Einebustad med eiga strandlinje og brygge.

Vis i kart
Kyrkjevegen 16
Leikanger
Prisant. 2650000
Soverom 2
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Einebustad med eiga strandlinje og brygge.

Kyrkjevegen 16
6863 Leikanger
Eigedomen ligg i veletablert bustadmiljø på Leikanger like ved Leikanger kyrkje. Området ligg fint til med flott utsikt over Sognefjorden og har gode soltilhøve. Utifrå avstanden til sentrumsfunksjonar som barnehage, barneskule og Hermansverk sentrum som har dei fleste servicetilbod, må ein pårekna ein del bruk av bil. Leikanger er vertskommune for ulike offentlege etatar og har såleis variert arbeidsmarked. Det er kort avstand til friområde med moglegheit for utfart heile året. Det er omlag 20 min. køyretid til regionsenteret Sogndal som har godt utbygd utdanningstilbod og variert arbeidsmarked.
Flott strandeigedom ved Sognefjorden med eiga brygge, del av naust og strandlinje.
Bustaden er på 3 plan og inneheld følgjande:
Kjellar: Gang, vaskerom, 2 boder, kjølerom og kjellarstove
1.etg: Vindfang, hall, stove, kjøken og 2 bad
Loft: Gang, loftsstove og 2 soverom

Eigedomen har opparbeida hage og del av naust er felles med nabo.
Bustaden er oppført i 1954 med den tids tekniske standard og vart seinare utvida i 1972-73. I høve alder til bustaden, så er det utført normalt vedlikehald. Men skal ein oppnå dagens standard må ein vera budd på omfattande utgifter til oppgradering og reparasjon. Det er registrert diverse skade på utvendig treverk og i kjellar er det registrert fuktskade ved kjølerom.

Kaien er fortsatt i ustand etter vinterstormen "Dagmar". Ikkje restaurert.
Felles naust med nabo.

Kjellar:
Etasjen har gangareal med belegg på golv, brystning på vegg og panel i himling.
I kjellarstove er det belegg på golv, panel på vegg og kvit himling. I stova er det oppført flott peis i mur og det er direkte utgang til hage.
Vaskerommet er innreia med god skåpplass, utslagsvask, og tilkomst til hage. Det er nytta belegg på golv, panel på veggar og i himling. Etasjen har også utebod og kjølerom.

1.etg:
Vindfanget har flis og varmekabel i golv og innebygd garderobeskåp. Det er panel på veggar og takess i himling. I hall er det lagt teppe på golv.
Bustaden har to bad i 1.etg. Bad nr 1 er innreia med badekar, toalett og servant og bad nr 2 er innreia med dusjkabinett, servant og toalett.
Kjøkenet er enkelt innreia med servant, under-og overskåp og har plass til ei etegruppe. Kjøkeninnreiinga har måla utføring og er i frå byggjeår. Det er nytta belegg på golv, plater på vegg og kvite plater i himling.
Stova er lys og romsleg med plass til fleire sittegrupper. Store vindaugsflater gjev gode lysforhald og flott utsikt over Sognefjorden. I stova er det montert varmepumpe, vedomn og det er utgang til veranda. Det er parkett på golv, strier og panel på vegg og plater i himling.

Loft:
Loftsstova har eit kott og er oppussa med belegg på golv, panel på veggar og i himling. Soverom 1 har utgang til veranda og innebygd garderobeskåp. Det er parkett på golv, tapet på veggar og kvit himling. Soverom nr 2 har teppe på golv.

Elles har bustaden:
- Vassrøyr av kopar og soil avlaupsrøyr (Oppgradering må påreknast)
- Naturleg ventilasjon
- Dels skjult og dels ope elektrisk anlegg
- Automatsikringar og skrusikringar (Dette er vurdert som utdatert)

Seljar i denne saken er eit offentleg dødsbu. Seljar har difor ikkje bebudd eigedomen som vert lagt ut for sal. Seljar har difor ikkje spesifikk kunnskap om eigedomen, og har i avgrensa grad kunne supplere og/eller kontrollere opplysningane i denne salsoppgåva. Det kan i denne samanheng eksistere feil og skader på eigedomen som ikkje er spesifikt opplyst. Kjøpar vert oppmoda til å føreta ei særleg grundig synfaring, helst med bistand av teknisk sakkyndig.
Bustaden har golv på grunn og veggar i mur/betong med pussa overflate som er dels utfora. Ytterveggar består av plassbygde treveggar med utvendig værhud av trekledning. Trekledning er måla, og har trong for noko vedlikehald. Taket har plassbygd saltakkonstruksjon med arkoppbygg og tekka med skifertekking. Dels innkledd teglpipe med kuftekanal er frå byggjeår. Bustaden har enkle, kopla og 2 -lags vindauge av varierande alder i trekarm.

Innvendig:
Det er brukt parkett på golv i stove, elles belegg, teppe eller flis. På veggar er det måla plater og panel. Himlingar er kvite.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 05.04.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 175 kvm, Bruksareal: 201 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
Kjellar: 55 kvm
1.Etasje: 91 kvm
Loft: 55 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Opparbeida parkering på eigen tomt.
Areal: 662 kvm, Eierform: Eiet tomt Tomteareal er henta frå matrikkelbrev frå Leikanger kommune.
Opparbeida tomt med hageanlegg, eiga brygge og del av naust. Det er registrert noko skade på brygge.
Eigedomen er regulert til bustadføremål. Reguleringsplan for Leikanger er gjeldande for dette området. Kopi av planen kan tingast ved henvendelse til meklar.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst via kommunal veg.
- Vedomn i stove
- Varmepumpe luft til luft
- Varmekabel i golv i vindfang 1.etg.
- Øvrig elektrisk oppvarming
Kr. 19 273 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Straum, nettleige og energiforbruk frå varme.
Innbuforsikring.
Forsikring.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 543 250 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 738 401 per 31.12.16
Det føreligg ikkje ferdigattest frå Leikanger kommune då bustaden vart oppført før 1960.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar. Huset vil ikkje bli ytterlegare vaska før overtaking.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 175 m2
Bruksareal ? 201 m2
Byggeår 1954
Tomte­areal 662 m2
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Kyrkjevegen 16
Leikanger
Prisant. 2650000
Soverom 2
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 175 m2
Bruksareal ? 201 m2
Byggeår 1954
Tomte­areal 662 m2
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet