Utbyggingsområde med flott beliggenheit

Vis i kart
Eikefjord Florshaugen Lien
Eikefjord
Prisant. 5300000
Bustadtype Tomter

Utbyggingsområde med flott beliggenheit

Eigedom
Eikefjord Florshaugen Lien
6940 Eikefjord
Utbyggingsområde ligg i vestvendt helling med utsyn til fjorden og til bygda, i sentrumsnært område med gangavstand til
barnehage, skule, butikk og andre private og kommunale tilbod som er etablert i bygdesenteret.
Eikefjord ligg sentralt i regionen, med avstand på ca. 25km til kommunesenteret Florø og ca. 30km til regionsenteret Førde.


Det er laga ein video frå Salt arkitekter som interessentar kan få tilsendt på mail.

https://www.dropbox.com/sh/t4o9m1b2i92w7wd/AACNcQWg3FZd2ToCeDZ1HMf4a?dl=0
Tomt
Areal: 76 950 kvm, Eierform: Eiet tomt
Samla areal er 79 650,1 m2. Utbyggingsarealet som er merka B4, B5 og B10 utgjer om lag 62 000 m2.
Resterande areal er merka GrE/grønnstruktur.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen sitt areal er etter matrikkelbrevet 76 950,1 m2, og er i kommuneplanen sin arealdel merka B4, B5, B10 og GrE.
Areala for framtidige bustadføremål er i planen merka B4, B5 og B10, og har eit samla areal på om lag 62 000 m2.
B4 og B10 kan ha ein samla maks% BYA = 35%, og skal utbyggjast med ein variert utbyggingsform med einebustadar,
fleirmannsbustadar og bustadar i rekkje.
B5 kan utbyggjast med lågblokk eller rekkjehus, og ha ein samla % maks BYA = 45%.
GrE er areal for grønnstruktur.
Det er ikkje utarbeidd detaljreguleringsplan for utbyggingsområda, og det er fleire rekkjefølgjekrav som må tilpassast andre
utbyggingsområde og andre eigedommar.
Intern infrastruktur må opparbeidast av utbyggjaren etter ei eventuell utbyggingsavtale med kommunen.
Veg, vatn, avlaup
Det er ikkje opparbeidd tomtetekniske innstallasjonar for veg, vatn, avlaup og anna infrastruktur inn i området. Arealet er eit skog og utmarksareal

Flg. rettar og plikter blir tinglyst på eigedomane.:

Gnr. /Bnr. 55/249 har rett til å føre fram infrastruktur (veg, vatn og avløp) over 55/2. Partane har rett og plikt til å samarbeide om dette, og skal ta del i tiltaka etter nytte. 55/2 skal også ha rett til å nå teigane sine innanfor 55/249.

Gnr. 55, bnr 2, bnr 10, bnr 23 og bnr 37 har vegrett over eigedomen
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig men ein må signere på eigenærklæring om konsesjonsfrihet.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 76950 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Tordis  Russøy
Tordis Russøy
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Eikefjord Florshaugen Lien
Eikefjord
Prisant. 5300000
Bustadtype Tomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 76950 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet