Romsleg tre-roms leilegheit i øvste etasje med flott utsikt. Garasje.

Vis i kart
Hornnesvegen 22B
Førde
Prisant. 2250000
Soverom 2
Etasje 5
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Romsleg tre-roms leilegheit i øvste etasje med flott utsikt. Garasje.

Hornnesvegen 22B
6809 Førde
5. etasje

Leilegheita ligg i eit vel etablert bustadområde i Hornnesvegen i Haugum burettslag. Det er omlag 1.5 km til Førde sentrum med godt tilbod innan service- og tenestetilbod. Av skular å nemne, ligg både Førde barneskule og Førde ungdomsskule innan rimeleg avstand, med gang- og sykkelveg heilt fram. Til FSS og Høgskulen er det også etablert gang- og sykkelsti heile vegen, ein tur som vil ta omlag 20 min. Offentleg kommunikasjon med By-buss forbindelse er like ved, og byr på avgangar kvar time.

Elles kan ein nemnde roleg og solrikt område med leikeplass og fine turstiar like i nærleiken. Frå leilegheita er det tursti opp til eventyrstien og vidare opp til Hornnesstøylen. Frå Hornnesstøylen er det turstiar vidare til Førdsnipa.
Leilegheita ligg sørvendt med flott utsikt over burettslaget sitt fellesareal! Her bur ein fredeleg og skjerma for innsyn.
Entré, gang, stove, kjøkken, to soverom, bad/vaskerom og bod.

Eksklusiv bruksrett til garasje i felle anlegg og bodareal.
Innvendig framstår leilegheita som lys og triveleg med gode kvalitetar.

Romsleg entré med laminatplater på golv. På veggar er det måla overflater i tidsriktig dus grå og slette overflater i himling. Alle dører er bytt ut i seinare år, og er kvite med profilerte frontar.

Begge soverom er av god storleik og har fastmontert garderobeskåp. God plass til større seng på begge rom. Hovudsoverom har laminat på golvareal og lyse MDF-plater på veggar. Der er her direkte tilkomst til bodareal/ walk-in closet med god plass til lagring og oppbevaring. Soverom nummer to har tilkomst via eit disponibelt rom. Det er her belegg på golvareal og lysmåla slette veggar. Disponibelt rom har same overflater som entré, og er ei fin forlenging av denne, då det er opa løysing mellom. Mellomrom har elles god og allsidig nytte, alt etter behov og ynskje. Kontor, avlastningsstove og gjesterom. Meklar gjer merksam på at rommet korkje er registrert godkjent som stove eller soverom.

Baderom vart overflatemodernisert i 2009 av tidlegare eigar. Det er her lagt fliser på veggar og golv i tidlause val. Innreiing består av foldedører i dusjsone, servant i underskåp og toalett.
Vaskerom ligg praktisk til, inn forbi baderom. Det er her belegg på golv og måla strie på veggar. Innreia med utslagsvask, varmtvassberedar, tilkopling til vaskemaskin og nokre skåp.

Lys og triveleg stove med god plass til å innreie i fleire soner, og god plassering i høve kjøkken og altan. Stove og kjøkken har laminat på golvareal og lyse, profilerte plater og strie på veggar.
Altan har fliselagd dekke, ligg solrikt til og har fint ope utsyn mot området rundt. Det er også her plass til å innreie med dei ein måtte ynskje!
Kjøkken har innreiing med frontar i Eik med profilerte frontar og laminat benkeplate. Mellom benkeplate og overskåp er det lagt Kitchen Board. Plass til etebord ved vindauge.


Moderniseringar:
Det har vore overflatebehandling av dei fleste rom over tid.
2002: Ny varmtvasstank.
2003: Ny kjøkkeninnreiing.
2009: Modernisering av bad.
2011: Rehabilitering av fasaden med nye vindauge og verandadør.
2012: Delmodernisering av balkongen.
2015: Profilerte veggplater i stova og overflatebehandling av himlingar. Det vart lagt nye golv- og taklister.
2015: Ny benkeplate og Kitchen Board.
2015: Ny servant i underskåp og spegelskåp på bad.
Fundament på planert steinfylling. Bygningen er oppført i betongkonstruksjon.
Ytterveggane mot sør- og nord er av 4" isolert bindingverk med utvendig kledning av trepanel, andre veggar har utvendig kledning av fasdeplater. Ytterveggen mot sør er etterisolert og har no totalt 20 cm isolasjon. Det er montert ny bordkledning. På andre fasader er det montert nye fasadeplater. Ytterveggen mot nord er etterisolert med 5 cm. Fasaden vart rehabilitert i 2011/2012.
Etasjeskilje og skiljeveggar mellom leilegheitene er av betong.
Ytterdør av finer med brannklassifisering B30.
I stova er det verandadør som vart montert i 2011.
Vindauge har 2-lags glas i trekarm som vart montert i 2011.
Tak er ikkje besiktiga, utvendig konstruksjonar er burettslaget sitt ansvar.

Frå stova er det utgang til 15 m2 sørvendt veranda. Verandaen har betongdekke med flislagd overflate. Rekkverk av aluminiumsrammer med plater og glas. Nye leveggar og flisar på verandadekke i samband med rehabiliteringa av fasaden.
Frå gateplan er det enkel tilkomst til felles gangareal. Det er ikkje heis i bygningen.

Det elektriske anlegget har i vesentleg grad standard frå byggjeår. Fiber er installert.
Det er installert felles antenneanlegg. Fiber og antenne anlegget er dekka gjennom felleskostnad.
Burettslaget har felles innkjøp av elkraft, men el. kraft ligg ikkje i felleskostnad.
Ny port telefon vart installert i samband med rehabilitering av fasadane.

Sanitæranlegget har standard frå byggeåret med vassrøyr av kopar og avløpsrøyr av plast.
Varmtvasstank frå 2002 på ca. 198 liter, plassert i vaskerommet.

Garasje/bod i fellesareal:
Garasje med betongveggar, himling av eternitplater og golv med dekke av asfalt. Garasjeport i stål med port opnar. Elektriske installasjonar.
Det er nyleg installert kamera.

Leilegheita disponera eiga bod i felles areal på ca. 3,6 m2. Betonggolv, veggar av betong og panel. I himlingar er det eternitplater.
Det er plassbygde hyller i boda.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 11.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 86 kvm, Bruksareal: 91 kvm, Bruttoareal: 97 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bodareal

BRA: 91 m2.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Eksklusiv bruksrett til parkering i garasjeanlegg i blokka.
Areal: 16 201 kvm, Eierform: Fellestomt

Fellesareal er pent opparbeida med asfaltert trafikk- og gangareal, grøntareal med beplanting og leikeplass.
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Offentleg veg til tomtegrensa.
Eigedomen er tilkopla kommunalt vass- og avlaupsanlegg via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter F
Lett tilkomst frå kommunal veg.
For nærare opplysingar, ta kontakt med meklar eller sjå kart: www.finn.no.
- Vedomn i stova.
- Varmekablar i bad/vaskerom.
- Luft til luft varmepumpe i kjøkken av ukjent alder.
Straumforbruk ca. 7865 kWh. pr. år.
Bustadforsikring er inkludert i felleskostnadane.
Eigar må sjølv teikne innebuforsikring.
Likningsverdi som primærbustad kr 493 340 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 578 688 per 31.12.16
Det føreligg midlertidig bruksløyv frå Førde kommune. Ligg vedlagt salsoppgåva.
Borettslag: Haugum Burettslag, Orgnr.: 853031232
Andelsnr.: 29
Medlemskontingent: 800
Forkjøpsrettgebyr: 7063
Andel fellesgjeld: 179781, Total gjeld: 19245398, Oppdatert pr: 25.05.2018
Forkjøpsrett: ja

Burettslaget vart utbygd i 1976, og har totalt 116 andelar som er fordelt på fleire terrasseblokker.

Burettslaget si fellesgjeld:

Den Norsk Stats Husbank:
Annuitetslån, 2 termingar pr. år
Rentesats pr. 25.05.2018: 1,62%
Saldo pr. 25.05.2018: kr. 18 300 000
Andel av saldo: kr. 170 950
Første termin: 03.04.2014. Neste avdrag: 03.04.2019 (sist termin 03.10.2038)

Ut frå lånevilkår pr. idag, vil neste avdrag som forfell til betaling 03.04.2019 utgjere ca. kr. 606,- pr. mnd for denne andelen.

Sparebanken Sogn og Fjordane:
Annuitetslån, 2 terminar pr. år.
Rentesats pr. 25.05.2018: 2,95%
Saldo pr. 25.05.2018: kr. 945 399
Andel av saldo: kr. 8 831
Første termin/første avdrag: 30.12.2016 (siste termin 30.06.2023).
4 167 pr. mnd. Inkluderar kommunale avgifter, renter og avdrag lån, vedlikehald, driftskonstnadar, garasje, fiber og dugnad.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 208,-
Avdrag: kr. 125,-
Drift og vedlikehald: kr. 5 334,-
Kommunale avgifter: kr. 1 042,-
- Dekning underskot oppsparte midlar: kr. 2 542,-

Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
BOB.
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca. 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen. Ved bruk av forkjøpsretten vil det pålaupe gebyr stort kr. 6 556,- til BOB. Ta kontakt med BOB for meir informasjon om forkjøpsrett.
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 86 m2
Bruksareal ? 91 m2
Bruttoareal ? 97 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 16201 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
måndag 25. juni, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Julie  Førde
Julie Førde
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Hornnesvegen 22B
Førde
Prisant. 2250000
Soverom 2
Etasje 5
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 86 m2
Bruksareal ? 91 m2
Bruttoareal ? 97 m2
Rom 4
Byggeår 1976
Tomte­areal 16201 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? F
Vising
måndag 25. juni, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet