INNFLYTTINGSKLARE LEILEGHETER!

Vis i kart
Loen
Loen
Pris 3200000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

INNFLYTTINGSKLARE LEILEGHETER!

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Leilegheiter under oppføring i Loen! 2 3 72.5 75.1 m2 2600000
Leilegheiter under oppføring i Loen! 2 3 95.7 98.5 m2 3600000
Leilegheiter under oppføring i Loen! 2 3 78.8 81.5 m2 Seld
Leilegheiter under oppføring i Loen! 2 2 72.5 75.2 m2 2400000
Leilegheiter under oppføring i Loen! 2 2 100 100 m2 3490000
Leilegheiter under oppføring i Loen! 2 2 78.8 81.5 m2 3000000
Prosjektet
Nytt leileghetsbygg i Loen.

Damgård Sameige er eit nytt og spanande bustadprosjekt beståande av eit eksisterande bygg med butikk og leilegheiter, som vert tilbygd med 3 etasjar der førtse etasje er utviding av butikklokalet medan dei to andre vert bustader. I andre og tredje etasje i tilbygget vert det bygd 6 supre leilegheiter med god kvalitet og praktiske løysingar. Fire av dei 6 leiligheitene får terrasse og utsikt mot vest/sørvest medan dei andre to får stor terrasse som vender mot nordaust og dermed får dei den gode morgonsola. Dei nyoppførte leilegheitene ligg midt i smørøyet i Loen. Leilegheitene er av varierande storleik og pris. Leilegheitene har gode terrassar men med varierande storleik. Alle leilegheitene får kvar si sportsbod i underetasje og fem av leilegheitene får også eigen carport. Bygget får heis.
Innhald
Damgård Sameige bustadprosjekt:
Prosjektet består av 6 nyoppførte leilegheiter i 2 og 3 etasje i tilbygget til Joker bygget i Loen.

Plan 2:
Leilighet 4 (nordaust): Bra 75,2 m2/P-rom 72,5 m2. Terrasse 31,8 m2.
Inneheld: Gang, bad, bod, to soverom og stove med åpa kjøkkenløysing.
Kr. 2 400 000,-

Leilegheit 5 (sørvest): Bra 100 m2/P-rom 100 m2. Terrasse på 28,8 m2.
Inneheld: Gang, bad, bod/vaskerom, to soverom og stove med åpa kjøkkenløysing.
kr. 3 490 000,-

Leilegheit 6 (sørvest): Bra 81,5 m2/P-rom 78,8 m2. Terrasse på 38,1 m2.
Inneheld: Gang, bod, bad, to soverom og stove med åpa kjøkkenløysing.
kr. 3 000 000,-

Plan 3:
Leilegheit 10 (nordaust) : Bra 75,1 m2, P-rom 72,5 m2. Terrasse 30,5 m2.
Inneheld: Gang, bad, bod, to soverom og stove med åpa kjøkkenløysing.
kr. 2 600 000,-

Leilegheit 11 (sørvest)
Bra 98,5 m2, P-rom 95,7 m2. Terrasse 12,9 m2.
Inneheld: Gang, bod/vaskerom, bad, to soverom og stove med åpa kjøkkenløysing.
kr. 3 600 000,-

Leilegheit 12 (sørvest) : Bra 81,5 m2, P-rom 78,8 m2. Terrasse 18,9 m2 : SELD
Inneheld: Gang, bod, bad, to soverom og stove med åpa kjøkkenløysing.
Kr. 3 200 000,-

I tillegg har alle leilegheitene sportsbod i underetasjen. Fem av leilegheitene får eigen carport, leilegheit 4 (2.etg mot søraust) får ikkje carport men parkering på fellesareal.
Standard
Alle leilighetene får gjennomgåande god standard. Her er tanken at ein skal kunne flytte rett inn uten å måtte gjere noko sjølve.
Leilegheitene vil få vassbåren varme i alle golv med unntak av boder og fellesareal. Oppvarming i form av varmepumpe luft til vatn. Alle leilegheitene har felles varmtvannstank for vassbåren golvvarme og forbruksvatn, og betaler etter målar/forbruk.

Stove: Vindauga i stova gjer mykje lys til rommet. Alle lelilegheitene har dør ut til ein romsleg terrasse. Stova har måla gips med måla strie på veggane. I stova er det tatt med forsterkning for oppheng til TV på ein av veggane. På golv er det 3-stavs eikeparkett.

Kjøkken: Det vert levert med lyste fronter frå Norema eller tilsvarande god kvalitet. Kvitevarer inngår ikkje. Kjøkkeninnreiing kan oppgraderast etter avtale med utbyggjar og kjøkkenleverandør. Mellom kjøkkenbenk og overskap er kvit glatt kitchenboard. På veggane er det måla gipsplater og det vert lagt på 3 stavs eikeparkett på golv.

Bad: Bad vert levert med 90 cm baderomsinnreiing - vask nedfelt i skuffeseksjon med frontar i kvit høgglans, blandebatteri og overskåp bredde 90 cm med speglfrontar, ledbelysning opg stikkkontakt. . Ellers vert bad utstyrt med dusj og vegghengt wc. Badet vert levert med Fibo Trespo plater (eller tilsvarande) på veggane og flis på golv. Opplegg for vaskemaskin og tørketrommel vert plassert på bad i kvar leilegheit, eller på vaskerom for dei leilegheitene som har dette.

Boder: Hard plate (osb eller finer) bak gips på boder i leilegheitene. På bodene i underetasjen vert det betonggolv behandla med epoxy og 15 mm finer på ei side på delingsveggane og synlege stenderar på den andre sida.

Veggar: Stove, kjøkken, soverom og entrè får gips+strie+maling på veggene. I stova er det tatt med forsterkning for oppheng av TV på ein av veggane.

Tak: Kvit slett gipshimling som vert sparkla og malt.

Ventilasjon: Det vert levert separat forsert/balansert ventilasjonsanlegg for kvar leiligheit. Dette vert plassert på vegg i innvendig bod. Tilluftsventil på soverom og stove. Avtrekk på kjøkken, våtrom og boder.

Sikringsskap: Det vert sett opp sikringsskap i kvar leilegheit.

Terrassar: Betongoverflate på terrassane i 2. etasje. Møre Royal terrassebord på terrassane i 3. etasje.

Leilegheitene vil få porttelefon.
Oppvarming
Vassbåren varme i alle golv med unntak av boder og fellesareal.
Parkering/bod
Fem leiligheiter får parkering i eigen carport (leilegheit nr 4 får ikkje carport), ellers parkering på felles parkeringsplass.
Når det gjeld fordeling av boder og carport blir dette ihht vedlagde oversikt i prospektet.
Adkomst
Enkel tilkomst med flat tomt, felles trappegang og heis til alle etasjar med ny inngang frå baksida på bygget.
Tomt
Tomta er flat og består av asfaltert veg og parkeringsplassar. Fellestomt for både bustad- og næringsseksjonen (sjå vedtekter).
Bygning
Eksisterande bygning vert tilbygd med næringsdel i første etasje og leilegheiter i andre og tredje etasje. Den første etasjen vert ei utviding av eksisterande butikk/lager medan dei andre to etasjane vert leilegheiter. Dei seks nye leilegheitene kjem i tillegg til fem leilegheiter som er i den eksisterande bygningen. Det vert danna eit sameige med totalt 11 bustadseksjonar og 1 næringsseksjon.
Byggjemåte
Bygget vert oppført ihht TEK 10.
Entreprenør: HS-Bygg.
Energimerking
Alle leilegheitane har fått energikarakter A (gul oppvarmingskarakter).
Veg, vatn, kloakk
Enkel tilkomst frå offentleg veg. Vatn og kloakk tilknytta kommunalt anlegg via private felles stikkledningar.
Sameige
Det vert danna eit sameige med både dei 6 nye leileghetene, dei 5 i det eksistarande bygget og ein næringsseksjon. Ifølgje lov om eigarseksjonar § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar i eit sameige. Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameiget sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje felles forsikring på bygget, renovasjon, oppvarming av varmevatn til vassbåren golvvarme og forbruksvatn, og generell drift og vedlikehald av heis og fellesareal. Desse er stipulert til å liggje på mellom kr. 1000 - 1500,- pr. mnd.

Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.Sameige er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Formueverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum for primærsbustad (andre satsar gjeld for sekundærbustad).
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
Forventa ferdigstilling er Desember 2018 for leilegheitene i 3. etasje og Januar 2019 for leilegheitene i 2.etasje.

Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiga og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.
Lov om kvitvasking
Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om eventuelle mistenkjelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.
Servituttar/rettar
Legalpant for sameiget for inntil 2G for ubetalte utgifter.

Hefter:
- 1930/900441-1/56 Utskifting 08.01.1930 Overutskiftning. Overført fra: 1449-70/25
- 1958/2010-1/56 Jordskifte 23.12.1958 Grensegangssak. Tillegg til do., dbnr. 56, tgl. 09.01.60. Overført fra: 1449-70/25.
- 1958/2011-1/56 Jordskifte 23.12.1958 Grensegangssak. Overført fra: 1449-70/25.
- 1966/468-1/56 Jordskifte 10.03.1966. Overført fra: 1449-70/25.
- 1973/2145-1/56 Bestemmelse om vannrett 19.06.1973. Rettighetshaver:Knr:1449 Gnr:70 Bnr:2
- 1973/2586-1/56 Bestemmelse om bebyggelse 26.07.1973. Rettighetshaver: Selgerne. Rett å bygge vare/venterom på nærm. bet. Overført fra: 1449-70/101
- 1982/1836-2/56 Erklæring/avtale 29.04.1982 LEIE AV NÆRINGSLOKALE. LEIETID: 10 ÅR. ÅRLIG AVGIFT NOK. 35 600,-. LEIEN KAN REGULERES.
KONTRAKTEN KAN OVERDRAS/FREMLEIES UTEN SAMTYKKE FRA HJEMMELSHAVER/UTLEIER. Rettighetshaver: POSTVERKET.

Eigedommen skal seksjonerast.
Kjøpar aksepterer at ovannemnde hefter vert liggande på eigedommen sitt grunnboksblad..

Bustaden vert seld med tinglyste rettar og plikter. I tillegg kan seljar tinglyse bestemmelsar vedrørande sameige, naboforhold eller forhold pålagt av myndigheitene, herunder hefte som gjeld veg, vatn og avlaup samt legging og vedlikehold av ledningar til straum, kommunikasjon og liknande. Det må påreknast at enkelte erklæringar kan bli tinglyst som pengehefte og at kjøpar sin bank kan få prioritet etter dette.
Regulering
I følgje reguleringsplan for Loen sentrum nord, vedteken den 05.05.1998, er eigedomen regulert til byggjeområdet for forretning/hotell mv.
Framlegg til ny reguleringsplan for Loen nord ligg ute til offentlig ettersyn fram til 05.12.2017
Eigedom
Loen
6789 Loen
Eigarform tomt og areal
Areal: 3 076 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigarform bustad
Sjølveigar
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg.
I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal vere basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Betalingsplan
Heile beløpet (kjøpesum + omkostningar) betalast inn til meklars klientkonto ei veke innan overtaking.
Kommunale avgifter
Estimerte kommunale avgifter: kr. 2759,- per år (inkluderer; abb.gebyr vatn, forbruksgebyr vatn, abb.gebyr avløp, forbruksgebyr avløp). Eigedomskatt kjem i tillegg men er ikkje fastsatt.
Dette er kun estimerte kostnadar og kan avvike frå det som her er oppsett.
Eigedomsskatt
Kjøpar må betale eigedomskatt til Stryn Kommune, men då det er nyetablerte bueiningar er ikkje beløpet fastsatt endå.
Seksjonering
Eigedommen skal seksjonerast og dannar såleis eit sameige. Det er totalt 12 seksjonar i sameiget fordelt på 11 bustadseksjonar og 1 næringsseksjon.
Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal.

Seljar tek atterhald om tinglysing av seksjonsbegjæring.

NB: Seljar har planlagt eit parkeringshus på bakre del av tomta mot nordvest. Eigedommen skal reseksjonerast etter at planlagt parkeringshus er byggjemeldt og skal inngå i næringsseksjonen. Dette parkeringshuset skal også kun nyttast av næringsseksjonen. Kjøpar kan ikkje motsetje seg dette og plikter å medvirke med nødvendig signatur.
Faste kostnader
- Straum
- Innbuforsikring
- Fellesutgifter til sameiget
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Dyrehald er ikkje tillatt.
Forretningsførar
Evt forretningsførar vert bestemt av sameige etter at det er etablert.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Avbestillingskostnader:
Dersom kjøpar avbestiller heile eller deler av seljars yting, har seljar krav på erstatning for sitt økonomiske tap som følgje av avbestillinga, jfr. buofl. § 53. Dette vil blant anna omfatte meirkostnader som følgje av seljars meirarbeid i samband med avbestillinga og nytt sal, eventuelt tap på forteneste ved nytt sal, og anna tap/meirkostnader som følgje av utsett overtaking av bustaden. Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Atterhald
Det vert teke atterhald om godkjend seksjonering. Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter innflytting.
I nye bygg vil det normalt oppstå svinnriss, sprekker i tapet, maling og så vidare ved skøyter og samanføyingar, dels på grunn av uttørking av materialer. Det vert påkeika spesielt at sprekker i materialovergangar og mellom tak og vegg og i hjørner ikkje kan bli forlanga utbetra, så lenge desse ikkje inneber avvik frå god handverksmessig standard.
Kjøpar er kjend med at utomhusarbeid, avhengig av årstid, vil kunne bli ferdigstilt og overtakingsforretning for desse halde etter at forbrukaren har teke over bustaden.
Prosjektet er på eit tidleg stadie og kjøpar må akseptere eit mindre vesentleg avvik i areal for bustaden.
Kjøpar kan ikkje krevje prisavslag/erstatning dersom det skulle kome avvik i høve det framfornemde så sant dette ikkje forringar bustaden sin verdi.
Seljar kan gjere naudsynte og/eller hensiktsmessige endringar i spesifikasjonane, til dømes som følgje av offentlegrettslege krav, manglande tilgjengelegheit eller prisendringar, så lenge dette ikkje reduserer føresett standard på bustaden. Dette gjeld også for endringar/tilval. Slike endringar utgjer ikkje ein mangel, og gir ikkje kjøpar rett til prisavslag eller andre sanksjonar.
Teikningar og illustrasjonar i prosjektet og teikningsmaterialet er kun av illustrativ karakter. Ved eventuelt avvik gjeld leveransebeskrivinga framfor prospektet og teikningar.
Seljar informerer om at det kan forekome, og kjøpar må akseptere, mindre endringar i forhold til arkitektteikningar og byggjebeskrivingar. Kjøpar pliktar likevel ikkje å akseptere endringar som reduserer verdien av bustaden.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 79 m2
til 79 m2
Energi­merking ? A
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Kamilla  Nedre-Flo
Kamilla Nedre-Flo
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Bilete av Lise-Mari  Mulen
Lise-Mari Mulen
Eigedomsmeklar MNEF
Bergen
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dersom sal til prisframlegg.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • dokumentavgift (2,5% av kjøpesum)
  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 525,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 525,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • tinglysingsgebyr for skøyte (kr. 430,-)
  • tinglysingsgebyr for pantedokument (kr. 430,-)
  • panteattest (kr. 172,-).

I tillegg kan det kome eigarskiftegebyr.

Reknestykket legg til grunn at det berre vert tinglyst ein låneobligasjon og at eigedomen vert seld til prisframlegg.

Vanlege kostnader ved kjøp er:

  • noteringsgebyr
  • transportgebyr
  • eigarskiftegebyr
  • medlemskapsgebyr
Loen
Loen
Pris 3200000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 79 m2
til 79 m2
Energi­merking ? A
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet