Einebustad med godt vedlikehald og flott utsikt. Stor flott opparbeidd tomt.

Vis i kart
Ølnes
Sogndal
Prisant. 3350000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Einebustad med godt vedlikehald og flott utsikt. Stor flott opparbeidd tomt.

Eigedom
Ølnes
6856 Sogndal
Om eigedomen
Eigedomen ligg i landlege omgivelsar på Ølnes i eit typisk jordbruksområde. Eigedomen har flott utsikt over Barsnesfjorden i eit området med gode soltilhøve. Det er omlag 6 km til kommune og regionsenteret Sogndal som er godt utbygd utdanningstilbod og variert arbeidsmarked. Utifrå avstanden til sentrumsfunksjonar må ein pårekna noko bruk av bil.
Innhald
Romsleg einebustad med god planløysing og fantastisk beliggenheit.
Bustaden er på 2 etasjar og inneheld:
Underetasje: Vindfang, vaskerom, soverom, bad, kjellarstove og 2 boder.
1.etg: Gang, bad, 3 soverom, stove og kjøken.

Tunet ligg skjerma og er flott opparbeida med hage, uteområde, fukttre og hekk. På eigedomen er det oppført frittståande garasje med tilbygd vedbu.
Noverande eigar har hatt båtfeste ved sjøen og delt brygge med nabo. Dette er ikkje tinglyst, men grunneigar er positiv til vidareføring av denne ordninga.

Bustaden har innlagt fiber.
Standard
Bustaden vart oppført i 1967 med den tids tekniske standard. Etter oppføring er det gjort løypande vedlikehald og noko utskifting. Bustaden er god vedlikehalden både ut- og innvendig, men ein må likevel vera budd på noko utgifter til utskifting og reparasjon om ein skal oppnå dagens standard.
I underetasje er det registrert noko saltutslag på grunnmur.

Underetg.
Etasjen inneheld ei koseleg kjellarstove med plass til fleire sittegrupper og luke til krypkjellar. I kjellarstova er det panel og synlege bjelkar i himling.
Tidlegare har det vore montert vedomn i rommet, men denne er flytta opp til 1.etg. Det er derfor muleg å montere ein ny vedomn viss ein ynskjer det. Badet er innreia med dusjkabinett, enkel servant og toalett. Det er panel på veggar og takess i himling. Etasjen har også eit romsleg og praktisk vaskerom, og 2 boder for oppbevaring. Like ved vaskerom er det utgang til hage. Soverommet er av god størrelse og innreia med garderobeskåp.

1.etg.
Stova i denne etasjen er lys og romsleg med plass til både sitte- og etegruppe. I stova er det montert vedomn og varmepumpe, og tilkomst til altan med flott utsikt over Barsnesfjorden. Frå altan er det trappetilkomst til bakkeplan. På kjøkenet vart innreiinga skifta i 1986 med måla møbelfrontar av bjørk. Det er god skåpplass og benkeflate, og mellom overskåp og benkeflate er det flisar på vegg. På kjøkenet er det plass til ei lita etegruppe.
Badet innreia med toalett, servant med underskåp, spegel og sideskåp, dusj med skyvedører. Det er flis på veggar og golv. Badet var oppgradert for ca 15 år sidan. Etasjen har 3 soverom av ulik størrelse innreia med garderobeskåp.

Elles har bustaden:
- Teknisk anlegg er dels frå byggjeår
- Skrusikringar
- Kopar vassrøyr på del av installasjonen
- Røyr i røyr på nytt baderom. Dels plast avlaup
- Varmekabel på vassrøyr
- Ny vasspumpe sist vinter, dels nye røyr
- Teglpipe frå byggjeår
- Ventilator og punktavtrekk på baderom, elles naturleg ventilasjon

Kvitevarer på kjøken føl med i salet.
Byggjemåte
Bustaden er fundamentert på dels utsprengd fjelltomt og dels fylling med frostfritt fundament. Dels golv på grunn og dels bjelkelag over krypkjellar.
Grunnmur er pussa og over grunnmur ligg det bjelkelag i tre. Bustaden har plassbygd 4" isolert bindingsverk med utvendig værhud av trekledning.
Taket består av plassbygd saltakkonstruksjon som er tekka med Decra. Vindauga er av 2-lags glas i trekarm, frå byggjeår.

Utvendig er det tilbygd romsleg altan med utgang frå stove som er utvida i den seinare tid.
Innvendig er det brukt eikegolv i stove og furu elles. I underetasje er det brukt teppe på golv. På veggar er det panel og plater med tapet/måling. Del av kjellar har pussa vegg. Baderom på hovudplan har flis på golv og vegg. Himlingar er kvite på hovudplan, i underetasje er det panel i himling og synlege bjelkar i kjellarstove.

Garasje, 22 kvm
Garasjen har fundament i betong og enkel trekonstruksjon over. Taket består av plassbygd takkonstruksjon tekka med eternittplater. Port er motorstyrt.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Aslak Randmo, datert 12.06.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 143 kvm, Bruksareal: 157 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Boder

BRA pr. etasje:
Underetasje: 74 kvm
1.Etasje: 83 kvm
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje.
Elles gode parkeringstilhøve på eigedomen.
Tomt
Areal: 1 625 kvm, Eierform: Eiet tomt Tomtearealet er henta frå Kommunekart.com og er såleis rettleiande.
Flott opparbeida uteområde med praktfullt hageanlegg som er tilplanta med prydbusker, blomster og nyttevekstar.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er uregulert. Området er avsett til bustadføremål i kommunens arealdelsplan frå 2013-2023.
Veg, vatn, avlaup
Eigedomen har eige borehol for vatn og eige avlaupsanlegg med septiktank med avrenning til sjøen.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Privat tilkomtsveg frå fylkesvegen, denne ligg delvis på naboeigedomen. Ikkje noko tinglyst avtale i dag, men dette vil bli gjort før overtaking.
Oppvarming
- Varmepumpe luft til luft
- Vedomn i stove på hovudplan
- Elektrisk oppvarming
Kommunale avgifter
Kr. 6 883 pr. år
Kommunale avgifter inkluderar avgift for gebyr, feiing og eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk. ca kr 12 500,- pr år (forbruket gjeld 1 person)
Husforsikring kr 6 000,- pr år.
Evt. kostnader ved brøyting av privat veg.
Kommunale avgifter og eigedomskatt.
Meklar gjer merksam på at faste laupande kostnader vil kunne variere med omsyn til bruk av bustaden og avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 694 649 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 222 878 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Sogndal kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 143 m2
Bruksareal ? 157 m2
Byggeår 1967
Tomte­areal 1625 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Jan  Rune  Årøy
Jan Rune Årøy
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Bilete av Olav  Skjeldestad
Olav Skjeldestad
Eigedomsmeklar MNEF
Sogndal
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Ølnes
Sogndal
Prisant. 3350000
Soverom 4
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 143 m2
Bruksareal ? 157 m2
Byggeår 1967
Tomte­areal 1625 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet