Nyare 4-roms leilegheit med garasje og luftig beliggenheit

Vis i kart
Einevegen 6
Førde
Prisant. 2500000
Soverom 3
Etasje 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Nyare 4-roms leilegheit med garasje og luftig beliggenheit

Einevegen 6
6819 Førde
1. etasje
Einevegen er del av eit nyetablert bustadfelt på Sunde i Førde. Frå eigedomen er det gangavstand til barnehage, barneskule, idrettsanlegg og offentleg kommunikasjon.
Det er omlag 6 km til Førde sentrum med godt dekkjande service- og teneste tilbod; ungdomsskule, vidaregåande skular, høgskule, butikkar mm.
Mange flotte turområder like i nærleiken.
Eigedomen har luftig beliggenheit med flott utsikt over dalføre.
Romsleg 4-roms leilegheit med livslaupstandard og følgjande innhald:
1.etasje: entrè, stove/kjøkken med utgang til treplatting, tre soverom, gang, bod og bad/vaskerom.

I tillegg disponerar leilegheita eigen garasjeplass med tilhøyrande bod.
Velholdt og moderne leilegheit med gode kvalitetar.
Entrè, stove/kjøkken og alle soveromma har laminatgolv.
Det er varmekablar i alle golv, unnateke boda.
Alle veggar er lysmåla, unntake bad som har kvit våtromspanel på veggane.
Frå entrèen kjem ein inn til stove/kjøkken i opa løysing.
Rommet er godt løyst og enkelt å innreiie.
Fin krok til sittegruppe ved vindauge, god plass til spisegruppe både i stova og i bakkant på kjøkkenet.
Vedovn gir god varme og stemning i opphaldsrommet.

Kjøkkenet er flott med kvite frontar og laminert benkeplate.
Over benkeplata er det montert kitchenboards og spottar under kabinetta.
Integrert induksjonsplatetopp, steikeovn, oppvaskmaskin og kjøl-/fryseskåp.

På venstre hand frå entrèen ligg tre soverom på rekke. Alle av god storleik med plass til senger og oppbevaring.
I enden ligg praktisk oppbevaringsbod og stort bad/vaskerom.

Badet har grå golvfliser og kvit våtromspanel på veggane.
Innreiinga består av servant med skuffer, spegel med lys, høgskåp, dusj, vegghengd wc, utslagsvask og opplegg for vaskemaskin.
Det er mogleg å sette inn skyvedørsgarderobe dersom ein ønskjer å skjule "vaskerommet".

Leilegheita har balansert ventilasjon, fiberkabel, røyr i røyr og seriekobla brannvarslingsanlegg.

Flott leilegheit som framstår i svært god stand!
Fundament på planert steinfylling.
Isolert betongplate på mark i betong.
Grunnmur i betong mot terreng med utvendig isolering og innvendig med utfora og isolerte veggar.
Ytterveggar mot sør og aust er oppført i 8" isolert bindingsverk med bordkledning av trepanel og fasadeplater.
Skilleveggar mellom seksjonane er oppført i betong og i trekonstruksjon, oppført som brann- og lydkonstruksjon.
Etasjeskille oppført i trebjelkelag, oppført som brann- og lydkonstruksjon.
Takkonstruksjon er oppført som pulttak med tekking av folie.
Malt ytterdør i trevirke med vindusfelt.
Vindauga har trekarmar og to-lags glas.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 14.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 77 kvm, Bruksareal: 81 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod.

BRA pr. etasje:
1.Etasje: 81 kvm.

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Garasje og felles gjesteparkering.
Areal: 2 237 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Offentleg veg fram til tomtegrensa, offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter B
Leilegheita har enkel tilkomst med asfaltert gangveg frå garasjen og fram til inngangspartiet i 1.etasje.
- Varmekablar i alle golv, unnateke boda.
- Vedovn i stova
- Balansert ventilasjon med varmegjenvinning
- Øvrig oppvarming må baserast på elektrisitet
Kr. 10 385 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Eigar må sjølv teikne innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Likningsverdi som primærbustad kr 620 820 per 06.08.18
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 986 623 per 06.08.18
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 14.06.2016. Attesten ligg vedlagt salsoppgåva.
500 pr. mnd. Inkluderar: straum fellesområder, byggforsikring, brøyting og generelt vedlikehald.
Sameie: Einevegen Sameige

Sameiget består av 8 seksjonar som er fordelt på 2 korsdelte firemannsbustader.
Denne seksjonen har ein sameigebrøk på 1/8.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold.
Vedtekter ligg vedlagd salsoppgåva.
Ingen forkjøpsrett.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 77 m2
Bruksareal ? 81 m2
Rom 4
Byggeår 2015
Tomte­areal 2237 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
tysdag 21. august, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Trond  Bakke
Trond Bakke
Eigedomsmeklarfullmektig MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Einevegen 6
Førde
Prisant. 2500000
Soverom 3
Etasje 1
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 77 m2
Bruksareal ? 81 m2
Rom 4
Byggeår 2015
Tomte­areal 2237 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? B
Vising
tysdag 21. august, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet