Fin einebustad på utsiktstomt. Stor tomt. Garasje.

Vis i kart
Liabø
Naustdal
Prisant. 3350000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Fin einebustad på utsiktstomt. Stor tomt. Garasje.

Liabø
6817 Naustdal

Eigedomen er utbygd med eit bustadhus over to plan og ein frittståande garasje, begge oppført i 1998.
Eigedomen ligg i eit mindre byggefelt langs Liabøvegen med gode solforhold og hyggjeleg nabolag. Frå eigedomen er det flott utsikt over Førdefjorden og nærområdet i kring.
Ca. 3 km til sentrum av Naustdal med barnehagar, barne- og ungdomsskule, butikk, post, legesenter og idrettsanlegg. Sanden i sentrum er kjent for si flotte badestrand og volleyballbane.
Det går buss til skulen frå busstopp like ved.
Bustaden går over to plan med følgande innhald:
Hovudetasje: Vindfang, gang m/trapp, to stover, kjøkken, vaskerom og wc.
Overetasje: Loftstove m/trapp, tre soverom, bad og bod.
Bustaden har hatt godt vedlikehald og fleira av romma og innvendige dører er måla i den seinare tid. Nokre av golva er også blitt slipt og lakka etter seljar overtok bustaden i 2010.

HOVUDETASJE:
Vindfang har flislagt golv med varmekablar, tapet på veggane og panel i himlinga.

Gangen har tregolv, tapet på veggane og panel i himlinga. Her er montert skåp for oppbevaring. Frå gangen er det trapp til loftstove og dobbeldør til spisestove.

Stovene er naturleg delt i to. I spisestova er det god plass til stort spisebord og det er dobbeldør ut til stor terrasse. Den andre stova har god plass til å møbelere med fleire sitjegrupper, og peisomnen er eit naturleg midtpunkt. Frå stovene kan ein nyte den flotte utsikta mot Førdefjorden og fjella ikring.
Golvflater i stovene med furugolv, måla plater på veggane og måla panel i himlingane.

Tilkomst frå spisestova til kjøkken med furugolv, måla panel på veggane og panel med innfelte spottar og falske bjelkar i himlinga. Kjøkkeninnreiing i furu med god skåp- og benkeplass, heiltre benkeplate og stål oppvaskkum. Dei integrete kvitevarene som kjøleskåp, koketopp, steikovn og ventilator er nye.
Mellom benkeplata og overskåp er det lagt flis på vegg.

Wc har flislagt golv med varmekablar, tapet på veggane og måla panel i himlinga. Rommet er innreia med servant, spegel og toalett.

Romsleg vaskerom med dør ut til terrasse. Golvflater med belegg, måla strie på vegg og panel i himlinga. Rommet er innreia med underskåp, benkeplate, nedfelt skyllekum og sentral for sentralstøvsugar og balansert ventilasjon. Det er varmekablar i golvet.

OVERETASJE:
Alle golvflater i overetasje har furugolv, med unntak av i badet som har flislagt golv med varmekablar.

Frå hovdetasje er det trapp til loftstove med måla tapet på veggane og panel i himlinga. Frå stova er det utgang til veranda med flott utsikt. Vedomnen var ny i 2011.

Dei tre soveromma har tapet og måla panel på veggane og måla panel i himlingane. Frå hovudsoverommet er det tilkomst til walk-in garderobe og vidare ut til veranda.

Fint flislagt bad med nyare innreiing frå 2013. Innreiinga består av servant i underskåp, høgskåp, spegel med lysarmatur, nytt dusjhjørne frå 2018, innebygd badekar og toalett. I himlinga er det måla panel.

Det er breiband på internett (Nextgentel).
Enivest har lagt fiber til tomtegrense.
Ringmur i betong. Isolert betongplate på mark.
Ytterveggane over ringmuren er oppført i 6" isolert bindingsverk med bordkledning av trepanel.
Etasjeskilje av trebjelkelag.
Takkonstruksjonen er oppført som saltak med valmtak og sørvendt arkbygg. Taktekking av betongtakstein med standard frå byggeåret. Det er montert snøfangarar.
I kneveggane er det kottdører.
Vindauga har 2-lags glas frå byggeåret.
I stove og i kjøkkenet er det karnapp.
Verandører frå byggeåret. I vaskerommet er det katteluke i døra. Ytterdør med vindaugefelt.

Frå loftstova er det tilkomst til veranda med eit areal på ca 4 m2. Mellom verandabjelkane er det lagt tiltak. Terrassebord og rekkverk i trevirke.
Frå boda på loftet er det tilkomst til veranda i trekonstruksjon med eit samla areal på ca 4 m2. Mellom verandabjelkane er det lagt tiltak, terrassebord og rekkverk i treverk.

Sanitæranlegget har standard frå byggeåret med vassrør som rør i rør med fordelarskåp i vaskerommet. Avløpsrør av kopar og plast.
Den eine sluken på bad er ikkje kontrollert på grunn av innebygd badekar.
Varmtvasstank på 198 liter frå år 1998.

Det elektriske anlegget har standard frå byggeåret med automatsikringar. Ny straummålar.
Bustaden har balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
Sentralstøvsugar er montert i vaskerommet.

Garasje har grovstøypt golv på mark.
Ytterveggane er oppført i plasstøypt konstruksjon.
Betongdekke i plasstøypt konstruksjon.
Ytterdør i trevirke og 2-lags lags i trekarm av eldre dato.
Elektrisk anlegg er installert. 3-fasa kontakt.
Utebelysing over innkøyrsla.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 29.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 154 kvm, Bruksareal: 158 kvm, Bruttoareal: 169 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

BRA pr. etasje:
Hovudetasje: 94 m2
Overetasje: 64 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering i garasje og på tun.
Areal: 1 346 kvm, Eierform: Eiet tomt

Tomta er fint opparbeida med gruslagt tun/parkeringsplass, gruslagt gangveg, trapp og murar av naturstein, rekkverk i trevirke, ganbru i plasstøypt konstruksjon med rekkverk i trevirke, blomsterbed, grøntareal, treplattingar, kantmurar og noko fjell i dagen. Romsleg veranda med rekkverk langs sør- og austfasaden.
Eigedomen ligg i regulert bustadfelt. Sjå planid: 19770013, Naustdal kommune.
Felles privat tilkomstveg for fleire av eigedomane i byggefeltet. Vegen har dekke av asfalt.
Byggefeltet har felles privat vatn og septiktank med kommunal tømming.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D
Lett tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare opplysningar.
- Peisomn i stova i hovudetasje.
- Vedomn i loftstova, ny i 2011.
- Varmekablar i vindfang , vaskerom, wc og bad.
- Det er montert nokre nye termostatstyrte panelomnar.
Kr. 10 904 pr. år
Av beløpet utgjer kr. 7 508,- eigedomsskatt.
Straumforbruk ca. 13 500 kWh pr. år.
Forsikring kr. 6 428,- pr. år
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 706 956 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 262 260 per 31.12.16
Det føreligg ferdigattest frå Naustdal kommune datert 24.06.1998. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 154 m2
Bruksareal ? 158 m2
Bruttoareal ? 169 m2
Byggeår 1998
Tomte­areal 1346 m2
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Liabø
Naustdal
Prisant. 3350000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 154 m2
Bruksareal ? 158 m2
Bruttoareal ? 169 m2
Byggeår 1998
Tomte­areal 1346 m2
Energi­merking ? D
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet