Hyttetomter i Nesavika.

Vis i kart
Nesavika
Stongfjorden
Prisant. 290000
Bustadtype Hyttetomter

Hyttetomter i Nesavika.

Eigedom
Nesavika
6984 Stongfjorden
Om eiendommen
Tomtene ligg fint til i idylliske omgivnader på Stafsnes, like vest for Stongfjorden.

Eigedomane ligg innan rimeleg avstand frå strandlinja og det vert mogleg å leige eller kjøpe båtplass i felles marina like nedanforDet er gode solhøve i området i sesongen frå april til oktober.

Området har kort avstand til mange ulike og flotte fritidsaktivitetar og opplevingar.
Stongfjorden er kjent som ein god fiskefjord året rundt, samt ein god plass for å sette krabbe- og krepseteiner.

Nesavika har eiga badestrand og opparbeidd grøntareal for ballspel, leik og avslapping i fjøra. I Stongfjorden er det tennis- og sandvolleyballbane. Det er merka trimløyper i skog og mark i nærområdet med gode fiskevatn. 1 km til butikk/pub/kafé.

Nesavika har gode friluftskvalitetar året rundt. Vinterhalvåret kan ein nytte seg av alpintanlegg i Blomlia, om lag 30 minutt køyreavstand.
Parkering
På tomt.
Tomt
Tomtestørrelse frå 537 m2 til 1150 m2 med prisar frå kr. 290 000 til 400 000,-. Endeleg størrelse vert klarlagt ved oppmåling.
Inkludert i salspris er ferdig opparbeid tilkomstveg, strøm, vann og avløp til tomtegrensa.
På kvar tomt kan det førast opp hytte med bruksareal inntil 120 m2, i tillegg til uthus på intill 15 m2. I tillegg til parkering på eigen tomt er her opparbeid felles parkeringsplassar.

Prisar:
Kr. 290.000,- - Tomt 1
Kr. 320.000,- - Tomt 2
Kr. 340.000,- - Tomt 6
Kr. 390.000,- - Tomt 13
Kr. 400.000,- - Tomt 14
Regulering/offentleg godkjenning
Reguleringsplanen omfattar eit område på totalt 49 dekar, 32 dekar landområdeområde og 17 dekar sjøareal. Det er regulert for 15 sjølveigartomtar i størrelse frå ca 537 til 1150 m2. Tre områder er regulert til konsentrert fritidsbebyggelse. Eit område er regulert til nausttomtar. I tillegg er deler av sjøarealet regulert til småbåtanlegg.

Sjå vedlagt reguleringslart med føresegner i nedlastbar salsoppgåve.
Veg, vatn, avlaup
Veg, vatn og avlaup vert levert til tomtegrense.

Det er tilbod om fiber til tomtegrense.
Tilkomst
Frå Førde ( 47 km, 45 min), kjør RV609 til Stongfjorden. Tomtane ligg 1 km vest for Stongfjorden sentrum, på sørsida av fjorden.
Frå Bergen (190 km, 3,5 t inkl ferje)
Kommunale avgifter
Promillesats for eigedomsskatt i Askvoll kommune er for 2018 2,5 promille på hus og hytte.
Ei ny hytte /fritidsbustad på 100 kvm vil få ein takst på om lag kr. 1.650.000 som vil gje ein årleg eigedomsskatt på kr. 4125.
Ein ubebygd tomt har standardsats på 60.000 og vil få årleg eigedomsskatt på kr. 150.
Faste kostnader
Drift av veg, vann og avløp er felleskostnadar for alle tomteigarane. Plenklipping ved badestrand er og området ved fjæra er også inkludert i årlige felleskostnader. Det er privat vatn og avlaupsanlegg, med vatn frå borehol.

Alle medeingarar betalar inn 1500,- per år.

Oppmåling og frådeling vert fakturert av Askvoll kommune, og utgjer ca. 14 880,- Tinglysingsgebyr utgjer kr. 525,-

Kostnader ved kjøp
I tillegg til kjøpesmmen må kjøpar berekne dokumentavgift 2,5%, tinglysingsgebyr for skøyte kr. 525, tinglysingsgebyr for pantedokument kr. 525,- og sluttpanteattest kr. 172,-. I tillegg kjem oppmåling og frådeling av tomt som vert fakturert av Askvoll kommune.
Konsesjon
Kjøpar må fylle ut eigenerklæring om konsesjonsfritak.
Diverse
Ved kjøp er det høve til å eige eller leige båtplass på båthamna like nedanfor tomtene.

Pris for leige: 4986,- per år ( For 2018).
Pris for kjøp: 75 000,-

Kostnader knytt til opparbeiding av byggjeklar grunn ein esimere til om lag 95 000,- per tomt (eks. mva.).

Meklar gjer merksam på at avvik kan førekome og ovannemnde opplysingar er meint som eit estimat, og ikkje forpliktantnde for seljar.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er underlagt lov om kvitvasking og terrorfinansiering, og pliktar å rapportere til økokrim om mistenkjelege transaksjonar. Vidare er det strenge reglar om kontroll av legitimasjon frå alle partar og/eller reelle rettigheitshavarar i samband med handelen (seljar, kjøpar og fullmektigar for desse).
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar. Overtaking og tingysing kan skje så snart oppmling og frådeling er gjort.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Tomte­areal 537 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Nesavika
Stongfjorden
Prisant. 290000
Bustadtype Hyttetomter
Nøkkelinfo
Tomte­areal 537 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet