Attraktiv fritidseigedom i vakre omgjevnader i Stavang - deleigar i stor kai.

Vis i kart
Øyna
Stavang
Prisant. 2600000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Attraktiv fritidseigedom i vakre omgjevnader i Stavang - deleigar i stor kai.

Øyna
6944 Stavang
Denne flotte hytta ligg idyllisk til blant fritidseigedomar, berre få meter frå sjøkanten, på Øyna i attraktive Stavang. Her er det god utsikt mot skjærgarden. Eigedomen har fleire solrike uteplassar. På Øyna er det fine småstrender og badeviker. Eigedomen er også deleigar i stor kai like ved. I tillegg til eigedomen er det moglegheit å kjøpe båtplass i flytebrygge og ekstra parkeringsplass (utanom den som følgjer med) til bil.
Stavang ligg ytterst på nordsida av Førdefjorden med flott utsikt mot øyane i vest. Flott skjærgard, eit ypperleg utgangspunkt for fritidsfiske og sjøaktivitetar. Stavang ligg ca 4,7 mil frå Florø via Eikefjord, og ca. 5 mil frå Førde via Naustdal.
Det er kolonialbutikk og trelasthandel i Stavang, og barnehage/skule. Stavang er ei attraktiv bygd og har ein fin kombinasjon av bustader og fritidsbustader.
Fritidseigedomen inneheld: vindfang, gang, bad/wc/vaskerom, kjøkken, stove, 3 soverom, bod og sportsbod. Stort loft med golv, lys og vindauge i gavl (ikkje målbart areal).
Hytte med gode kvalitetar og praktisk planløysing.
Den romsleg stova ligg vendt mot sjøen med store vindusflater på tre sider. Dette gir god utsikt og mykje lys. Det er også utgang til austvendt og vestvendt terrasse frå stova.
På veggar er det måla panel, i himling er det panel og golvet har tregolv. Det er vedomn i stova.
Koseleg kjøkken med plass til spisebord. Vindauge mot vest.
JKE kjøkkeninnreiing med heiltre syrebeisa furufrontar. Laminat benkeplate. Integrert komfyr med platetopp.
Kjøkkenet har måla tregolv, måla glassfiberstrie med fliser over benkeplate og takess i himling.
Badet har baderomsinnreiing 90 cm, dusjhjørne og snurredass. Uttak for vaskemaskin. Badet har våtromsbelegg på golv, baderomspanel på veggar og takess i himling.
Det er 3 soverom i hytta. Desse har olja/lakka tregolv, måla plater og tapet på veggar og takess i himling. Stort loft med golvareal på ca 55 m2. Sikringsskåp og varmtvannstank (ny 2018) er plassert på bod.
Fritidseigedomen er oppført i 1990. Fundament er betongpeler til fjell. Ytterveggar har 148 mm isolert trestenderverk, asfaltplater, lekter og utvendig liggande kledning. Innvendig diffusjonssperre og plater/panel. Saltak med tresperr, sutaksbord og shingel. Innvendig antatt isolert og panelt. Nytt shingeltak i 2013. 2-lags isoler-vindauge. 3 nye vindauge i 2016.

Eigedomen eig 1/3 del av kai ved sjøen nord for eigedomen (ilag med bnr 101 og 102). Kaia vart gjenreist i 2013 etter øydelegging av storm.
Kaia er solid oppført, har eit BRA på 69 m2 + landgang 27 m2.
Støypte søyler med fast gyset stål til grunn. Impregnerte bjelkar og toppdekke med impregnerte bord. Kaifront, ca 15 lm
med impregnerte bord, samlet flate ca 38 m2. Trapp i impregnerte materialer. Frontstoppar og pullerter. Landgang med
støpte søyler med fast gyset stål til grunn. Impregnerte dragere og impregnert dekke.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 16.04.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 78 kvm, Bruksareal: 83 kvm, Bruttoareal: 90 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: sportsbod og bod. Hems har ikkje målbart areal.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 83 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Leige av 1 parkeringsplass kr. 350,-. pr år. Kjøpar må inngå ny leigeavtale med grunneigar.
Moglegheit for kjøp av båtplass i flytebrygge og ekstra parkeringsplass til bil.
Areal: 790 kvm, Eierform: Sjølveigartomt. Tomta er opparbeidd med fleire solrike treplattingar. For øvrig er tomta naturtomt med gras og berg. Hekk mot nabo i nord.
Eigedomen ligg i reguleringsplan Stavang, del av gnr/bnr 98/11 m. fl. Plan id 20160106. Fritidsbebyggelse og kai.
Privat veg med sti til eigedomen.
Vatn frå Øyna vassverk kr. 1000,- pr år.
Snurredass (ikkje avlaup). Gråvatn (dusj/vask) går i røyr til sjø (ilag med nabo).
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Tilkomst frå Stavang via privat veg. Frå parkeringsplass til eigedomen er det ca. 200 m på grusa sti.
Hytta har mura og pussa elementpipe. Forblenda brannmur og pipe med skifer. Jøtul vedovn i stove.
Termostatstyrte varmekabler på bad/wc/vaskerom.
Kr. 4 153 pr. år.
Gjeld renovasjon og eigedomsskatt.
Vassavgift Øyna vassverk kr. 1000,- pr år.
Parkeringsplass 1 bil kr. 350,- pr år.
Likningsverdi som primærbustad kr 133.054,- per 31.12.16
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve på hytta frå Flora kommune. Det føreligg godkjente teikningar frå Flora Kommune. Det føreligg ferdigattest på oppføring av brygge, datert 18.03.2013.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til fritidsføremål.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 83 m2
Bruttoareal ? 90 m2
Rom 4
Byggeår 1990
Tomte­areal 790 m2
Energi­merking ? F
Vising
laurdag 2. juni, 11:00 – 12:00
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Øyna
Stavang
Prisant. 2600000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 83 m2
Bruttoareal ? 90 m2
Rom 4
Byggeår 1990
Tomte­areal 790 m2
Energi­merking ? F
Vising
laurdag 2. juni, 11:00 – 12:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet