Denne utsikta får ein frå ein hyggleg einebustad med utleigeleilegheit. Ny pris! Velkommen til vising!

Vis i kart
Øvre Kvernberget 6
Førde
Prisant. 3490000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Denne utsikta får ein frå ein hyggleg einebustad med utleigeleilegheit. Ny pris! Velkommen til vising!

Øvre Kvernberget 6
6800 Førde
Bustadeigedom utbygd med bustadhus med utleigedel og frittståande dobbelgarasje.
Eigedommen ligg fint til på utsiktstomt i etablert barnevennleg og solrikt bustadoråde. Gangavstand til barnehage, barne- og ungdomsskule og sentrum. Haldeplass for ringbuss ikkje langt unna.
Bustaden inneheld hovudhusvære og leilegheit.
Hovudhusværet inneheld: Stove med heve - skyvedør ut til terrasse og hage, kjøkken, vaskerom ved kjøkken, tre soverom - eitt med utgang til veranda, bad, vindfang, gang med trapprom til underetasje og luke til kaldloft. I tillegg disponerar hovudhusværet gang/bodareal med trapperom, to boder. Det er bod under terrassen, jordkjellar og to rom i bakkant av underetasjen, desse romma er ikkje innteikna på teikningane over bustaden.
Leilegheita inneheld: Stove, kjøkken, soverom, kombinert bad/vaskerom, vindfang, entre og bod.
Bustaden har for det meste standard frå byggjeår. Ein må rekne med noko modernisering/oppgradering etter kvart.
Alle himlingane i bustaden har malte plater.

HOVUDHUSVÆRE:
Vindfang og gang med teppe på golva og tapet på veggane. Frå gangen er det luke til kaldloft.

Romsleg stove med god plass til fleire sitjegrupper. Store vindauge gjev godt med lysinnslepp og ein kan nyte fin og luftig utsikt.
På golvet er det parkett, veggane har panel. Frå stova er det skyvedør til delvis overbygd terrasse og hage. Det er vedomn og peis med plassmurt skiferomramming.

Kjøkken med belegg på golvet og måla strie på veggane. Kjøkkeninnreiing frå byggjeår. Det er plass til spisebord ved vindauga. Frå kjøkkenet er det tilkomst til vaskerommet.

Det er tre soverom i hovudhusværet, to med teppe på golva, eitt med pergo laminat. Veggflater med tapet og plater. Frå hovudsoverommet er det utgang til altan på utkraga tredekke i fasade mot nordaust.

Badet har flislagt golv med varmekablar, baderomsplater på veggane. Rommet er innreia med toalett, badekar, servant i underskåp, overskåp med spegel, lysarmatur og eit plugga uttak for dusj.

Vaskerom har belegg på golvet og plater på veggane. Rommet er innreia med intravask og opplegg for vaskemaskin. Utgang frå vaskerommet til tun/inngangsparti.

I underetasjen er det gang/bodareal med trapperom, eit wc og tre boder. Boda i bakkjellaren, under vaskerommet, med sluk i golvet, 200 liter varmtvasstank og tappekraner for kaldt og varmt vatn. Ei av bodene blir brukt som verkstad. Alle har betonggolv og målte plater på veggane.
I tillegg er det utebod under terrassen.

LEILEGHEIT:
Alle golvflatene i leilegheita har belegg med unntak av soverommet som har teppe.

Eigen inngang til leilegheita. Det er sett inn tilkomst frå hovudhusværet til gangen i leilegheita.

Stove med tapet på veggane. Det er montert kombinert ved og oljeomn.

Kjøkkenet har enkel innreiing frå byggjeår. På veggane er det tapet. Plass til lite kjøkkenbord.

Bad med baderomsplater på veggane. Rommet er innreia med toalett, veggmontert dusj, servant og skyljekar i stål.

Romsleg soverom med tapet og plater på veggane. Det er godt med garderobeskåp.

Bod med tilkomst frå gangareal.

Leilegheita er utleigd. Leigeinntekter kr. 4.000,- pr. mnd. pluss straum.
Grunnmur av betongholstein, utvendig med pussa overflater og innvendig med pussa overflater i bodene og med isolert påforing i bistadarealet. Golv i underetasjenav betongplate på grunn, antatt isolert med 4-5 cm isopor. I kjellarboda under terrassen er det uisolert betong golv. I bodene i bakkjellaren er det delvis pukk og delvis betonggolv. Etasjeskilje av isolert trebjelkelag, og med sekundærbjelkelag for lydisolering mellom hovuddelen og utleigedelen. Ytterveggane i fasade nordaust og i underetasjenog ytterveggane over grunnmuren er av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. I boda under terrassen er det spilevegg. Takkonstruksjon med saltakform og ventilert kaldloft, oppbygd av plassbygd konstruksjon. Mot kaldloftet er det isolert med 15 cm matter. Taktekking av shingel på undertak av taktro. Takrenner av plast.
Vindauge med trekarmar og 2- og 3-lags glas.
Inngangsdør i 1. etasje med treverk og malte overflater. Ytterdør i vaskerommet i treverk med mølate overflater. Ytterdør i underetasjen i treverk med malte overflater og glas. Altandør i treverk med malte overflater og 2-lags glas. Terrasseskyvedør i aluminium med 3-lags glas og varmelist i terskelen.
Sanitæranlegg med vassrøyr av kopar og avløpsrøyr av plast, med standard frå byggjeåret.
Varmtvannstank av eldre standard.
Elektrisk anlegg med skjult installasjon og to fordelingsselskap med skrusikringar, anlegget har standard frå byggjeåret.

Garasje har ringmur av betong og betonggolv.
Ytterveggar av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med valmtak, oppbygd av plassbygd trekonstruksjon.
Vindauge med trekarmar og 2-lags glas.
To vippeportar.
Det er installert elektrisk anlegg.

Det ligg oljetank i tunet, til venstre for inngangspartiet. Etter forureiningsforskrifta § 1-9 pliktar ein å melde skriftleg til kommunen dersom oljetank vert teken ut av bruk. Etter forureiningsforskrifta § 1-8 skal tankar som vert teken ut av bruk permanent, tømmast og gravast opp. Sjå www.enova.no for meir informasjon.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 24.05.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 160 kvm, Bruksareal: 216 kvm, Bruttoareal: 235 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Underetasje:119 m2
Hovudetasje: 97 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering i dobbelgarasje eller på opparbeidd tunplass.
Areal: 891 kvm, Eierform: Eiet tomt
Stor tomt opparbeidd med asfaltert innkøyrsle, tunplass med singel og betongheller, gangstiar med singel og grus, forstøtningsmurar av betong/betongheller ognaturhage med grøntareal og planter.
Eigedommen ligg område regulert for bustad.
Link til plankart: http://webhotel2.gisline.no/GisLinePlanarkiv/1432/19930042/Dokumenter/Plankart_143219930042.PDF
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Kommunal veg til tomtegrense.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G
Lett tilkomst frå kommunal veg.
Vedomn og peis med plassmurt skiferomramming i stova i hovudhusværet.
Vedkamin i stova i utleigedelen.
Varmekablar i våtromma.
Kr. 15 796 pr. år
Av beløpet utgjer klr. 3841,- i eigedomsskatt.
Straumforbruk ca.14 400 kWh. pr. år
Forsikring kr. 7 838,- pr. år.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 883 431 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 826 979 per 31.12.16
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 16.11.1978. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 160 m2
Bruksareal ? 216 m2
Bruttoareal ? 235 m2
Byggeår 1978
Tomte­areal 891 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Øvre Kvernberget 6
Førde
Prisant. 3490000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 160 m2
Bruksareal ? 216 m2
Bruttoareal ? 235 m2
Byggeår 1978
Tomte­areal 891 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet