Spennande og innhaldsrik sjøeigedom i Leirgulen

Vis i kart
Leirgulen
Rugsund
Prisant. 3000000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Spennande og innhaldsrik sjøeigedom i Leirgulen

Leirgulen
6734 Rugsund
Sjønær, spesiell og spennande eigedom i Leirgulen!
Husværet ligg heilt i sjøkanten, med godt med lagringsplass for båtar og anna utstyr. Ein kan enkelt setje ut og ta opp båt med sjølvlaga båtoppheng. Med eiga flytebrygge, oppstøypt fiskebasseng og stupebrett skulle alt liggje tilrette for ein perfekt ferie!
Eigedomen ligg nydelig til ved fjorden på nordsida av Leirgulenpollen. Eventyrleg utsikt mot alt naturen har å by på.

Dette er verkeleg ein særeigen og flott eigedom. Her har ein alle mulighetar for å kunne nyte det gode sjølliv i tillegg til alt Bremanger har å by på. Ikkje langt unna ligg europas høgste sjøklippe - Hornelen, ca 15 minutt køyring unna ligg ei anna vestlandsk perle, Ålfotdalen, her er det rike fiskevatn og mykje hjort. Grotlesanden, ein ynda attraksjon i både sol og storm er ca 30 minutt køyring unna!
I tillegg er det kort veg til turmulighetar og dagsturar med bil til blant anna Harpefossen, Via Ferrata/Hoven i Loen, Briksdalen, Hakallegarden, Kråkenes Fyr, Meistringsparken i Svelgen, nydelige Kalvåg og so mykje meir!

Det er 500m til nærbutikk og 700m til hurtigbåtkaia i Leirgulen med daglege avgangar til Bergenog Måløy, 18 km til forretnings- og kommunesenteret Svelgen, 40 km til Kalvåg og 16km til kaia på Oldeide med ferje til Måløy. Elles er det ca 75km til Florø og 98km til Førde.
Eigedommen er over to plan med hems og inneheld:
Underetasje: bad/vaskerom, to naustrom, sløyerom/hobbyrom
1.etasje: stove, hobbyrom, tre soverom, bad, badstu og to trapperom.
Hems.
Husværet er inndelt i to delar med overbygg mellom delane. Det er stove/kjøkken og soveplassar i eine delen og soverom, baderom i andre delen. For å komme til underetasjen må ein ut og ned.
Det er meget god plass i naustdelane for lagring av båtar og andre saker. Eigar har hatt sin båt i opphenget heile året.

Kjøkkeninnredning med laminat skrog, kvite og måla heiltre frontar, laminat benkeplate og med opplegg til oppvaskemaskin.
Badet i u.etg. med enkel kvit innredning og plassbygd garderobeskåp. Her er det satt inn boblebadekar - skikkelig hytteluksus!
Badet i 1.etg. med normalt utbygd kvit innredning.
Plassbygde garderobeskåp på to av soveromma.
Sløyerom med plassbygd benk med to vaskekummar med vasstilførsel frå vasslange og med avløp
til fjorden.
Rettløpstrapper med smijernsrekkverk.

Himlingsbekledning; i hovedsak folierte takplater, måla takplater i eine hemsen, elles måla og
ubehandla panel.
Veggbekledning; i hovedsak målingsstrie og måla og ubehandla panel, noko måla puss i stove og
måla veggplater i eine hemsrommet.
Golvbekledning; i hovedsak laminatgolv, golvbelegg i hemsrom.
Bad/vaskerom u.etg. med folierte takplater, veggbekledning med flisplater og noko spegelflisar og
belegg på golvet.
Bad 1.etg. med folierte takplater i tapet i skråhimling, veggbekledning med tapet og brystningspanel
og med flisplater i dusj, belegg på golvet.
Naustrom med himling som synlege bjelkar/isolasjon, veggar av betongblokk og betonggolv.
Sløyerom med himling som dels måla stålplater, veggar som betongblokk og betonggolv.
Godt opparbeidt flat og bratt sør-sørvestvendt tomt. Mot fjorden her anlagt forstøtningsmurar av naturstein og betong, oppgrusa utomhusareal, smijernsrekkverk og stolpart med belysning mot fjorden, fastmontert ledda stupebrett, badestige, båtkran med elektrisk vinsj, el.styrt løftebukk for
båtar i galvanisert stål samt landgang med flytebryggje i galvanisert stål med 7 m lengde og 2 m bredde. Elles forstøtningsmurarar av betongblokk, anlagt enkel "badestamp"(fiskebasseng) og bratt naturtomt.
Plassbygde doble tofløya portar til naustrom og kvit plassbygd ytterdør til sløyerommet. Kvite ytterdører til begge avdelingar samt til badet i u.etg.
Mellombygg med overbygt inngongsparti og terrasse på 9 m2 Mot aust er her trapp med betongblokk og singel, terrasse på 16 m2 og galvanisert ståtrapp til baksida av bygget. Rømningsmoglegheiter i gavlvegg frå hemsrom mot aust.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 26.4.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 103 kvm, Bruksareal: 214 kvm, Bruttoareal: 234 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: hems, naustrom, sløyerom/hobbyrom.

BRA pr. etasje:
underetasje: 121 kvm
1.Etasje: 93 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Det er parkering på oppgrusa plass ved eigedommen.
Areal: 669 kvm, Eierform: Eiet tomt
Godt opparbeidt flat og bratt sør-sørvestvendt tomt. Mot fjorden her anlagt forstøtningsmurar av naturstein og betong, oppgrusa utomhusareal, smijernsrekkverk og stolpart med belysning mot fjorden, fastmontert ledda stupebrett, badestige, båtkran med elektrisk vinsj, el.styrt løftebukk for
båtar i galvanisert stål samt landgang med flytebryggje i galvanisert stål med 7 m lengde og 2 m bredde. Elles forstøtningsmurarar av betongblokk, anlagt enkel "badestamp" og bratt naturtomt.
Fritids og turistformål, FT0 i kommunedelplan Rugsund-Leirgulen. Det er ikkje detalregulert område iflg teknisk kontor.
Delar av eigedommen ligg i omsynssone flumfare - stormflo, jfr kommunedelplan.
Kommunedelplanen med foresegner gjeld framfor eldre planar og foresegner.
Folgjande reguleringsplanar innafor planomradet, skal gjelde slik dei er godkjente:
- Reguleringsplan for Rv 616 Bremangersambandet del 2, Parsell Kolset V Bortnen, godkjent 19.12.2007, stadfest 17.05.2008. Heile reguleringsplanomradet.
- Reguleringsplan for kaiomrade i Leirgulen, godkjent 10.03.2009. Heile reguleringsplanomradet.
- Reguleringsplan for bustad-/hytteomrade pa Kolset, godkjent i 1996. Del av reguleringsplanomradet som er regulert til bustad, og som inngar i omrade B i kommunedelplanen.
- Reguleringsplan for utbetring av Fv 573, ved Rugsund Kyrkje, godkjent 25.04.1996. Heile reguleringsplanomradet.
- Reguleringsplan for utbetring av Fv 573, ved Rugsund bru, godkjent 25.04.1996. Heile reguleringsplanomradet.
- Reguleringsplan for utbetring av Fv 573, ved moteplass Rugsundstraumen, godkjent 25.04.1996. Heile reguleringsplanomradet.
- Reguleringsplan for Rv 616 Bremangersambandet, Parsell Kolset V Klubben, godkjent 28.02.1995. Delar av reguleringsplanomradet.
Vatn er privat, veg er privat til offentleg. Avlaup går til septiktank. Vatn er testa og det er funnet at ein bør få på plass alternativ vasstilførsel. Seljar er i dialog med kommunen for å få på plass ei god løysing på dette.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter D
Det er svært enkel adkomst til eigedommen. Det vil bli skilta ved fellesvising.
Golvvarme med varmekablar på begge bad, elles er oppvarming basert på elektrisitet.
Kr. 7 000 pr. år
Privat vatn - her må påreknast vedlikehaldsutgifter inkl. evt. eigedomsskatt.
Vedlikehald av grusa parkering/ nedkøyrsle til eigedommen. Straum etter eige forbruk.
Likningsverdi som primærbustad kr 637 762 per
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Bremanger kommune.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Avløp til 7 m3 plassbygd septiktank med to kammer i betongutførelse mot fjell anlagt under trappaog med overløp omlag 25 m ut på fjorden.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 103 m2
Bruksareal ? 214 m2
Bruttoareal ? 234 m2
Rom 4
Byggeår 1998
Tomte­areal 669 m2
Energi­merking ? D
Vising
laurdag 25. august, 12:00 – 13:00
Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Leirgulen
Rugsund
Prisant. 3000000
Soverom 3
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 103 m2
Bruksareal ? 214 m2
Bruttoareal ? 234 m2
Rom 4
Byggeår 1998
Tomte­areal 669 m2
Energi­merking ? D
Vising
laurdag 25. august, 12:00 – 13:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet