3-roms på 2 plan med sentral og attraktiv beliggenheit midt i sentrum.

Vis i kart
Øyragata 49B
Lærdal
Prisant. 1100000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

3-roms på 2 plan med sentral og attraktiv beliggenheit midt i sentrum.

Øyragata 49B
6887 Lærdal
Bustaden ligg i eit veletablert bustadområde i Lærdal sentrum. Kort gangavstand til skular, barnehagar og forretningssentrum. Området er verna med eldre sentrumsbebyggelse.
Sentrumsnær 3-roms leilegheit på 2 plan.
Leilegheita inneheld følgjande:
2.etg: Stove, kjøken, soverom, bad og trapperom.
3.etg: Gang, soverom og 2 boder. Det eine rommet har tidlegare vore nytta til soverom, men rommet manglar vindauge/lysforhald.

Eigedomen er SEFRAK-registrert med kulturminnebetegnelse Uthus, Fredheim 3, Lærdalsøren.
Bustaden fekk utført større tiltak på innvendige overflater i ca. år 2000. Innvendige overflater er for det meste frå denne tida og har normalt elde og slitasje. Utvendig er bustaden vurdert til å trenge ein del tiltak på sikt. Utvendig kledning har ein del flassing av måling o.l. Det er misstanke om ein del råteskadar på delar av kledning grunna fukt frå nedlaup i område skiljevegg til nabobygg.

Badet har overflater frå ca. år 2000. Det er varmekabel og flis på golv, og baderomsplater på veggar. Badet er innreia med servant, wc og dusjhjørne. I rommet er det opplegg for vaskemaskin og plass til tørketrommel.
Kjøken har møbelinnreiing i lakka heiltre med fin utforma arbeidsbenk av flis. Det er god lagringsplass på kjøken og plass til etegruppe. Oppvaskmaskin er innbygd i kjøken innreiing. På veggar er det nytta måla strie og trepanel/brystning, og golv er tekka med flisar. Stova er av romsleg størrelse med plass til sittegruppe og trapp opp til 3.etg. Leilegheita har eit soverom i 2.etg innreia med garderobeskåp og 2 soverom i 3.etg. Eit av romma i 3.etg manglar vindauge/lysforhald.
Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising føl med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel føl ikkje med i salet. Tuner til TV føl ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.
Bustaden er støypt på plate direkte på grunn. Ytterveggar er antatt etterisolert bindingdverk i tre med trekledning og etasjeskillar er antatt etterisolert bjelkelag i tre. Kledning har ein del elde og treng ein vask og ny overflatebehandling. Det er misstanke om råte i område skijlevegg/trappalup då nedlaup sprutar direkte mot kledning grunna lekkasje. Strakstiltak er nødvending.
Leilegheita har kopla vindauger med trekarm. Utvendig listverk og rammer treng ny overflatebehandling. Trekarmar på bad treng tiltak grunna kondensskader etter høg fukt på bad. Innvendige dørar har finerte dørblad som er anteke frå byggjeår. Dørar med heiltre dørblad er frå ca år 2000.

Takkonstruksjon består av saltak tekka med Eternittheller frå byggjeår. Taktekket har passert levetida for materialet og bør skiftast innan kort tid. Grunna alder på tekket og beslag bør taktekket/undertak kontrollerast nærmare. Takrenner og nedlaup i stål er anteke frå byggjeår. Leilegheita har teglsteinspipe frå byggjeår. Det er ikkje montert pipehatt. Peis/vedomn er montert inntil pipe/brannmur.

Dei fleste innvendige overflater er frå ca. år 2000 då bustaden fekk utført større tiltak. Nokre overflater er anteke frå noko eldre tid.
På golv er det nytta flis og treplank, veggar er tekka med måla strier og trepanel om både er behandla og måla. I himling er det nytta trepanel og tak-ess plater. Det elektriske anlegget er bygd etter dei krav og retningslinjer som var ved byggjeår. Sikringsskåpet inneheld automatsikringar og er anteke frå ca. år 2000. VVS-installasjonar er utført etter dei krav og tekniske retningslinjer som var på oppføringsdato. Vatn og kloakk er frå ca. år 2000. Røyr av kopar frå oppføring.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Svein Låksrud, datert 21.12.2017.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 63 kvm, Bruksareal: 74 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
2.Etasje: 50 kvm
3.Etasje: 24 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering på offentleg parkeringplass like ved.
Areal: 247 kvm, Eierform: Fellestomt
Opparbeida utomhusareal på flat tomt.
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for verneområde på Lærdalsøyri er gjeldande for dette området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Bustaden er tilknytt kommunal veg, vatn og kloakk frå år 2000.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Seksjonen har buareal i 2. og 3. etg. med tilkomst frå felles trappelaup. Frå inngangspartiet har ein direkte tilkomst til bakkeplan med kun. 1-2 min. gangtid til sentrum.
- Vedomn
- Elektrisk oppvarming
Kr. 11 060 pr. år
Minstegebyr hos SIMAS pga. dunkedeling.
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme etter forbruk.
Innbuforsikring.
Felles bygningsforsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 284 915 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 911 727 per 31.12.16
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve på denne seksjonen, men eininga er godkjent som eiga bueining i følgje e-post frå Lærdal kommune.
Sameige har pr. i dag ikkje oppretta noko styre. Det blir heller ikkje betalt felleskostnader i sameige. Sameige har difor heller ingen fellesgjeld eller felles formue.
Sameie: Øyragata 49
Forkjøpsrett: Nei

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Sameiget har betalar pr. i dag ikkje felleskostnader og har ikkje noko rekneskap. Me kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Sameige har ingen forretningsførar/rekneskapsførar.
Det er ikkje krav om godkjenning av ny eigar eller forkjøpsrett i dette sameige.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Lærdal Kommune og noværande eigar av seksjonen har ein nøkkelavtale der kommunen har fått nøklar til leilegheita som dei oppbevarar i ein brannsikker boks hos kommune/teknisk etat. Sidan bygget er verna, må kommunen ha mulegheit til å kome seg inn for å sjekke brannvarslarane.
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 63 m2
Bruksareal ? 74 m2
Byggeår 1950
Tomte­areal 247 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 23. januar, 15:30 – 16:00
Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Øyragata 49B
Lærdal
Prisant. 1100000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 63 m2
Bruksareal ? 74 m2
Byggeår 1950
Tomte­areal 247 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 23. januar, 15:30 – 16:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet