Kjekk leilegheit i Tipphaugen burettslag i Askvoll. Velkommen til vising 26/6 kl. 17-18.

Vis i kart
Tipphaugen
Askvoll
Prisant. 980000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel

Kjekk leilegheit i Tipphaugen burettslag i Askvoll. Velkommen til vising 26/6 kl. 17-18.

Tipphaugen
6980 Askvoll
Tipphaugen burettslag ligg fint til om lag 1,5 km frå Askvoll sentrum, i byggjefeltet bak kyrkja.

Sentrum av Askvoll er eit triveleg lokalmiljø, og har godt dekkande servicetenester med dagligvarebutikkar, apotek, vinmonopol og bensinstasjon - for å nemne nokre.

Det er i underkant av 3 km til Askvoll barne- og ungdomsskule, og det er fleire barnehagar innan rimelig avstand. Askvoll idrettsanlegg ligg om lag 2,5 km frå bustaden
Bustaden går over to plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Vindfang, gang, trappegang, stove, kjøkken, to soverom og bad.
Loft: Loftstove.
Hovudetasje har belegg på golvareal og med nedlagt varme i alle golv med unntak av mellomgang. På veggar er det i all hovudsak halvpanel og måla strie. Tapet på eine soverommet. Gennomgåande takess i himling. Frå stove er det tilkomst til triveleg terrasse med sol på dagtid og ettermiddag.
Kjøkkeninnreiing med over- og underskåp med overflater i laminat. Benkeplate er også i laminat og har nedfelt vask med to kummar og sideflate i stål. Mellom benkeplate og overskåp er det lagt fliser. Frittståande kvitevarer, med komfyr, oppvaskmaskin og kjøleskåp. Det er montert vifte over komfyr, som i følgje seljar vil bytast i regi av burettslaget.
God plass til etebord på kjøkken ved vindauge.
Bad- og vaskerom har belegg på golv og våtromsplater på veggar. Det er her innreia servant i underskåp og nokre vegghengde sidehyller. Dusjløysing med skyvedører. Elles er det vaskeromsinnreiingar som varmtvasstank (Ny av 2018) utslagsvask, oppkopling for vaskemaskin.
Det er to soverom i hovudetasjen. Desse er av god storleik, og har noko garderobeskåp.

Loftetasjen har heiltre golvoverflater, tapet på veggar og paneloverflater i himling med nokre innfelte spottar. Velux takvindauge i himling.

Bodareal har også tregolv og paneloverflater på veggar og i himling. Det er elles høve for oppbevaring lags kneveggar.
Truleg fundamentert på planerte massar. Støypt plate av betong.
Bindingsverk og utvendig liggande kledning i trevirke. Inntil 150 mm isolasjon i yttervegg. Utvendig terrasse med søyler, bjelkelag, dekke og rekkverk i trevirke.
Vindauge med karm i trevirke og to-lags glas med utvendige sprossar frå byggeår.
Ytterdør i trevirke med fase sidefelt med vindaugefelt og altandør i trevirke med vindaugefelt frå byggeår.
Sala tak med loftstakstolar i trevirke. Forenkla undertak av trefiberplater og taktekking av betongtakstein. Takrenner og nedløp av plast. Inntil 200 mm isolasjon i ytterkonstruksjonar.
Skjult el-anlegg med sikringsskåp montert i trappegang.
Bustaden er ventilert med avtrekksvifte montert på kneloft med styring frå kjøkkenventilator. Avtrekk frå bad og kjøkken. Bustaden er elles ventilert med opningsvindauge og ventilar i yttervegg.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Peder Johann Ness Tveit, datert 18.04.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 108 kvm, Bruksareal: 108 kvm, Bruttoareal: 117 kvm
Alle rom er P-rom.

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 85 m2.
Loft: 23 m2.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Andel nr. 4 disponerar to biloppstilingsplassar med dekke av asfalt. Det er lagt fram straumtilføring til oppstillingsplassane.
Areal: 4 908 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Tilkomst frå offentleg veg til burettslaget sitt fellesareal.
Kommunal vass- og avlaupsanlegg via burettslaget sine private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter E
Lett tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysingar.
- Vedomn i stove i hovudetasje.
- Varmekablar i bad, stove, kjøkken og vindfang.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Straum og nettleige etter eige forbruk. Forbuk per år er estimert til ca. 17 000 kWh.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 326 604 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 045 132 per 31.12.16
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Askvoll kommune.
Borettslag: Tipphaugen Burettslag, Orgnr.: 955700295
Andelsnr.: 4
Medlemskontingent: 800
Forkjøpsrettgebyr: 7063
Andel fellesgjeld: 67421, Andel fellesformue: 40139, Total gjeld: 796499, Oppdatert pr: 11.05.2018

Burettslaget si fellesgjeld:

Den Norske Stats Husbank:
Serielån, 2 terminar pr. år
Rentesats pr. 11.05.2018: 1,58%
Saldo pr. 11.05.2018: kr. 796 500,-
Andel av saldo: kr. 67 421,-
Første termin: 30.12.1990. Første avdrag: 30.06.2000 (siste termin 30.06.2020).
5 045 pr. mnd. Renter og avdrag fellesgjeld, kommunale avgifter, vedlikehald og driftskostnadar.

Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 101,-
Avdrag: kr. 2 270,-
Drift og vedlikehald: kr. 1 463,-
Kommunale avgifter: kr. 1 211,-

Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
BOB.
Medlemmane i BOB har forkjøpsrett til andelen på elles like vilkår. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen.
Forkjøpsretten vert utlyst i etterkant av salet. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen. Ved bruk av forkjøpsretten vil det pålaupe gebyr stort kr. 6 556,- til BOB. Ta kontakt med BOB for meir informasjon om forkjøpsrett.
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 108 m2
Bruksareal ? 108 m2
Bruttoareal ? 117 m2
Byggeår 1990
Tomte­areal 4908 m2
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 26. juni, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Julie  Førde
Julie Førde
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Tipphaugen
Askvoll
Prisant. 980000
Soverom 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 108 m2
Bruksareal ? 108 m2
Bruttoareal ? 117 m2
Byggeår 1990
Tomte­areal 4908 m2
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 26. juni, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet