Romsleg 3-roms med fantastisk utsikt over bygda/fjorden!

Vis i kart
Kringla 4G
Sogndal
Prisant. 3400000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Romsleg 3-roms med fantastisk utsikt over bygda/fjorden!

Kringla 4G
6856 Sogndal
2. etasje
Eigedomen ligg i eit etablert bustadområdet på Gurvin omlag 2 km frå Sogndal sentrum. Området ligg fint til med sydvendt tomt som har gode soltilhøve og flott utsikt over Sogndal sentrum. Det er forholdsvis kort avstand til Fosshaugane/Campusområdet, skular og barnehage. Det er og kort avstand til friområde med moglegheit for utfart heile året.
Flott og romsleg leilegheit i 2.etasje med parkering i sokkeletasjen. Leilegheita er på eit plan og inneheld:
Entrè/gang, vaskerom, 2 soverom, bad og stove/kjøken med utgang til altan.

I sokkeletasjen har leilegheita ei sportsbod og 2 stk. biloppstillingsplassar i parkeringskjellar. Det er tilkomst til leilegheita via heis og trapp.
Leilegheita har normalt godt vedlikehald både ute og inne. Noko bruksmerke må påreknast. Tidlegare hadde leilegheita 3 soverom, men eit av romma er teke bort og utvida til stove. Det er noko spor etter delevegg som er demontert.

Leilegheita har luftig og nymåla entrè/gang med romsleg og praktisk skyvedørgarderobe. Badet er av god størrelse og er innreia med toalett, dusjhjørne, toalett og servant med underskåp. Det er flis på golv og på veggar. Begge soverom er nymåla og det største rommet er innreia med skyvedørsgarderobe. Malm kommode frå Ikea på hovudsoverom kan følgje med i salet. Vaskerommet er innreia med hyller, skåp, utslagsvask, varmtvassberedar og teknisk skåp. Det er opplegg for vaskemaskin i rommet. Stove og kjøken er i opa løysing med utgang til overbygd altan. Kjøkendelen er innreia med integrert kjøl-/fryseskåp, steikeomn, platetopp og oppvaskmaskin. Møbelfrontar er glatte og kvite, og mellom overskåp og benkeflate er det flis på vegg. Møbelinnreiing er frå Norema.
Stove og kjøken har store vindaugsflater som gjev flott utsikt over Sogndal og gode lysforhald. Taket i desse romma er nymåla.

Elles har leilegheita:
- Skjult teknisk anlegg
- Røyr i røyr på tappevatn og avlaupsrøyr av plast
- Sentralavtrekk med attvinnig
Bygningen er fundamentert på utsprengd tomt og dels fylling. Betongfundament og grunnmur i betong, og over garasjeanlegg er det betongdekke.
Bereveggar i dels betong og dels tre. Bjelkelag er av tre. Takkonstruksjon er tekka med folie. Leilegheita har 2- lags vindauge i trekarm. Fasade er dels platekledd, betong og trekledning.

Utvendig er det altan med utgang frå stove. Langs rekkverket på altan er det sett opp pleksiglass for å skjerme for trekk.
Innvendig er det nytta belegg på golv, måla veggar og himling. På baderom er det flis på golv og veggar.

Garasje:
Betong og trekonstruksjon med ok tilstand. I garasjen er det utebod og carport med parkeringplass for 2 bilar.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 26.07.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 78 kvm, Bruksareal: 78 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: garasje og bod.

BRA pr. etasje:
2.etg: 78 kvm
Areala er henta frå seksjonering. Meklar har ikkje kontrollert areala.
- 2 parkeringsplassar i sokkeltasjen
- Felles gjesteparkering
Areal: 3 105 kvm, Eierform: Fellestomt Tomtearealet er henta frå Kommunekart.com og er såleis rettleiande.
Eigedomen er regulert til bustadføremål og ligg i område der Reguleringsplan for Kvåle- Gurvin er gjeldande.
Offentleg veg, vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Tilkomst via felles privat uteområde frå kommunal veg.
Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter C
Frå sentrum føl du gamle Dalavegen oppover ca. 1,5km. Kvåle Panorama ligg på høgreside av vegen. Det vil bli skilta ved fellesvisning.
- Varmegjenvinningsanlegg
- Varmekablar på golv på baderom
- Elektrisk oppvarming
Kr. 15 171 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Innbuforsikring.
Fellesutgifter til sameiget.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 773 305 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 247 567 per 31.12.16
Det føreligg ferdigattest frå Sogndal kommune datert 02.04.2013. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
900 pr. mnd. Inkluderar: straum og vask fellesområde, byggforsikring og brøyting.
Sameie: Sameige Kvåle Panorama, Orgnr.: 999229573
Andel fellesformue: 10222, Oppdatert pr: 31.12.2017
Forkjøpsrett: Nei

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameige Kvåle panorama består av totalt 24 bustadseksjonar.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Kaupanger rekneskapskontor AS
Ingen forkjøpsrett
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Tilleggsopplysningar frå seljar:
- To flisar ovenfor kjøkenbenken i hjørnet nede ved sidan av kjøleskapet har sprekker
- I eigenerklæringsskjema er det opplyst at verandadøra er justert. I samband med garantisak på ytterdøra fann inspektør ut at verandadøra manglar skiver på hengslene. Seljarane har festa på dette sjølv, samt snudd festeordninga etter anbefaling av inspektør. Det har vore litt kald trekk frå verandadøra i vinter. Mulig justeringene av døra og bytta av pakning vil betre dette
- Ytterdøra har ei pågående garantisak, opplyst i eigenerklæringsskjemaet. Seljarane har sjølv satt på ny pakning for å redusere trekk frå dør og karm. Døra skal bli bytta i august 2018
- Det er av og til knirking dørkarmen tilknytta baderomsdøra. Veggane/dørkarmen til baderomsdøra er ikkje heilt i vater noko funnet ut av vedlikeholdsansvarleg på inspeksjon. Det er mogleg det som kan forårsaka knirken
- Leiligheiten har Flexit luftsystem der filter må bytast 2 gongar i året
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med eigarskifteforsikring.
Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtakings snarast.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 78 m2
Rom 3
Byggeår 2012
Tomte­areal 3105 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Kringla 4G
Sogndal
Prisant. 3400000
Soverom 2
Etasje 2
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 78 m2
Bruksareal ? 78 m2
Rom 3
Byggeår 2012
Tomte­areal 3105 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet