Fin 3-roms leilegheit i attraktivt bustadområde. Garasje, utebod, veranda og hage. Velkommen til vising!

Vis i kart
Jobakkevegen 36
Naustdal
Prisant. 1850000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin 3-roms leilegheit i attraktivt bustadområde. Garasje, utebod, veranda og hage. Velkommen til vising!

Jobakkevegen 36
6817 Naustdal
1. etasje

Eigedomen er utbygd med ein 4-mannsbustad frå 1997 og to frittståande dobbelgarasjar. Leilegheita disponerar ein garasje i tillegg til eiga utebod.
Eigedomen ligg i attraktivt og barnevenleg bustadfelt med gangavstand til barnehagar, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg og Naustdal sentrum med daglegvarebutikkar og ulike servicetilbod. Fine turområde like ved.
Bustaden går over eitt plan med følgande innhald:
Vindfang, stove og kjøkken i delvis opa løysing, utgang til terrasse frå stova, to soverom, bad/vaskerom og bod.
Leilegheita framstår som lys og triveleg med gode kvalitetar.

Tilkomst til husværet frå overbygd inngangsparti til lyst, fint vindfang med varmekablar i golvet. Det er praktisk skyvedørsgarderobe med god oppbevaringsplass. Golvflatene har laminat, tapet på veggane og takess i himlinga.

Hyggjeleg stove og kjøkken med tidsriktige fargar, i stova er det varmkablar i golvet. Golvflatene har laminat, veggar med målte profilerte plater og takess i himlinga. Frå stove er det utgang til overbygd terrasse og hage. Det er montert vedomn.

Kjøkken har innreiing med skrog frå byggjeår, frontar av finer frå 2009, laminert benkeplate frå ca 2012, stål oppvaskkum og opplegg for vaskemaskin. På veggen over benkeplate er det montert kitchenboard. I innreiing er det integrert steikeomn og keramisk koketopp, frittståande kjøleskåp og oppvaskmaskin. Det er plass til kjøkkenbord.

Flott overflatemodernisert bad/vaskerom med flislagt golv med varmekablar. På veggane er det kalk måla våtromsbelegg, måla betongdekke i himlinga. Rommet er innreiia med servant i underskåp, spegelskåp, dusjkabinett, toalett og opplegg for vaskemaskin.

To gode soverom med laminat på golva, måla profilerte plater og måla tapet på veggane og takess i himlingane. I hovudsoverommet er det fototapet på veggen bak senga og romsleg skyvedørsgarderobe.

Det er ikkje innlagt fiber i leilegheita. Seljar har brukt mobilt breiband.
Det ligg fiber i vegen, rett nedanfor bustaden.
Isolert betongplate på mark i betong.
Grunnmuren er av betong, utvendig med måla overflater og innvendig delvis med utlekta platekledning.
Ytterveggane i front mot søraust er oppført i 6" isolert bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Etasjeskilje er oppført i betong.
Skiljeveggen mellom leilegheitene er av lettklinkarblokker med murpussa overflater.
Takkonstruksjonen har saltakform, oppbygd av w-takstolar. Taktekking er av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Vindauge i trekarm med 2-lags glas.
Måla ytterdør med vindaugefelt. I stova er det verandadør med 2-lags glas.

Ved inngangspartiet er det eit enkelt overbygg med taktekking av betongtakstein. Verandaen for leilegheita dannar overbygg langs delar av fasaden som vender mot søraust. Det er lagt plater av typen Tiltak mellom verandabjelkane. Arealet på trepalttinga er på ca. 13 m2. Det er montert markise ved treplattinga, i tillegg elektrisk markise over vindauga i stova.

Det elektriske anlegget har standard frå byggeåret med fordelartavle med automatsikringar.
Utelamper ved inngangspartiet og ved overbygd uteplass.
Mekanisk avtrekk i bad/vaskerom og i boda, ventilasjonen er elles basert på naturleg ventilering.

Sanitæranlegg har standard frå byggjeår med vassrøyr som røyr i røyr og noko kopar. Open røyrsentral som ikkje er montert i fordelarskåp. Avlausprøyr i plast.
Varmtvasstank på 198 liter frå år 1997.

Garasje:
Seksjonen har ideell 1/2 av ein garasjebygning.
Garasjen har plate på mark i betong.
Over ringmur i betong er det bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Prefabrikerte takkonstruksjon med taktekking av betongtakstein på underlag av trefiberplater.
Takrenner og nedlaup i stål.
Det er installert elektrisk anlegg og garasjeport med el-drift.

Uthus:
Ytterveggane er oppført av tømmerprofilar og enkel takkonstruksjon med saltakform, og med taktekking av shingel.
Dør/port med sidehengsler.
På golvet er det lagt forskalingsflaker.
Boda har enkel standard.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 11.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 66 kvm, Bruksareal: 70 kvm, Bruttoareal: 78 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA : 70 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering i garasje.
Areal: 825 kvm, Eierform: Eiet tomt

Flott opparbeidd tomt med treplattingar, belegningsstein, skiferbelagt betongplatting, rekkverk i trevirke, utelampe, grøntareal, blomsterbed, hekk, forstøtningsmurar av naturstein og asfaltert innkøyrsle.
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Kommunal veg til tomtegrensa.
Offentleg vatn og avlaup via sameiget sine private vass- og avlaupsrøyr.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D
Lett tilkomst frå kommunal veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
- Vedomn i stove/kjøkken.
- Varmekablar i vindfang, stove/kjøkken og bad/vaskerom.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kr. 15 456 pr. år
Av beløpet utgjer kr. 4 236,- eigedomsskatt.
Straumkostnad ca. 11 000 kWh pr. år
Bustadforsikring blir dekka av fellesutgiftene.
Eigar må sjølv teikne innebuforsikring.
Likningsverdi som primærbustad kr 400 782 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 282 501 per 31.12.16
Det føreligg ferdigattest frå Naustdal kommune datert 13.03.1998. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
400 pr. mnd.
Felleskostnadane inkluderar: forsikring bustadhus/garasje.
Sameie: Eikelia Sameige

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Det er ikkje forkjøpsrett i sameiget.
Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 66 m2
Bruksareal ? 70 m2
Bruttoareal ? 78 m2
Byggeår 1997
Tomte­areal 825 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
onsdag 27. juni, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Jobakkevegen 36
Naustdal
Prisant. 1850000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 66 m2
Bruksareal ? 70 m2
Bruttoareal ? 78 m2
Byggeår 1997
Tomte­areal 825 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
onsdag 27. juni, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet