Stor 4-roms toppleilegheit på Askvoll brygge med heis, garasje, båtplass, veranda og altan!

Vis i kart
Askvollvegen 400
Askvoll
Prisant. 3500000
Soverom 3
Etasje 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Stor 4-roms toppleilegheit på Askvoll brygge med heis, garasje, båtplass, veranda og altan!

Askvollvegen 400
6980 Askvoll
3. etasje
Askvoll Brygge ligg idyllisk plassert i Askvoll sentrum.
Eigedomen har flott omgjevnader, flott fjordutsikt og gode solforhold.
Gangavstand til sentrumsfasilitetar, barnehage, skule og idrettsanlegg.
Leilegheita har tinglyst rett til båtplass i småbåthavna tilknytt eigedomen.
Eigedomen er fint opparbeid med fine grøntområder, båthavn, brygge med flott steinmur mot fjorden, gjerde, hekkar, asfalterte vegar og garasjar.
Kort gange frå garasje/parkeringsområde til inngangsparti på gateplan. Heis opp til leilegheita.
Stor fireroms toppleilegheit i øvste etasje med følgjande innhald:
entrè, bod, stove/kjøkken med utgang til veranda, gang, bad/vaskerom, og tre soverom, det eine med vestvendt altan.

I tillegg har leilegheita ekslusiv bruksrett til garasje og tinglyst rett til båtplass i småbåthavna.
Leilegheita ligg fint plassert i byggets øvste etasje, i enden mot vest.
Enkel tilkomst frå heis, like ved inngansdøra til leilegheita.

I entrèen ligg praktisk oppbevaringsbod på høgre hand.
Vidare ligg stova og kjøkkenet i dels opa løysing.

Kjøkkeinnreiinga har måla frontar og laminat benkeplate.
Parkettgolv, lyse overflater og spottar i himling.
God plass til spisegruppe i hjørnet, med fine takvindauge som slepp inn lys og gir utsyn frå kjøkkenet.

Stova er romsleg med godt lysinnslepp, lyse overflater og parkettgolv. I enden er det utgang til overbygd og sørvendt veranda med flott fjordutsikt.
I stova er det god plass til ønskjeleg møblering, skråtak med takvindauge, spottar i himling og vassboren varme i golvet.

Tilbake i entrèen går det gang vidare til tre soverom og bad.

Badet er romsleg og heilfllisa med vassboren varme i golvet.
Innreiinga består av servant med underskåp, spegel med lys og overskåp, dusj, wc, utslagsvask og opplegg for vaskemaskin.

Soveromma har god storleik og lyse overfalter. Det eine har eigen overbygd og vestvendt altan, to av soveromma har takvindauge.

Leilegheita er utstyrt med sentralstøvsugar, sentral brannvarsling, ventliasjonsanlegg, dørtelefon, røyr i røyr, fiberkabel.
Bygget har felles varmesentral for vassboren golvvarme og varmtvatn.
Leilegheita har vassboren golvvarme i alle rom.
Alle ytterdører har systemlås.
Fireroms bustadseksjon i 3.etasje, i seksjonert bygning med innvendig trappeoppgang og heis.
Bygningen står på punkt- og stripefundament av betong.
Berande konstruksjonar av betong og treverk.
Golv og etasjeskilje av betong.
Ytterveggar av 6" isolert bindingsverk, utvendig ventilert kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform, isolerte skråtak og taktekking av betongtakstein.
Takvidauge med koposittkarmar og to-lags glas.
Frå stova er det utgang til sørvendt overbygd veranda.
Frå det eine soverommet er det utgang til vestvendt overbygd altan.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 15.05.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 117 kvm, Bruksareal: 120 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod.

BRA pr. etasje:
3.Etasje: 120 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Garasje og felles gjesteparkering.
Seksjonen har tinglyst rett til båtplass.
Areal: 3 158 kvm, Eierform: Fellestomt
Det er ikkje nyare reguleringsplan for område. Kommunen opplyser at det pågår arbeid med ny reguleringsplan.
Bustaden ligg i område som er avsett til bustader, forretning / kontor og offentlege bygg. Trafikkareal.
Kommunal veg fram til tomtegrensa, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter E
Leilegheita har enkel tilkomst frå asfaltert tun/parkeringsområde til inngangsparti på gateplan.
Heis og trapp opp til leilegheita.
- Vassboren golvvarme i alle rom
Kr. 15 413 pr. år
Forbruksgebyr for vatn og kloakk kjem i tillegg (kr 11.88/10.77 per m3) inkl. evt. eigedomsskatt.
Sameiga har felles varmesentral for vassboren golvvarme og varmtvatn som er inludert i felleskostnad.

Straum blir fakturert a-konto.
I dag blir eigar fakturert kr. 727,- 6 gongar i året, med årleg avrekning/justering.
Eigar opplyser att nettleige er inkludert i desse kostnadane, dette vil kunne endre seg.
Straum etter eige forbruk.

I tillegg til innbetaling av fellesutgifter kvar månad, skal eigar av seksjonen betale kr. 2400,- årleg, som skal settast av til framtidig vedlikehald.

Fullverdiforsikring er inkludert i felleskostnader.
Eigar må sjølv teikne innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Likningsverdi som primærbustad kr 514 621 per 16.05.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 646 787 per 16.05.18
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Askvoll kommune datert 20.06.2007. Bruksløyvet ligg vedlagt salsoppgåva.
3 069 pr. mnd. Inkluderar: oppvarming, forsikring, div. vedlikehald fellesområde, reinhald fellesområde, rekneskap, vaktmester og andre driftsutgifter.
Sameie: Askvoll Brygge
Andel fellesformue: 38932, Total formue: 348465, Oppdatert pr: 09.04.2018

Askvoll Brygge er eit seksjonert sameige med 13 bustadseksjonar. Eigedomen er bygd ut med eit sekjsonert bustadbygg med tre etasjeplan, frittståande garasjeanlegg med boder, eit fellesbygg med samlingsplass, bodareal og bosshus. Nærliggande område er utbygde med bustadeigedomar, næringsbygg og kommunale bygg.

Båtplassen kan ikkje framleigast til andre enn familie av den som eig

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Kystreknskap
Ingen forkjøpsrett.
Kjøpar av seksjon må meldast til styret for godkjenning.
Godkjenning kan berre nektast i det enkelte tilfelle når det ligg føre sakleg grunn til det.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 117 m2
Bruksareal ? 120 m2
Rom 4
Byggeår 2006
Tomte­areal 3158 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 28. mai, 18:00 – 19:00
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Askvollvegen 400
Askvoll
Prisant. 3500000
Soverom 3
Etasje 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 117 m2
Bruksareal ? 120 m2
Rom 4
Byggeår 2006
Tomte­areal 3158 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
måndag 28. mai, 18:00 – 19:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet