Fin einebustad med attraktiv beliggenheit, stor tomt og flott utsikt!

Vis i kart
Prestemarka 10
Askvoll
Prisant. 2680000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin einebustad med attraktiv beliggenheit, stor tomt og flott utsikt!

Prestemarka 10
6980 Askvoll
Eigedomen har fin beliggenheit i etablert bustadfelt på Soltun i Askvoll.
Kort gangavstand til sentrum, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, fjorden og sentrum.
Eigedomen har gode soltilhøve, stor og fint opparbeid tomt og flott hage.
Eigedomen er bebygd med einebustad og garasje.
Einebustaden går over to-plan med følgjande innhald:
1.etasje: vindfang, gang, bad, tre soverom, kjøkken og stove med utgang til terrasse/hage.
Kjellar: tv-stove, kjellarstove, gang, bad, vaskerom, boder, bod nytta som treningsrom og kjølebod.
Betydeleg modernisert bustad med gode kvalitetar.
Overbygd inngangsparti med praktisk bod like ved inngangsdøra.
Gang med laminatgolv og måla-profilerte plater på veggane.
I høgre ende av gangen ligg romslege stove med kjøkken i bakkant.
Stova har god plass til både sitte- og spisegruppe.
Utgang til stor terrasse og hage.
Nyare klebersteinsovn, varmepumpe, flott laminatgolv, måla- profilerte plater på veggane og panel/ måla himling.
Store vindauge slepp lys og utsikt inn i rommet.
I bakkant ledar skyvedør inn til kjøkkenet.

Nyare innreiing frå Ikea med integrert oppvaskmaskin, induksjonsplatetopp, steikeovn og micro.
Det fine laminatgolvet fortsett frå stova og inn på kjøkkenet som har måla- profilerte plater på veggar og i himling.
I himlinga er det også laga dekor takbjelkar.
Fin arbeidsplass ved vindauge som har utsyn mot hagen.
Tilbake i gangen ligg fint bad og tre soverom.

Badet er heilflisa med varmekablar i golvet.
Innreiiinga består av vegghengd wc, dusjkabinett, servant med skuffer, spegel med lys og høgskåp.
Badet har to vindauge, mekaniskavtrekk og spottar i himling.

Soveromma har parkettgolv og måla overflater elles.
Det største soverommet har stor skyvedørsgarderobe og utgang til terrasse/hage.
Eit av soveromma har måla- profilerte plater på veggar og i himling.

Frå gangen er det trapp ned til kjellaren.
Tv-stova i kjellaren har varmepumpe, laminatgolv, profilerte plater på veggar og fin detaljvegg i teglstein. Panel i himling.
Frå tv-stova er det dør vidare inn til stor kjellarstove. Kjellarstova har plassbygd peis, furugolv og panel på veggane.
I andre enden ligg gang med tilkomst til boder, bad, kjølerom, og vaskerom med eigen inngang.

Kledninga på huset har nyleg blitt måla.

Flott eigedom med stor og lett steld hage.
I underetasjen er det betongplate på mark. I nokre rom i underetasjen er det tilfarargolv.
Grunnmuren er truleg oppført i betong, utvendig med murpussa overfalter og innvendig delvis med utlekta trepanel og delvis med murpuss på underlag av siporex.
Etasjeskillene er oppført i trebjelkelag.
Ytterveggane over grunnmuren er oppført i 4" isolert bindingsverk med bordkledning av utevendig trepanel.
Delar av kledninga vart skifta i forbindelse med montering av nye vindauge i 2016.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med taktekking av glasert takstein.
I delar av stova er det mønt himling.
I takkonstruksjonen med møne som vender mot sørvest har det vorte bygd nyare takutstikk.
Nytt overbygg ved inngangspartiet i fasade mot nordaust.
I underetasjen er det vindauge med kobla ramme i trekarm med standard frå byggeår.
Vindauga elles består av to-lags glas i trekarm med aluminiumsbeslag frå 2016.
På det eine badet er det vindauge med to-lags glas frå byggeår, på det eine soverommet er det vindauge med to-lags glas frå 2009, utan aluminiumsbeslag.

Innhaldet i kjellaren er endra etter at teikningane av huset vart godkjend av Askvoll kommune i 1971.
Det er ikkje søkt kommuen om bruksendring av romma i kjellaren.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 03.04.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 193 kvm, Bruksareal: 161 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: boder, treningsrom og kjølebod.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 91 kvm.
1.Etasje: 102 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Innhaldet i kjellaren er endra etter at teikningane av huset vart godkjend av Askvoll kommune i 1971.
Det er ikkje søkt kommuen om bruksendring av romma i kjellaren.
Garasje og god plass til parkering på eigedomen.
Areal: 1 398 kvm, Eierform: Eiet tomt
Eigedomen ligg i område avsett til bustad i arealdelen av kommunenplanen.
Offentleg veg fram til tomegrensa, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Eigedomen har enkel tilkomst.
Det vil bli skilta fram til eigedomen ved fellesvising.
- Vedovn
- Varmekablar
- Varmepumpe
- Øvrig oppvarming er el.basert
Kr. 16 195 pr. år
Forbruksgebyr for vatn og kloakk kjem i tillegg (11.82kr/10,27kr per m3). inkl. evt. eigedomsskatt.
Eigedomen er i dag fullverdiforsikra hjå Gjensidige. Årleg premier var kr. 5654 i 2017.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.

Familien som bur på eigedomen hadde eit straumforbruk på 15 582 kwh. i 2017.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Likningsverdi som primærbustad kr 488 484 per 14.05.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 563 147 per 14.05.18
Det føreligg brukstillatelse frå Askvoll kommune datert 15.12.1971. Løyvet ligg vedlagt salsoppgåva.

Innhaldet i kjellaren er endra etter at teikningane av huset vart godkjend av Askvoll kommune i 1971.
Det er ikkje søkt kommuen om bruksendring av romma i kjellaren.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 193 m2
Bruksareal ? 161 m2
Rom 5
Byggeår 1971
Tomte­areal 1398 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 28. mai, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Prestemarka 10
Askvoll
Prisant. 2680000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 193 m2
Bruksareal ? 161 m2
Rom 5
Byggeår 1971
Tomte­areal 1398 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 28. mai, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet