Tiltalande og moderne leilegheit med god planløysing og stor terrasse!

Vis i kart
Søreide
Sandane
Prisant. 1900000
Soverom 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Tiltalande og moderne leilegheit med god planløysing og stor terrasse!

Eigedom
Søreide
6823 Sandane

Sjå også prosjektet si heimeside www.soreidegrenda.no
Om eigedomen
Søreidegrenda sameige består av eit bygg med totalt 5 leilegheiter i varierande storleik. Alle leilegheitane får felles parkeringsplass og utvendig bod/sportsbod. Søreidegrenda er eit spennande og veksande bustadområde på Søreide. Området består av eksisterende bustader samtidig som det er eit nytt og spennande utbyggingsområde med planar om mange bueiningar på sikt. Her er alt nytt og du får ein moderne og lekker leiligheit som har både romslig terrasse og ligg roleg og fredelig til. Området er barnevennleg og er ein triveleg plass å bu enten ein er ung eller godt vaksen med nærheit til både fjorden, turstiar i fjellet og skogen. Det både fotballbane, tennisbane og leikeplass for borna på Søreide og i kort gang
avstand frå leilegheitene. Frå Søreide er det berre 2,5 km - altså ein kort biltur eller sykkeltur til Sandane sentrum.
Innhald
Leilegheita har god planløysing og inneheld stove/kjøkken i åpen løysing, soverom, bad, gang, vindfang og bod. I tillegg stor terrasse på 32 m2 og utebod på 5 m2.
Standard
Stove/kjøkken:
Stove/kjøkken i åpen løysing med plass til både spisebord og sofagruppe. Frå stove/kjøkken er det utgang til stor terrasse på m2! Einstavs lys eikeparkett på golv med golvvarme. Kvite slette flater på veggar og i himling, downlights i taket. Med listefri overgong mellom tak/veggar og listefrie vindaugskarmar skapar det eit moderne preg, mørk omramming på vindauger og balkongdører sett også sitt moderne preg på leilegheita. Kjøkkeninnreiing frå Aubo med integrert komfyr, induksjonstopp og oppvaskmaskin, samt frittståande kjøl-/fryseskåp. "Gladstone Eik" kjøkkenfrontar med god slitestyrke og naturtro trestruktur. Laminat benkeplate. Her er alt ein treng - flytt rett inn!

Bad:
Tiltalande bad med flis på golv og vegg og med varmekablar i golvet. Badet er utstyrt med vegghengt wc, heilstøyt vask nedfelt i skuffeinnreiing, overskåp med speglfrontar og dusj med skyvedører. Ellers er det opplegg for vaskemaskin på badet.

Soverom:
Stort om romslig soverom med god plass til dobbelseng og garderobeskåp. Einstavs lys eikeparkett på golv. Kvite slette veggar og himling.

Gang:
Gang med god plass til garderobeskåp. Einstavs lys eikeparkett med golvvarme, kvite slette flater på veggar og i himling.

Vindfang:
Praktisk vindfang med dør inn mot gangen. Flis med varmekablar på golvet så her er det ikkje farlig å komme inn med våte sko. Ellers er det kvite slette flater på veggar og i himling. Plass til garderobeskåp.

Bod:
Bod med flis på golv og kvite slette flater på veggar og i himling. Praktisk oppbevaringsplass og ellers er varmtvannstank, sikringskåp og rørskåp plassert her.
Byggjemåte
Bygget er opprinnelig frå 1974 men er ombygt til leilegheiter og er teknisk og bygningsmessig totalrenovert i 2017-2018. Standard ihht TEK 10.
Fundamentert med ringmur av betong med utvendig 10 cm isopor med utvendig fiberarmert slemming. Golv som påstøyp av betong over ca 5 cm isopor, radonsperre er montert mot betonggolvet og er montert under skilleveggen mot tilstøtande bustad. Ytterveggar som 10 cm isolert bindingsverk med 10 cm utvendig og 5 cm innvendig isolerte framforingar, ytterkledning av liggande dobbeltfalsa trekledning. Brann- og lydisolert skillevegg mot tilstøtande leilegheit oppført som 10 cm isolerte bindingsverksveggar med luftspalte mellom veggane, skilleveggane er montert mot grovstøypen.
Pulttak og dels som flat takkonstruksjon som plassbygd takkonstruksjon med bærande sperrer og med ca 30 cm isolasjon. Alu.takrenner og nedløpsrør for pulttaket, elles med innvendige nedløpsrør. Pvc-vindauger med 3-lags ruter. Taktekking er ikkje skifta, antatt monteringsår ca 2001. Loddbord og mindre del av ytterkledninga er frå byggjeår 1974. Taknedløpsrør er avslutta mot terreng.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 09.04.2018.
Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Alle rom er P-rom unnateke: Bod (utvendig bod er ikkje inkludert verken BRA eller P-rom).

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Oppstillingsplass på felles tomt.
Tomt
Areal: 2 347 kvm, Eierform: Fellestomt

Felles parkeringsplass og veg/tun vert asfaltert.
Regulering/offentleg godkjenning
Per idag er eigedommen regulert til offentleg formål men den gjeldande planen er ikkje lenger aktuell, og er difor ikkje vedlegg til prospektet. Det pågår omregulering til bustad, og det er gitt dispensasjon frå gjeldande plan for denne tomta.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via privat felles stikkledning.
Frå kommunal veg er det tilkomst via privat felles veg. Deretter felles tun og parkeringsplass for sameiget på eigen grunn.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter C
Tilkomst
Frå Sandane sentrum køyrer ein mot Hyen. Hold til venstre når du kjem til der vegen deler seg og går over brua. Kjør så litt vidare før du tar vegen over elva til Søreidesida av Gloppenelva. Like etter brua deler vegen seg i tre og då tar ein den midterste. Køyr til du får eigedommen på høgre side. Søreide ligg kun 2,5 km frå Sandane sentrum så her kan ein enten setje seg i bilen i et par minutt, nytte sykkel eller spasere inn til sentrum.

Det blir satt opp visningskilt ved fellesvisning.
Oppvarming
Varme i alle golv med unntak av soverom og bod. Balansert ventilasjon med varmegjennvinning.
Kommunale avgifter
Estimert kr 12.005 per år.
(Inkluderer: vassavgift kr 2711, kloakkavgift kr. 3452, estimert eigedomsskatt kr. 2100, og renovasjon (Nomil) kr. 3742 (standardabbonement bustad)).
Faste kostnader
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
- Fellesutgifter til sameiget
- Straum
Likningsverdi
Denne er ikkje fastsatt då leilighetene er nyoppført. Det vil bli fastsatt ligningsverdi for ny eigar.
Ferdigattest
Seljar er pliktig å framlegge ferdigattest eller midlertidig brukstillatelse før overtaking.
Felleskostnader
Det er naturleg at byggforsikring og renovasjon vert ein del av felleskostnadane. Det er opp til sameige om ein ønsker å opprette ein felleskonto slik at ein kan betale inn eit beløp kvar månad som ein kan nytte til utvendig vedlikehald. Endelege felleskostnader er difor ikkje estimert men ligg anslagsvis mellom 500,- og 700,- per måned per leilegheit.
Opplysningar om sameige.
Søreidegrenda Sameige består av eit bygg med fem leilegheiter/buseksjonar.
Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Sameiget er pr. i dag ikkje etablert og det foreligg derfor ingen rekneskap for sameige og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Vedtekter ligg som vedlegg til prospekt.
Godkjenning/forkjøpsrett
Ingen forkjøpsrett men styret skal ha opplysninger og ny eigar.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Eigedomen er nyoppført og utbyggar pliktar å betale forsikring fram til leileghetene er selde. Det vert då opprette et sameige med alle fem leilighetane og forsikringa vert då fordelt på alle fem eigerane i form av felleskostnader. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 47 m2
Bruksareal ? 50 m2
Bruttoareal ? 57 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 2347 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Søreide
Sandane
Prisant. 1900000
Soverom 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 47 m2
Bruksareal ? 50 m2
Bruttoareal ? 57 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 2347 m2
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet