Totalrenovert leilegheti i 3. etasje - med heis.

Vis i kart
Prestestegen 5 snr. 6
Stryn
Prisant. 1980000
Soverom 1
Etasje 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Totalrenovert leilegheti i 3. etasje - med heis.

Prestestegen 5 snr. 6
6783 Stryn
3. etasje

Bygningen er oppført i Prestestegen 5 på Visnes like ved E39 omlag ein kilometer vest for forretning- og kommunesenteret Stryn. Fin utsikt mot fjorden og fjellheimen. Eigedomen grensar mot E39 mot vest, kommunal veg mot nord og bebygd og ubebygd bustadareal mot aust og sør.
Flott nyrenovert leilegheit. Her er flott og bo eller ein kan nytte leilegheita som "hytte" i sentrum. Stryn Kommune har ingen boplikt.

Central Apartments er ein verneverdig bygning som er ombygt til leilegheiter samt et fellesareal som kan leiges som selskapslokaler.
Bygget er iflg eigar opprinnelig oppført i 1865 og var under den tid benytta som lensmannskontor og fengsel i kjellaren. Lensmannskontoret flytta etterkvart til Eid og lensmannskontoret vart bygd om til hotell med navnet Hotel Central, bygget er oppført i sveitserstil og stod ferdig i 1907. Bygningen vart seld til Stryn kommune i etterkrigstida og vart nytta som husmorskule fram til ca 1965. Deretter fulgte mange år der bygget stod brakk, kommunen vedtok riving av bygget i 1972 men rivinga vart stoppa av riksantikvaren, og det vart erklært at bygget hadde nasjonal verdi. I den seinare tid har bygget vore nytta til turistformål med overnatting og matservering før det vart bygd om til leilegheiter i 2015-2016. Idag er det 10 moderne leilegheiter renovert ihht TEK 10 i bygget.
2 roms leilegheit som ligg i 3. etasje med hovudfasade mot nord. Leilegheita er på to etasjer og har balkong i to etasjer.

Innheld:
Hovedetasjen: Stove/kjøkken, 1 soverom, bad/vaskerom, gang.
Loft: Loftstove

Leilegheita disponerer bod i kjellar på ca 4-5 m2.
Leilegheita vart teknisk- og bygningsmessig totalrenovert i 2015 og er av normal god standard. Moderne preg samtidig som mange av dei gamle detaljane er bevarte

Stove og gang:
Det er opa løysing mellom stova og kjøkken. Frå kjøkkenet er det utgang til balkong som vender mot vest og er på to etasjer.
På loftet har ein ei kjekk loftstove som kan nyttas som tv-stove eller hobbyrom. Frå gangen er det ei fin eiketrapp opp til loftet.

Kjøkken:
Kvit kjøkkeninnreiing frå Sigdal med integrert komfyr og platetopp, flisplater over benk. Kvitevarer som står på kjøkkenet inngår i salget.

Bad:
Tiltalande og romslig bad med flis og varmekablar på golvet, og fliser på veggane. Kvit baderomsinnreiing med skuffer og nedfelt vask, spegel med lys over vask. Dusj med innfellbare dusjveggar, vegghengt wc, vvtank og opplegg for vaskemaskin.

Overflater:
Måla gips i himling. På veggar er det i hovudsak glatt målingstrie. Trestavs eikeparkett på golv. Badet har flis på golv og veggar.

Diverse:
- Vassrør av plast rør-i-rør system
- Avløpsrør av plast og ellers hovedstamme av soilrør
- Automatsikringar og skjult el. installasjon
- Porttelefon
- Seriekobla brannvarslingsanlegg
- Framlagt fiber, kjøpar betaler tilknytning sjølv
Bygget er opprinnelig oppført i ca 1900. Bygget er totalrenovert og ombygd til leilegheiter ihht TEK 10 i 2015-2016.
Grunnmur av betong/sparebetong. Ytterveggar av tømmer og ca 20 cm isolasjon, ytterkledning av liggande dobbeltfalsa profilert
trepanel. Sperretak med taktekking av skifer. Etasjeskillere av isolerte trebjelkelag, trinnlydplater og nedfora himling med lydbøylar og gipsplater,
anlagt som brann- og lydisolert skille. Skilleveggar mot tilstøtande leilegheiter oppført som brann- og lydisolert skille med doble isolerte
treveggar med dobbel gips. Vindauger med 3-lags ruter med gjennomgåande sprossar.

Fasaden på bygget blei renovert i 2018. Ved renovering og ombygging i 2015-2016 vart lagt nye vass- og avløpsledningar og ny septiktank, oppført heishus samt at det vart anlagt 10 moderne leilegheiter ihht krav i TEK 10. "Storsalen" med tilhøyrande inngangsparti, kjøkken etc ligg i ein eigen næringseksjon som dei andre seksjonseigarane kan leige til selskap om ønskelig.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 04.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 61 kvm, Bruksareal: 77 kvm, Bruttoareal: 85 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Innreiia loftsrom

BRA pr. etasje:
3.Etasje: 61 m2
Loft: 16 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Felles asfaltert parkeringsplass.
Areal: 2 263 kvm, Eierform: Fellestomt

Tomta og utvendig areal er fellesareal. Mot nord er det anlagt felles parkerinsplass og mot sør er det felles hage og uteplass.
Eigedomen grensar mot E39 mot vest, kommunal veg mot nord og bebygd og ubebygd bustadareal mot aust og sør.
I følgje reguleringsplan for Visnesleirane, vedteken den 14.02.06, er eigedomen regulert til byggjeområde for hotell/kontor/bustad. Den er også regulert til spesialområde - bygningsvern, jfr. § 6.5 i reguleringsføresegner.
Tilkomst frå offentleg veg. Vatn frå kommunalt anlegg via felles private stikkledningar og avløp til felles privat septiktank med overløp til kommunalt anlegg via felles private stikkledningar.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Enkel tilkomst frå offentleg veg.
Varmekablar på badet. Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
Kr. 5 250 pr. år
(inkluderer vassavgift kr 1460, kloakkavgift kr 1045 og eigedomskatt kr 2732). Beløpet er estimert utfrå forventa forbruk. Forbruksgebyr etter målt forbruk, fordelt etter seksjonsbrøken.
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
- Fellesutgifter til sameiget
- Straum
Likningsverdi er ikkje registrert då leilegheitene er nylig seksjonert. Likningsverdi som primærbustad ligg vanlegvis mellom 25-30% av omsetningsverdien og som sekundærbustad mellom 80-90% av omsetningsverdien.
Det føreligg ferdigattest frå Stryn kommune datert 15.05.2018.
934 pr. mnd. (inkluderer: felles byggforsikring, drift og vedlikehald av heis og brannsystem, renovasjon, snøbrøyting og trappevask. Fellesutgifter er kun estimerte og kan avvike frå estimert sum).
Sameie: Central Apartments

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameiget er ikkje stifta per idag, dette vert gjort av seljar. Det føreligg difor ikkje noko rekneskap. Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i vedtekter som ligg ved i prospektet. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter.
Ingen
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 61 m2
Bruksareal ? 77 m2
Bruttoareal ? 85 m2
Byggeår 1900
Tomte­areal 2263 m2
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Prestestegen 5 snr. 6
Stryn
Prisant. 1980000
Soverom 1
Etasje 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 61 m2
Bruksareal ? 77 m2
Bruttoareal ? 85 m2
Byggeår 1900
Tomte­areal 2263 m2
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet