Fint beliggande eigedom , alt på eit plan og romsleg garasje

Vis i kart
Dyreholtvegen 14
Florø
Prisant. 2960000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fint beliggande eigedom , alt på eit plan og romsleg garasje

Dyreholtvegen 14
6907 Florø
Tiltalande og praktisk bustad på eitt plan med garasje og fine uteplassar
Bustaden ligg fint til nær skule, barnehage, butikk og bensinstasjon. Solrikt og lunt med sti til flott turterreng i Brandsøyåsen like ved. Kort veg til busstopp. God adkomst frå hovudveg. Ein har trygg skuleveg og det er god sykkel og gangveg til sentrum. Ein god plass å bu og vekse opp.
Bustaden er praktisk og godt utnytta er på eitt plan og inneheld, stove, kjøkken, 3 soverom, bad, gjestetoalett, bod, vaskerom, gang og entre. Garasje
Gulva har overflater av : - klikkgolv i vinyl , vinylbelegg, flisar og våtromsbelegg.
Veggar har overflater av : - malte plater, tapet på sponplater, malt panel, smartpanelplater.
Himlingar har :- sponplater sparkla og malt, strukturplater rustikk 30cm, og 60/120cm hvite plater.
Spottar i tak i stove
Bustaden er sett opp med ytterveggar i bindingsverk i tre over fundament av betong og søyler. Ytterveggar har værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein. Krypkjellar.
Garasje er sett opp med ytterveggar i bindingverk av tre med utvendig værhud av ståande panel. Yttertak har betongtakstein. Avdelt med bod / verkstad. Vippeport.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Gunnar Helgås, datert 260118 .

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 110 kvm, Bruksareal: 112 kvm, Bruttoareal: 124 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 112 m2

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
På eigedomen og i garasje
Areal: 1 075 kvm, Eierform: Eiet tomt
Tomta er for det meste flat og opparbeidd med grøntareal og beplantning . Lun uteplass mot søraust. Solrikt og barnevenleg.
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader, offentlege byggeformål og friområde. Plan ID 19810103
Felles avkjørsel med 3 andre eigedomar til kommunal veg.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar. Septiktank med kommunal tømming.
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F
God tilkomst frå hovudveg.
Vedovn i stova. Varmekablar på badet og i entre.
inkl. evt. eigedomsskatt.
Likningsverdi som primærbustad kr 677 131 per
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 166 819 per
Det føreligg ferdigattest frå Flora kommune datert 230580 gjeld bustaden. Ferdigattest frå Flora Kommune datert 13.04.1983 gjeld garasjen. Desse ligg vedlagt.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Heimelshavar må vere medlem i BOB. Forkjøpsrett for medlemmane i BOB.
Utlysing av forkjøpsrett er sendt BOB og vil vere avklart før bodgjeving.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen...

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 110 m2
Bruksareal ? 112 m2
Bruttoareal ? 124 m2
Byggeår 1978
Tomte­areal 1075 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Dyreholtvegen 14
Florø
Prisant. 2960000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 110 m2
Bruksareal ? 112 m2
Bruttoareal ? 124 m2
Byggeår 1978
Tomte­areal 1075 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet