Fin 4-roms leilegheit i attraktivt bustadområde. Vassboren varme - lys og triveleg. Velkommen til vising!

Vis i kart
Ekornvegen 15 B
Sande i Sunnfjord
Prisant. 2150000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin 4-roms leilegheit i attraktivt bustadområde. Vassboren varme - lys og triveleg. Velkommen til vising!

Ekornvegen 15 B
6973 Sande i Sunnfjord

Eigedomen er utbygd med ein romsleg horisontaldelt tomannsbustad over to plan frå 2012.
Leilegheit i 1. etasje i populært, barnevennleg og solrikt bustadområde på Steia i Gaular kommune. Gangavstand til Sande sentrum med barnehage, barne- og ungdomsskule, daglegvarebutikk, kafè, Gaularhallen, legesenter, tannhelsetjeneste, bibliotek og kommune adminsitrasjonen. Like ved er det fine turområde for bruk både sommar og vinter.
Leilegheita går over eitt plan med følgande innhald:
Vindfang, gang, stove og kjøkken i opa løysing, tre soverom, bad, vaskerom og to boder.
Leilegheita framstår som lys og triveleg med gode kvalitetar. Det er vassboren varme i alle golv, noko som gjev ein behageleg temperatur i samtlige rom.

Romsleg entrè med flislagt golv, profilerte plater på veggane og takess med innfelte spottar i taket. Det er montert stor skyvedørsgarderobe for oppbevaring av klede og sko. Frå entrèen er det tilkomst til bod med laminat på golvet, profilerte plater på veggane og takess i taket.

Lys og fin stove i delvis opa løysing med kjøkken. På golvet er det laminat, målte profilerte plater på veggane og takess med innfelte spottar i taket.
Det er god plass til å møbelere stova med fleire sitjegrupper. Praktisk med plass til stort spisebord like ved kjøkkenet.

Stor kjøkkeninnreiing, godt med skåp- og benkeplass. Innreiinga består av høg-, over- og underskåp, benkeplate i laminat, nedfelt vask med to kummar og sideflate i stål, keramisk koketopp og integrert steikeomn, oppvaskmaskin, microbølgeomn og kjøle- og fryseskåp.

Det er totalt tre soverom i leilegheita. To av romma har laminat på golvet, eitt med belegg. Veggane har profilerte plater og takess i taka. Garderobeskåp i eitt av soveromma.

Stort, fint bad med flislagt golv, baderomsplater på veggane og takess med innfelte spottar i taket. Badet er innreiia med servant i underskåp, spegel med integrert lys, dusjhjørne og vegghengt toalett.

Praktisk vaskerom med flislagt golv, baderomsplater på veggane og takess i taket. Rommet er innreiia med intravask, opplegg for vaskemaskin, varmtvasstank og samleskåp for vassrøyr og fgor vannboren varme.

Frå vaskerommet er det tilkomst til bod med belegg på golvet, profilerte plater på veggane og takess i taket.
Fundamentert på planerte massar. Grunnmur av systemblokker av trykkfast isolasjon og betong.
Støypt isolert plate på grunn. Støttemur mot utvendig terreng i sørvest av betong.
Konstruksjon over terreng med bindingsverk og utvendig liggande kledning i trevirke. Inntil 250 mm isolasjon.
Overbygd inngangsparti og uteareal mot vest med dekke av singel. Overbygg av overliggande terrrasse. Inngangsparti med mindre trapp og repo av trevirke.
Sala tak med taktekking av betongtakstein.

Sikringsskåp med automatsikringar. Skjult el-anlegg, innfelte lyspunkt i himling.
Bustaden er mekanisk ventilert med ventilasjonsaggregat montert i bod.
Luft til vatn med utvendig del montert på vegg mot aust. Innvendig fordelingsskåp til golvvarme montert på vaskerom.
Det er installert sentralstøvsugar.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Peder Johann Ness Tveit, datert 09.04.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 108 kvm, Bruksareal: 118 kvm, Bruttoareal: 134 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bodareal

BRA : 118 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering på tunet.
Areal: 791 kvm, Eierform: Fellestomt

Dekke på tun og biloppstillingsplass av grus og singel.
Fellestomt, der leilegheitene disponerar den delen som naturleg ligg til leilegheita.
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Lett tilkomst frå kommunal veg.
Eigedomen er tilkopla kommunalt vass- og avlaupsanlegg.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter B
Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
- Vannboren varme i alle golv.
- Luft til vatn varmepumpe.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kr. 17 889 pr. år.
Av beløpet utgjer kr. 1920,- eigedomsskatt.
Straumforbruk ca. 9000 kWh pr. år.
Forsikring kr. 2 872,- pr. år.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr. 524 523,- pr. 31.12.2016.
Det føreligg ferdigattest frå Gaular kommune datert 17.04.2013. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.


Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Vi har ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 108 m2
Bruksareal ? 118 m2
Bruttoareal ? 134 m2
Byggeår 2012
Tomte­areal 791 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
måndag 30. april, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Ekornvegen 15 B
Sande i Sunnfjord
Prisant. 2150000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 108 m2
Bruksareal ? 118 m2
Bruttoareal ? 134 m2
Byggeår 2012
Tomte­areal 791 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
måndag 30. april, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet