Triveleg del av tomannsbustad med garasje på solrik utsiktstomt! Velkommen til vising!

Vis i kart
Høgebakkane 30
Høyanger
Prisant. 1290000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Triveleg del av tomannsbustad med garasje på solrik utsiktstomt! Velkommen til vising!

Eigedom
Høgebakkane 30
6993 Høyanger

Del av vertikaldelt tomannsbustad oppført i 1980.
Om eigendomen
Eigedomen ligg sørvendt i etablert bustadområde på Høgebakkane, med flott utsyn mot fjorden, fjella og Høyanger sentrum. Gangavstand til barnehagar, skular, badeanlegg, idrettsanlegg, butikkar og andre private- og kommunale servicetilbod i sentrum.
Nærliggande område er utbygde med einebustadar, rekkjehus og vertikaldelte tomannsbustadar.
Innhald
Bustaden går over to plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Vindfang, gang, stove, kjøkken, to soverom og bad.
Underetasje: Gang m/trapperom, kjellarstove, soverom, bad, vindfang, vaskekjellar/bod og to boder.
Standard
Triveleg einebustad på to plan. Praktisk planløysing

HOVUDETASJE:
Vindfang med laminat på golvet, målte plater på veggane og takess i taket.

I gangen er det parkett på golvet, måla strie på veggane og takess i taket. Trapp frå gang/stove til underetasje.

Romsleg stove med god plass til fleire sitjegrupper og skyvedør til delvis overbygd altan med flott utsikt. Store vindauge og mønt himling gjev ei god romkjensle og mykje dagslys. Den opne, plassmurte skiferpeisen gir varme og hyggje på våte og kalde haust kveldar.
Golvflatene har parkett, brystning av panel og måla strie på veggane, og panel i taket.

Praktisk kjøkken med laminat på golvet, brystning av panel og måla strie på veggane, og takess i taket. Kjøkkeninnreiing med takhøge overskåp, profilerte måla frontar, laminert benkeplate og integrerte komfyr og oppvaskmaskin, elles frittståande kvitevarer. Det er lagt flis mellom benkeplate og overskåp. Plass til lite kjøkkenbord.

Badet har flislagt golv med varmekablar, baderomslaminat på veggane og takess i taket. Rommet er innreia med servant i underskåp, overskåp, høgskåp, spegel, lysarmatur, veggmontert dusj med dusjvegg og toalett.

To soverom i houvdetasje, begge med parkett på golva, tapet på veggane og takess i taket.

UNDERETASJE:
Trappegang og vindfang med belegg på golva, panel på veggane og takess i taka.

Lys, fin kjellarstove med belegg på golvet og kvitmåla panel på veggane og i taket. Det er montert vedomn.

Soverommet har teppe på golvet, tapet på veggane og takess i taket.

Badet har belegg på golv med varmekablar, våtromstapet på veggane og takess i taket. Rommet er innreia med servant i underskåp, spegel, lysarmatur, høgskåp, badekar og toalett.

Vaskekjellar/bod med golvbelegg og terrafleksbelegg i området rundt sluk og vaskeinstallasjonar, og veggar med måla/pussa overflater og trepanel. Det er opplegg for vaskemaskin.

Dei to bodene har betonggolv og panel på veggar og i taka. Frå den eine boda er det dør ut til hagen.
Byggjemåte
Grunnmur av lettklinkarmur, utvendig med pussa overflater og innvendig delvis med pussa overflater og delvis med utlekta panel. I ei av kjellarbodene er det ubehandla lettklinkarmur.
Golv i underetasjen av betong.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Ytterveggar av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform og ventilert kaldloft, med tosiding fall mot renne mellom bygningane. Over stova er det nedsenka mønt himling.
Taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Vindauge med 2- og 3-lags glas.
Ytterdører i treverk med finerte overflater og 2-lags glas.
Ytterdør i kjellarboda av treverk med måla overflater og 2-lags glas.
Skyvedør til altanen med karm og rammer av aluminium og 3-lags glas.

Altan i fasade sør, ca 22 m2, oppbygg av tredekke med måla overflater. Om lag 10 m2 av altana er overbygd.
Stor treterrasse i fasade nord og langs del av fasade aust.
Under del av terrassen er det ca. 10 m2 utebod, med golv av betong, veggar delvis av naturstein og delvis av spilevegg, og med dekke av betong.
Platting av skiferheller ved inngangen til underetasjen og langs fasade sør.

Sanitærlanlegget med vassrør av kopar og avløpsrør av plast.
200 liter Oso varmtvasstank frå 2016.
Ventilasjonen er basert på mekanisk avtrekk og naturleg ventilering.

Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingstavle med skrusikringar.

Garasje:
Garasje i vertikaldelt fellesbygg.
Fundament og golv av betong.
Ytterveggar av bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform. Taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Vippeport i treverk.
El. anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 28.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 144 kvm, Bruksareal: 175 kvm, Bruttoareal: 189 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 89 m2
Underetasje: 86 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i felles garasjebygg like ved eigedomen. Anlegget er oppført på ei tomt som Høyanger kommune og Hydro Aluminium As har tinglyst festerett til.
Tomt
Areal: 461 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er fint opparbeida med forstøtningsmurar av naturstein og betong, hage med grøntareal og plantar, ein større treterrasse ved inngangspartiet, og betongtrapper opp til gata og ned til nedre del av hagen.
Tomta som felles garasjeanlegg står på er ikkje tilhøyrande dei som eig garasjane. Høyanger kommune er kontakta/informert om dette.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i regulert bustadområde, utbygd etter reguleringplan frå 1979.
Plan id: 197902
Veg, vatn, avlaup
Tilkomst frå kommunal veg.
Eigedomen er tilknytta kommunalt vass- og avløpsanlegg viar private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunale veg. Sjå ev. www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplsyningar.
Oppvarming
- Open plassmurt peis i stove i hovudetasje.
- Vedomn i kjellarstova.
- Varmekablar i begge bada, kjellarstova, gangen og svoermmet i underetasjen.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kommunale avgifter
Kr. 10 992 pr. år
Av beløpet utgjer kr. 2 926 eigedomsskatt.
Renovasjonkostnad SIMAS kr. 3 928,75 pr. år.
Faste kostnader
Straumforbruk etter eige forbruk.
Forsikring er estimert til mellom 4 - 8 000,- pr. år og vil variere med kva tilbod ein har med sitt forsikringselskap.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 461 360 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 476 352 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Høyanger kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 144 m2
Bruksareal ? 175 m2
Bruttoareal ? 189 m2
Byggeår 1980
Tomte­areal 461 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Høgebakkane 30
Høyanger
Prisant. 1290000
Soverom 3
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 144 m2
Bruksareal ? 175 m2
Bruttoareal ? 189 m2
Byggeår 1980
Tomte­areal 461 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet