Med Alden i synsranda

Vis i kart
Kalvedalsvegen 1
Florø
Prisant. 2700000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Med Alden i synsranda

Kalvedalsvegen 1
6908 Florø
På toppen i Kalvedalsvegen kan du nyte Alden i det fjerne og ha flotte naturopplevingar utanfor vindauget enten det er på Solheimsfjorden eller ein nyt fjella som ligg kransa rundt. Kort veg til flotte Brandsøyåsen med trimløyper i alle variantar. Solrikt og sørvendt . Dette er endeleilegheita mot vest og ein føler nesten at ein er åleine her i toppetasjen. Pratisk og gjennomtenkt vil eg sei at denne bustaden er .
Leilegheita har stove og kjøkken i open løysing og utgang til terrasse, 3 soverom der eit av dei har fantastisk utsikt mot sør, stort bad, vaskerom med tilstøytande bod som og har eigen inngang tilknytt leilegheita. På gateplan er det tilhøyrande sportsbod og carport.
Dette er ei flott leilegheit som har gode kvalitetar og er påkosta.
Alle himlingar har sparkla og målte gipstak med unntak av bod som har Agnes takess.
Det meste av veggane har overflater av gipsveggar som er sparkla og har målt glatt strie. Bod / vaskerom har Fibo baderomsplater. Badet har Fibo baderomsplater.
Dei fleste golva har eikeparkett. Badet har flisar. Boder har Tarkett og belegg.
Flislagt altan
Bustadblokk på 6 etasjer + u.etg. med felles areal til parkering under tak. Denne leilegheita har parkering og bod på bakkeplan. Leilegheita ligg i sjette etasje.

Bygget er eit betongbygg oppført i 2015 med etasjeskilje og skilje mellom leilegheitene i betong. Det er utvendig tilkomst til alle leilegheitene frå trapperom og heis. Langveggar i lette konstruksjonar. Kjøpar pliktar å gjer seg kjend med eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.

Det er ikkje tatt takst på eigedomen.
Primærrom: 88,80 kvm, Bruksareal: 94,30 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Sportsbod i underetasjen

BRA 94,3
Leilegheita er på eitt plan og har to innganger, den eine går inn til boda som er i tilknyting til vaskerommet og hovudinngang .

Areala er henta frå teikningar. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering i carport.
Areal: 7 200 kvm, Eierform: Fellestomt
Areal: 7 200 kvm, Eierform: Fellestomt i burettslaget.
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader
Offentleg
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Tilkomst via offentleg veg til parkeringsplass.
Behageleg vannboren varme i golv i stove, kjøkken, gang, vindfang, bad og vaskerom er inkludert i felleskostnader. Varmvatn til anlegget leverast frå eit felles luft til vatn varmepumpeanlegg med felles måling.
Innbuforsikring.
Fellesutgifter til sameiget.
Straumavgifter
Serviceavtale på ventillasjonsanlegg ca kr. 1000,- pr. år

Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 663 698 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 123 834 per 31.12.16
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 10.12.2015 . Denne ligg vedlagt.
#Borettslag: Bjørndalslia Borettslag, Orgnr.: 914765552
Andelsnr.: 48
Andel fellesgjeld: 2.208.210


Borettslag: Bjørndalslia Borettslag, Orgnr.: 914765552.

Burettslaget består av 47 andelar fordelt på to blokker som er bunde saman med felles svalgangar og felles trapp- og heishus.

Leilighetsnr. Andelsnr.: 48,

Denne leiligheta har annuitetslån lån i Sparebanken Vest saman med naboleilegheit.
2 terminar pr. år
Saldo pr. 20.02.2018 kr. 4 416 420
Frå 01.07.23 skal ein begynne å betale avdrag. (lånet er endra frå 4 til 2 terminer pr. år)
For andel 48 vil dette utgjere kr. 4.087,- i avdrag pr. mnd frå 01.07.23.
Rentesats pr. 20.02.2018: 2,6 % pa

Denne andelen har IN ordning slik at ein kan nedbetale på fellesgjelda etter ønskje.
7 084 pr. mnd. Felleskostnadane dekker renter på lån, vannboren varme, forretningsførar, kommunale avgifter, vedlikehald og straum i fellesareal og drift av heis.
Vannboren varme er innkludert i felleskostnadane

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 4.750,-
Drift kr. 2.334,-
Avdrag på lån startar 01.07.2023
Eigedomsskatt får ein i løpet av 2019 og vil føre til noke auke i felleskostnadane.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
BOB.
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 88.8 m2
Bruksareal ? 94.3 m2
Rom 4
Byggeår 2015
Tomte­areal 7200 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Kalvedalsvegen 1
Florø
Prisant. 2700000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 88.8 m2
Bruksareal ? 94.3 m2
Rom 4
Byggeår 2015
Tomte­areal 7200 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet