20 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i Øenmarki i sentrum.

Vis i kart
Øenmarki
Vik i Sogn
Pris frå 2200000
til 3975000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

20 nye sjølveigarleilegheiter under oppføring i Øenmarki i sentrum.

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Leilighet Øenmarki 3 12 113 114 m2 3450000
Leilighet Øenmarki 4 12 139 142 m2 3975000
Leilighet Øenmarki 4 12 139 142 m2 3925000
Leilighet Øenmarki 4 12 139 142 m2 3925000
Leilighet Øenmarki 2 1 67 71 m2 Seld
Leilighet Øenmarki 2 2 68 71 m2 Seld
Leilighet Øenmarki 2 2 68 71 m2 2200000
Prosjektet
Sentralt i Vik sentrum byggjer Røyrvik Bygg og Betong AS ut eit nytt bustadprosjekt. Her har me gleda av å prensentera 20 bueiningar med høg standard. Her har du stor fleksibilitet, og du kan velja mellom mange ulike planløysingar. Ein fin mix av 2, 3, 4 og 5-roms leilegheiter med varierande størrelse. Alt frå 57 kvm til 142 kvm med prisar frå kr. 1.850.000,- til kr. 3.975.000,-.

Prosjektet består av 5 hus, som vil bli oppført i 3 byggetrinn. Det er dei 13 første leilegheitene i byggjesteg 1 og 2 (hus 1, 2 og 3) som no blir lagt ut for sal.

Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt vi nemner blant anna:
- Låg dokumentavgift.
- Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17).
- Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit i samråd med seljar. Tilpass leilegheita etter ditt behov.
- Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid
- Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald

Grip sjansen og sikre deg draumeleilegheita før det er for seint!

Last ned salsoppgåva for utfyllande informasjon om prosjektet, eller ta kontakt med meklar.
Innhald
God variasjon med bakgrunn i eit fleksibelt konsept basert på fire typar bueiningar A, B, C og D. Type A og D går over 2 plan, medan type B og C går over 1 plan. Bueiningane har ulik storleik og utforming, og kan kombinerast og tilpassast på alternative måtar alt etter kva kjøpar etterspør.
Kvar bueining har overbygd inngangsparti og eiga utebod. Bueining i eit plan som ligg i 2. etasje får tilkomst via utvendig trapp og svalgang.
Standard
Viser til eiga leveranseskildring for generell behandling av innvendig overflater, samt standard produktbeskriving.
Prosjektet vert bygd etter TEK 17.

Bustadane held god standard med parkett på golv i opphaldsrom og flis på golv i bad og inngangssone.
Kjøkeninnreiing vert levert komplett med skap og skuffer og med nedfelt komfyrtopp, avtrekksvifte og komfyrvakt frå Huseby Kjøkken. Det vert høve til ulike tilval for den innvendige utforminga.
Bad blir levert av Linn Bad AS, Sara baderomsmøbel. I planteikning for B1, B2, C1 og C2 er det lagt opp til at snuarealet kjem litt under servant, noko som det er høve til dersom det er ope under sevanten og at den vert plassert minimum 0,67m over golv. Eit servantskåp her vil hindre dette. Her kjem i tillegg dette med alternativ plassering av vaskemaskin.
Innvendige kvitmåla dører som er formpressa med kvitmåla karm med dempelist.
Vindauge med toppsving/fastkarm i hht prosjektering. Kvitmåla karmar inn-og utvendig, 3-lags glas med sikkerheitsglas ved krav.
I alle opphaldsrom blir det parkett av god standard, golvbelegg på bad og flis på golv i inngangssone i gang.

Leilegheitene blir installert med kvar si fordelingstavle plassert i bod. Dette i lag med fiber kjem frå utvendig skåp. Inne i kvar leilegheit er det med belysning i alle rom, utført som takarmatur med unnatak av stove. Her er det opplagt stikkontakt ved tak styrt av brytar. Det er ikkje med lys i innreiing på bad. Det er vidare med varmekabel på bad og inngang, styrte av termostat.
Det blir levert fiberløysing for leilegheitene. Kvar leilegheit får sin fiber for distribusjon av nett og TV-løysing, og det er med eitt nettverksuttak i stova nytta til TV.
Bustadane får avtrekksvarmepumpe som ivaretek oppvarming og varmegjenvinning, samstundes som den dekker ventilasjonsbehov og varmtvatn både til forbruk og grunnoppvarming via radiatorar. Det vert elektriske varmekablar inne i golv på bad og inngangssone. Varmepumpesystemet vil kunne kombinerast med anna oppvarming som elektrisitet eller vedfyring.
Byggjemåte
Bygga vert oppført i trekonstruksjonar med yttervegger som har 25cm isolasjon, oppå ringmur. Tak av betongstein, type Zanda Minster el. tilsv. Ståande trepanel utvendig på hovedbygningskroppen er kombinert med liggande panel på einskilde bygningsdelar. Kontrasterande fargebruk er med og under- streker variasjon og spel i fasaden.

Balkongrekkverk i aluminium og glas gjev gode utsyn- og lystilhøve. I tillegg gjev farga platefelt ved vindauga, eit lett uttrykk. Her har kvart bygg sin eigen platefarge - identitetsfarge, noko som er med på å skapa avveksling og gjenkjenning. Alle balkongar er overdekt anten med glastak eller tette felt. Saman med ulik bruk av trepanel og fargar, er også dette med på å på å skapa ytterlegare variasjonsrikdom i bustadområdet.

Utforming og konstruksjonsprinsipp vert i samsvar med gjeldande krav og forskrifter når det gjeld løysingar for energi, lyd, brann, m.m.
Veg, vatn, kloakk
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameige sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 15-20 pr. kvm pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
Ferdigstilling/overlevering av prosjektet variere på dei ulike byggestega. Oppstart B1 er planlagt våren 2018, byggetid ca 10 mnd. Dette er kun stipulert og faktisk ferdigstilling kan avvike frå dette, og dersom overtaking skjer seinare enn dette tidspunktet vil det ikkje gje kjøpar rett på dagmulkt eller krav om misleghald. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forhaldsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Servituttar/rettar
2005/121636-1/200 Jordskifte 25.08.2005 Saken gjelder: Rettsutgreiing for Hang stølsameige
Gjelder denne registerenheten med flere
Regulering
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Detaljregulering Øenmarki bustader i Vik kommune er gjeldande for dette område. Arealformål: Bustadbebyggelse - Konsentrert småhusbebyggelse.
Eigedom
Øenmarki
6893 Vik i sogn
Eigarform tomt og areal
Eierform: Fellestomt
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Om eigendomen
På Øenmarki midt i sentrum av tettstaden Vik er det eit flatt sentrumsområde som skal byggast ut med ca 20 bustader i tilknytning til eit allereie etablert einebustadområde. Området skal byggast ut i 3 byggesteg.
Betalingsplan
15% ved underteikning av kontrakt.
85 % ved overtaking

Seljar pliktar å stille garanti ovanfor kjøpar etter bestemmelsane i buofl. § 12. Garanti etter buofl. § 12 skal stillast umiddelbart etter seljar sin aksept av kjøpar sitt bod. Dersom seljar har teke atterhald om enten a) opning av byggjelån, b) sal av eit bestemt tal bustader eller c) ramme eller igangsettingsløyve, skal garanti stillast straks etter at atterhald er oppfylt og uansett innan byggjearbeida startar. Når det gjeld oppgjeret av resterande kjøpesum er det ein føresetnad at seljar har stilt § 12 garanti.

Ved overtakinga skal det vere stilt ferdigattest. I særlege tilfelle kan seljar krevje og kjøper ikkje nekte å gjennomføre overtakinga mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere til dømes dersom utomhus ikkje lar seg ferdigstille pga. tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdige før ferdigattest vert gjeve, og liknande. I slike tilfelle har kjøparane krav på å halde attende forholdsmessig del av vederlaget som sikkerheit for at det vert gjeve ferdigattest. Alternativt kan seljar stille § 47 garanti til sikkerheit for dette forholdet. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over og følgjeleg ikkje har krav på dagmulkt etter overtakinga.
Kommunale avgifter

Vassavgift for bustader pr.år-prisar pr 2017:
Storleik 0 - 80 m2
Forbruksgebyr pr år kr 1 776,-
Abonnementsgebyr kr 1 179,-
Sum årsavgift kr 2 955,-

Storleik 81 - 250 m2
Forbruksgebyr pr år kr 2 664,-
Abbonementsgebyr kr 1 179,-
Sum årsavgift kr 3 843,-

Kolakkavgift for bustader pr.år - prisar pr 2017
Storleik 0 - 80 m2
Forbruksgebyr pr år kr 759,-
Abbonementsgebyr kr 758,-
Sum årsavgift kr 1 517,-

Storleik 81 - 250 m2
Forbruksgebyr pr år kr 1 138,-
Abbonementsgebyr kr 758,-
Sum årsavgift kr 1 896,-
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Det er total 20 seksjonar i sameiga.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Vik kommune
Faste kostnader
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme.
Innbuforsikring.
Fellesutgifter til sameiget.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Forsikring.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg, vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Atterhald
Utbyggjar tek atterhald om at minst 70% av prosjektverdien må vere seld for at prosjektet skal kunne gjennomførast; herunder byggjestart vert sett i gang. Søknad om igangsetjingsløyve vert ikkje fremja før slikt tilstrekkeleg sal er oppnådd. Det vert vidare sett som føresetnad at det vert gjeve offentlege godkjenningar. Forskyvingar i forhold til opplysningar om anteke byggjestart/ferdigstilling og liknande som følgje av manglande avklaringar av atterhalda som er nemnde her, gir ikkje grunnlag for å gjere seljar ansvarleg for dagmulkt eller andre krav. Utbyggjar vil varsle kjøpar når bygginga vert igangsett (byggjestart). Arbeid med og på eigedomen som vert gjort før slikt varsel ligg føre er ikkje å rekne som byggjestart i forhold til kontrakten.

Seljar tek atterhald om følgjande høve for gjennomføring av avtalen; naudsynt offentleg godkjenning, tilstekkeleg antal selde bustader og styrande organ hjå seljar har teke avgjerd om byggjestart. Så snart desse høva er avklara vil kjøpar motta skriftleg melding om utbyggingsarbeida vert igangsett. Ved igangsetjing av byggjearbeida vil melding til kjøpar også innehalde opplysningar om planlagt tidspunkt/periode for overtaking.

Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.

Utbyggjar har rett til å tildele parkeringsplassar og boder.

Dersom ikkje byggjestart har skjedd innan 01.08.2018 kan begge partar etter denne dato ved skriftleg varsel til den andre parten, gå frå avtalen utan at det fører til noko form for kompensasjon for nokon av partane. Delinnbetaling/forskot vert betalt tilbake til kjøpar med tillegg av opptente renter. Etter faktisk igangsetjing kan ein ikkje gå frå avtalen. Utbyggjar har likevel mulegheit til å starte byggjearbeida sjølv om kravet til førehandssal ikkje er innfridd. I slike tilfelle vil kjøpar motta ei skriftleg melding om at byggjearbeida er sett i gang.

Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Ved eventuell transport/vidaresal av kjøpekontrakt før overtakinga vert det krevd eit gebyr stort kr. 35 000,- inkludert mva. Ny kjøpar vil vere bunden av eventuelle tingingar av tilval som er gjort av kjøpar. Transport av garantiar til ny kjøpar krev samtykkje frå garantist. Eventuelle gebyr for slik transport skal dekkjast av kjøpar.

Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ krarakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.

Prosjektet er på eit tidleg stadie og kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden. Dette gjeld også plassering av bygget, høgde samt at det kan bli gjort endringar som følgje av pålegg i samband med byggjeløyvet, optimalisering av sjakter, kanalar og fellesanlegg og liknande. Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det skulle kome avvik i høve det framfornemde så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi.

Ved overtaking har kommunen stilt som vilkår for å utstede ferdigattest/mellombels bruksløyve at delar av resten av fellesområde i byggjefeltet er ferdigstilt etter krava i reguleringsplanen for dei enkelte tomtene. Dersom slike areal ikkje er ferdigstilte vil kjøpar kunne halde attende midlar til sikkerheit for ferdigstilling, eventuelt at det vert stilt § 47 garanti for høvet.

Kjøpar er kjend med at det vil føregå byggjeaktivitet over lenger tid. Dette kan i periodar medføre noko støy og endringar.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 68 m2
til 139 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Øenmarki
Vik i Sogn
Pris frå 2200000
til 3975000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 68 m2
til 139 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet