00-18:00

Vis i kart
Hornnesvegen 18 A
Førde
Prisant. 2050000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Stor 4-roms toppleilegheit med flott utsikt og sentral beliggenheit! VISING MÅNDAG 22.01 KL 17:00-18:00

Hornnesvegen 18 A
6809 Førde
Haugum burettslag som vart utbygd i 1976, med totalt 117 leilegheiter fordelt på fleire lågblokker. Leilegheitene har inngang frå felles entre og trapperom. Fasaden vart rehabilitert i 2013/14.
Felles parkeringsanlegg i bygget, fellesområder er fint opparbeid med mellom anna leikeplass og grøntområder.
Leilegheita ligg usjenert til i øvste etasje med sørvendt veranda og flott utsikt over nærområdet. Området er eit etablert bustadfelt med ballbane, leikeplassar og barnehage.
Frå leilegheita er det omlag 3km til Førde sentrum med alle servicetilbod. Ringbussen stoppar framfør bygget, gangveg heile vegen til sentrum.
Leilegheita ligg i 5.etasje, går over eit plan og har fylgjande innhald:
entrè/gang, tre soverom, bod, bad/vaskerom og stove/kjøkken med utgang til veranda.
Det er i tillegg sportsbod og parkering i burettslaget sin felles garasje.
Leilegheita har blitt vesentleg modernisert dei seinare år.
Det er pergo laminat på golvflatene med unntak av bad som er flislagt, måla plater og måla strier på veggane med unntak av baderommet som er flislagt og måla plater i himlinga.

Stova er romsleg og lys, og vart overflatemodernisert i 2015. I tilknytting til kjøkkenet er det plass til spisegruppe. Utgang til flislagt veranda på ca. 15 m2 med glasrekkverk og sol til omlag kl. 19 på høgsommaren.

Det vart nyleg montert ny kjøkkeninnreiing frå IKEA med kvite glatte frontar. Heiltre benkeplate med integrert platetopp og steikeomn er ca. 2 år gammalt. Mellom benk og høgskåp er det kitchenboard. Godt med skåpplass og stor benkeplate.

Det er totalt tre soverom i leilegheita. Hovudsoverommet har tilkomst til bod som eigna seg godt til walk-in. Soveromma er ideelt plassert med tanke på ein sval temperatur sommarhalvåret.

Kombinert bad/vaskerom er heilflisa med varmekablar i golvet. Det er vegghengt klosett, dusjnisje, stor servant med underskåp og spegel og opplegg for vaskemaskin.

Vindfang/gangareal er romsleg med plass til oppbevaringsinnreiing.

Det er fiber og porttelefon i leilegheita.
Steikeovn, platetopp og oppvaskmaskin som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet, kjøleskap følger ikkje med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer med.
Bygningen er fundamentert på planert steinfylling og oppført i betongkonstruksjon.
Ytterveggane mot sør og nord er av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel, øvrige veggar har utvendig kledning av fasadeplater.
Yttervegg mot sør er etterisolert og har totalt 20cm isolasjon, samt nyare bordkledning. Yttervegg mot nord er etterisolert med 5cm.
Fasadeplatene vart også skifte i forbindelse med rehabilitering av fasaden i 2013/14.
Etasjeskilje og skilleveggar mellom leilegheitene er av betong.
Alle vindauge i leilegheita og glasdør i stova vart skifta i 2013.

Diverse:
- Sikringsskåp med automatsikringar frå 2013
- Luft til luft varmepumpe med ukjent alder
- Sanitæranlegg med vassrøyr av røyr i røyr med åpen sentral i bad/vaskerom. Avlaupsrøyr i plast med standard frå byggjeåret
- Veggmontert varmtvasstank på ca. 116L, plassert i bad/vaskerom
- Fiber og porttelefon

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 10.01.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 87 kvm, Bruksareal: 92 kvm, Bruttoareal: 97 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

BRA etasje: 92 m2
Bod: 4 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkeringsplass i felles garasje og på fellesareal utvendig.
Areal: 16 199 kvm, Eierform: Fellestomt
Tomta som ligg sørvendt er fint opparbeidd med leikeplass, grøntareal, blomster og asfalterte køyre- og gangareal.
Regulert til bustadføremål.
- Offentleg veg til tomtegrensa.
- Offentleg vatn via private stikkleidningar.
- Offentleg avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Frå Førde køyrer ein mot Naustdal. Ta til høgre etter første tunnell og ta så til høgre i første kryss. Fortset rett fram og rundt fotballbana. Leilegheita ligg i inngang A i siste blokka. Kontakt meklar eller sjå www.finn.no for kart.
- Varmekablar på bad/vaskerom
- Varmepumpe i stove/kjøkken
- Øvrig oppvarming er baserast på elektrisitet
Straum og nettleige pr år: ca. kr. 17.000,-

Forsikring blir betalt som del av felleskostnadane i burettslaget.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 493 340 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 578 688 per 31.12.16
Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesummen.
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Førde kommune datert. 05.12.1977. Løyvet ligg vedlagt salsoppgåva.
Borettslag: Haugum Burettslag, Orgnr.: 853031232
Andelsnr.: 115
Medlemskontingent: 300
Forkjøpsrettgebyr: 7063
Andel fellesgjeld: 180515, Andel fellesformue: 45916, Total gjeld: 19323989, Oppdatert pr: 15.12.2017
Kommentar gjeld: Andel formue er henta frå likning 2016 mens andel fellesgjeld her henta frå BoB opplysningar datert 15.12.2017
Forkjøpsrett: Ja

Burettslaget har i alt 117 andelar fordelt på fleire blokker.

Burettslaget si felesgjeld:
Den Norske Stats Husbank:
Annuitetslån, 2 termin pr. år.
Rentesats per 21.12.2017: 1,62% pa.
Tal termin tin innfriing: 42
Saldo per 21.12.2017: 18.300.000,-
Andel av saldo: 170 950,-
Første termin: 03.04.2014, neste avdrag: 03.04.2019 (siste termin 03.10.2038)

Sparebanken Sogn Og Fjordane:
Annuitetslån, 2 terminer per år.
Rentesats per 21.12.2017: 2,95% pa.
Tal termin til innfriing: 12
Saldo per 21.12.2017: 1.023.990,-
Andel av saldo: 9.566
Første termin/første avdrag: 30.12.2016 (siste termin 30.06.2023)
4 167 pr. mnd. Felleskostnadane inkludera garasjeparkering, fiber, dugnad, kommunale avgifter, eigedomsskatt, renter og avdrag på fellesgjeld

Felleskostnadane fordela seg slik:
Rente: kr. 208,-
Avdrag: kr. 125,-
Drift og vedlikehald: kr. 5334,-
Kommunale avgifter: kr. 1042,-
Dekning underskot oppsparte midla: kr. 2542,-

Det er forventa ein auke i felleskostnadane for andelen på kr. 666,- jfr. vedlagt rekneskap, i samband med avdrag på lån i husbanken. Andre endringar i felleskostnadane for andelen, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald. Dokumenta ligg vedlagt i salsoppgåva.
BOB.
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Forkjøpsretten er lyst ut på BOB sine sider med frist for medlemmane til å melde seg innan 19.01.2018 kl. 23.59. Kor mange søkara som eventuelt har meldt si interesse vil dermed vere avklara innan visningsdato.
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Jamfør årsmelding datert 25.04.2017 vart fylgjande saker handsama:
- Kamera overvåking i garasje, montert i mai 2017.
- Burettslaget jobba med å reparere lekkasje i tak på blokk 20.
- Planlegg ferdigstilling av rehabiliteringa som vart påbegynt i 2012.
- Burettslaget har felles innkjøp av el. kraft, men el. kraft ligg ikkje i husleiga.

Det er dugnadsordning i burettslaget vår/sommar, elles har burettslaget tilsett midlertidig vaktmeister.
Det må søkjast om godkjenning frå styret for husdyrhald.
Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 87 m2
Bruksareal ? 92 m2
Bruttoareal ? 97 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 16199 m2
Energi­merking ? F
Vising
måndag 22. januar, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Hornnesvegen 18 A
Førde
Prisant. 2050000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 87 m2
Bruksareal ? 92 m2
Bruttoareal ? 97 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 16199 m2
Energi­merking ? F
Vising
måndag 22. januar, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet