No er salet i gang - ta gjerne kontakt! Storgata 33, eit spennande sentrumsprosjekt med seks ulike leilegheiter

Vis i kart
Storgata 33
Høyanger
Pris frå 1490000
til 2550000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

No er salet i gang - ta gjerne kontakt! Storgata 33, eit spennande sentrumsprosjekt med seks ulike leilegheiter

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Leilegheit B, første etasje 1 47.2 50.2 m2 Seld
Leilegheit D, andre etasje 2 58.3 61.3 m2 1490000
Leilegheit E, 3. og 4. etasje 3 80.4 85.9 m2 Seld
Leilegheit F, 3. og 4. etasje 3 98.8 104.4 m2 2550000
Prosjektet
Sameiget Storgata 33 er eit spennande prosjekt der eit eldre kombinert nærings- og bustadbygg midt i sentrum skal byggast om til seks sjølveigande leilegheiter med ulik storleik.
Frå leilegheitene er det kort gangavstand til butikkar, alle sentrumsfasilitetar, barnehagar, skular, idrettsanlegg, badeanlegg, turområde - kort sagt: kort veg til det meste!
Leilegheitene får moderne overflater og gode romlysingar. Fire leilegheiter har felles inngang på baksida av bygningen, to har eigne inngangar.
I tillegg til eigne uteområder/verandaer vert det laga felles, skjerma platting ved inngangen på baksida.

Det er mange fordelear ved å kjøpe i prosjekt, vi kan mellom anna nemne:
- Kjøp til fast pris - ein unngår bodrundar, noko som gir ein forutsigbar kjøpesum.
- Ein treng ikkje tenke på vedlikehaldskostnadar- og arbeid i lang tid framover.
- Ein får vere med og gjere eigne val i samråd med utbyggar.
- Ein set sjølv første stiften/skrua i veggen.
Innhald
Seks praktiske og moderne leilegheiter med ulik storleik, to i kvar etasje.
Leilegheitene i 3. etasje går over to plan, 3. og 4. etasje, med innvendig trapp mellom.
I bakkant av bygget, ved inngangen, blir det ein stor platting til bruk for alle i leilegheitene.
I kjellaren blir det teknisk rom og bodareal.
Det blir felles bossrom i bakkant av 1. etasje.
Standard
Leilegheitene får lyse, moderne overflater og får godt med dagslys inn.
Alle leilegheitene får veranda med utgang frå stove eller soverom, med unntak av leilegheit B.

Alle golv blir levert med 13 mm parkett i kvit, matt eik, med unntak av badet som får flislagt golv med varmekablar.
Veggane får overflater av mdf veggplater i lys farge, med unntak av bad som får våtromsplater.
I taka blir det ferdigmåla huntonit panelbord i alle rom.

Kjøkken er i opa løysing med stove og får same overflater som stove.
Kjøkkeninnreiinga er av type Sirius levert av Huseby Agil, eller tilsvarande, med frontar i Kalk Grå, eller tilsvarande. Det vert levert med integrert oppvaskmaskin, steikeovn med varmluft og 60 cm induksjonstopp, alle av merke Siemens eller tilsvarande, kjøleskåp er ikkje ein del av leveransen.

Bada får flislagde golv med varmekablar, og våtromsplater på veggane. Innreiing og dusjveggar av merke Vikingbad, toalett av merke GB Nautic.

Det blir montert downlight i stove, kjøkken og bad i samsvar med leveranse frå elektrikar.

Bestill komplett prospekt frå tilbydar og få det tilsendt på epost eller ta kontakt med meklar i dag!
Oppvarming
Oppvarming basert på elektriske varmeovnar. Varmeovnar er ikkje ein del av sluttleveransen.
Parkering/bod
Det blir opparbeidd ein parkeringsplass til kvar leilegheit på tomta. Leilegheitene i første etasje får parkering på sida av leilegheita, dei fire andre får parkering i bakkant av bygget.
Underetasjen er planlagt å dele av til bodareal for kvar leilegheit. Ein kjem til kjellaren via trapp frå utvendig fellesareal.
Adkomst
Lett tilkomst frå Storgata.
Tomt
Fellestomt som blir opparbeidd med asfaltert felles tilkomstveg og tunplass.
Byggjemåte
Sjå leveransebeskrivelse vedlagt i salsoppgåve.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter E
Veg, vatn, kloakk
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Tilkomst frå offentleg veg.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar (bortsett frå fritidseksjonar) i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Kjøpar er kjend med at det med bustaden følgjer med ansvar for å dekkje eigedomen sin del av del månadlege felleskostnadene.
Fellesutgiftene er ikkje fastsette pr. dags dato, no stipulert til ca. 500,- kr pr mnd.
Felleskostnadene vil normalt bestå av kostnad forsikring av bygning, straum til fellesareala og evt. avsetjing til vedlikehaldsfond.
Dei endelege felleskostnadene vert fastsett av sameigarane i fellesskap etter overtakinga.

Det skal ved innflytting betalast inn eit likviditetsinnskot/oppstartsinnskot til sameiget på kr. 3000,- .

Sameiget er ikkje til knytt sikringsordning for tap av felleskostnader. Sameigarane heftar for felleskostnader etter sameigebrøken sin. Herav heftar ein ikkje for andre sameigarar sine ubetalte fellesutgifter, men ein kan likviditetsmessig måtte legge ut for naudsynte kostnader som sameiget dreg på seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall være sikra ved 1. prioritetspant i slik seksjon som tilhøyrer den som ikkje har betalt sin andel av fellesutgiftene.
Likningsverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum.
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
Etter plan skal leilegheiten vere klare til overtaking i løpet av 4. kvartal i 2018.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av . 12.02.2016, nr. 86 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Lov om kvitvasking
Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om eventuelle mistenkjelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.
Servituttar/rettar
Legalpant for inntil 2G for ubetalte utgifter. Etter lov om Eigarseksjonssameige, er sameigarane ansvarlege ovanfor sameiget sine kreditorar i forhold til sameigebrøken sin. Ved manglande betaling av fellesutgifter har sameiget lovbestemt pantesikkerheit i den enkelte eigarseksjon inntil 1 gang folketrygda sitt grunnbelaup. Det vil bli tinglyst seksjoneringsbegjæring.
Regulering
Det er i følgje opplysingar frå Høyanger kommune ikkje reguleringsplan som omfattar eigedommen.
I kommuneplanen sin arealdel er eigedommen sett av til sentrumsføremål.
Bodgjeving
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag.
Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar.
Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved sal av prosjektert bustad. Sjå bodskjema vedlagt i salsoppgåva.
Eigedom
Storgata 33
6993 Høyanger
Eigarform tomt og areal
Areal: 619 kvm, Eierform: Fellestomt
Areal opplysningar
BRA fra 50 - 104 m2 og P-ROM fra 47 - 98 m2. Vi viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme.
Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Betalingsplan
10% ved underteikning av kontrakt.
90 % ved overtaking av bustaden.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige. Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering.
Det er total 6 bustadseksjonar i sameiget.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad.
Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Høyanger kommune
Vedtekter
Det blir utarbeidd vedtekter for sameiget i samsvar med "Lov om eierseksjoner" Lov -2016-12-02-86. Desse vedtektene skal følgje ved seksjonering og blir ettersendt til kvar kjøpar når dei er klare.
Nye vedtekter vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.
Forretningsførar
Det er ikkje valt forretningsførar for sameige. Dette vert velt av sameige etter at det er etablert.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Endringsarbeid er ei endring i bustaden som medfører endringar i teikningar eller teknisk underlag. Alle prosjektendringar må godkjennast av seljar. I tillegg må teikningar og teknisk underlag oppdaterast. Som ei følgje av dette kjem det til ein prosjekteringskostnad i tillegg til dei tinga endringane.

Etter igangsetjing vil det bli gitt fristar for tilval og endringar. Vert det inngått kjøpsavtale etter igangsetjing er kjøpar kjend med at fristar for tilval og endringar kan vere utgått. Kjøpar er oppmoda til å ta atterhald i kjøpstilbodet dersom prosjektet er igangsett, og kjøpar har krav til tilval/endringar som kjøpar forutset skal vere muleg å få levert av utbyggjar/seljar.

Kjøpar har ikkje rett til å krevje endringar og tilleggsarbeid som ikkje står i samanheng med ytingar som er avtala, og som i omfang eller karakter skil seg vesentleg frå den avtala ytinga og/eller er til hinder for rasjonell gjennomføring av byggjearbeida. Seljar pliktar heller ikkje å utføre endringar eller tilleggsarbeid som vil føre til ulempe for seljar og som ikkje står i forhold til kjøpar si interesse i å krevje endringar eller tilleggsarbeid. Seljar har rett til å ta seg betalt for utarbeiding av pristilbod , teikningar med vidare jamfør bustadoppføringslova § 44.

Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Atterhald
Seljar tek atterhald om følgjande høve for gjennomføring av avtalen; naudsynt offentleg godkjenning, tilstekkeleg antal selde bustader og styrande organ hjå seljar har teke avgjerd om byggjestart. Så snart desse høva er avklara vil kjøpar motta skriftleg melding om utbyggingsarbeida vert igangsett. Ved igangsetjing av byggjearbeida vil melding til kjøpar også innehalde opplysningar om planlagt tidspunkt/periode for overtaking.

Det vert teke atterhald om at det vert gjeve ramme- og igangsetjingsløyve for gjennomføringa av prosjektet.
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Eventuelle bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema som vil bli nytta ved alle sal. Sjå bodskjema.

Det vert teke atterhald om feil eller endringar i prislista. Utbyggjar kan utan varsel justere prisar og vilkår i den vedlagde prislista på uselde einingar.
Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter innflytting.

Utbyggjar har rett til å tildele parkeringsplassar og boder.

I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekkar i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekkar i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard.
Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.

Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Ved eventuell transport/vidaresal av kjøpekontrakt før overtakinga vert det krevd eit gebyr stort kr. 35 000,- inkludert mva. Ny kjøpar vil vere bunden av eventuelle tingingar av tilval som er gjort av kjøpar. Transport av garantiar til ny kjøpar krev samtykkje frå garantist. Eventuelle gebyr for slik transport skal dekkjast av kjøpar.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Innkassing av tekniske installasjonar som ikkje går fram av kontraktsteikningane kan førekome.
Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Det er eit vilkår for oppgjer at eigedomen er seksjonert, at det ligg føre § 12 garanti, det ligg føre mellombels bruksløyve og at bustaden er skjøtt over samt at andre kontraktsforhold er avklara.
Ved overtaking har kommuen stilt som vilkår for å utstede ferdigattest/mellombels bruksløyve at delar av resten av fellesområde i byggjefeltet er ferdigstilt etter krava i reguleringsplanen for dei enkelte tomtene. Dersom slike areal ikkje er ferdigstilte vil kjøpar kunne halde attende midlar til sikkerheit for ferdigstilling, eventuelt at det vert stilt § 47 garanti for høvet.
Ved kjøp av eigarseksjon vert overtaking av fellesareal gjort med styret i sameiget.
Ved besøk på byggjeplass før overtaking skal kundar alltid vere i følgje med ein representant for seljar. All anna ferdsel på byggjeplassen i anleggsperioden er med høg grad av risiko og er forbudt.
Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar.
Dersom kjøpar unnlater å møte til synfaring og overtaking utan gyldig grunn, kan seljar halde denne aleine. Kjøpar har ikkje rett til å nekte overtaking ved å ikkje måte opp på overtakingsforretning.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 58 m2
til 99 m2
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Storgata 33
Høyanger
Pris frå 1490000
til 2550000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 58 m2
til 99 m2
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet