Tiltalande 4-roms leilegheit i øverste etasje med vestvendt veranda og flott utsikt. Heis, carport, vassboren varme.

Vis i kart
Rennebakkane 5
Førde
Prisant. 4950000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Tiltalande 4-roms leilegheit i øverste etasje med vestvendt veranda og flott utsikt. Heis, carport, vassboren varme.

Eigedom
Rennebakkane 5
6812 Førde

Ei ny og tiltalande 4-roms leilegheit med livsløpsstandard i øverste etasje.
Vestvendt veranda, heis, parkering i carport, vassboren varme - alt ein kan ynskje seg for å få ein enklare kvardag.
Om eigedomen
Leilegheita ligg i eit av Førde sine mest attraktive og solrike bustadområde, og med fantastisk utsikt mot Førde sentrum og fjella ikring. Hyggeleg fellesareal er under opparbeiding og snart ferdigstilt rundt bygga som er tekne i bruk.

Gangavstand til Sentralsjukehuset, Høgskulen, barnehagar, skular, nærbutikk, butikksentra på Brulandsvellene og Hafstadparken.
Haldeplass for ringbuss like ved.

Nærområdet har mange fine turstiar og andre rekreasjonsområder. Eit populært turmål er Viefjellet, som har merka turløype til toppen med omlag ein time gangtid. I nærområdet elles finn ein mellom anna innandørs klatrevegg og sandvolleyballbane i Sandhallen på Vie, stall m.m.
Innhald
Leilegheita ligg fint til i øverste etasje og har følgande innhald:
Vindfang, vaskerom/teknisk rom, gang, tre soverom, eitt med tilkomst til walk-in garderobe/bod, bad, stove m/ utgang til overbygd, vestvend veranda, kjøkken i delvis opa løysing med stova. Tilkomst til utebod frå verandaen.
Praktisk sportsbod i bakkant av parkeringsplassen i underetasje.
Standard
Ny, flott leilegheit med funksjonell planløysing og energieffektiv, miljøvenleg og behageleg oppvarming med vassboren golvvarme i alle rom.

Det er gjort mange oppgraderingar ved kjøp av leilegheita i forhold til standardval / leveranse:
- Einstavs eikeparkett med tilhøyrande lister på golva i alle rom med unntak av bad og vindfang der det er flis, og i vaskerommet der det er belegg.
- Større vindauge mot verandaen.
- Oppgradert kjøkken med integrert platetopp, integrert kjøleskåp, spotlights i innreiinga.
- Det er montert LED downlights med dimmar i taket i vindfanget, gangen, badet, kjøkkenet og stova - til saman 22 stk.
- På badet er det ekstra sluk i golv og tilrettelagt for montering av badekar. Dusjen er også oppgradert.
- Veggane i gangareal, soverom og garderobe er oppgradert frå ferdigmåla huntonittplater til gips og måla fibertapet.
- Innvendige dører er oppgradert til type Stil 1, dørar og karm med dempelister.
- Oppgradering av fliser i vindfanget.

Leilegheita har gjennomgåande lyse overflater.

Alle veggflater har måla fibertapet, med unntak av i badet som har baderomsplater. Himlingane har måla overflater på underlag av gips og betong.

Det er tilrettelagt for smarthusløysing der oppvarming og belysing kan styrast.
Ved hovudinngangen er det ringetablå og callinganlegg med automatisk døropnar i leilegheita.

Vindfanget har flislagt golv og det er moglegheit til å sette inn garderobeløysingar. I himlinga er det innfelte spottar.

Romsleg vaskerom/teknisk bod innreia med intravask, opplegg for vaskemaskin, rørsentral, sikringsskåp og sentral for balansert ventilasjonsanlegg. Her er god plass til innreiing/ hyllesystem dersom ein ynskjer det.

Frå gangareal er det tilkomst til dei fleste rom i leilegheita, skyvedør til stove/kjøkken.

Stove og kjøkken er i delvis opa løysing med store vindaugeflater, som gir mykje dagslys og flott utsikt. I Stova er det ekstra takhøgde, 2.70 m, noko som gjer rommet luftig og gir god romfølelse. Frå stova er det skyvedør til overbygd veranda med glasrekkverk og Møre Royal plank på golvflater. Frå veranda er det tilkomst til praktisk utebod.

Fint kjøkken med moderne HTH innreiing med frontar Next kvit, laminert benkeplate og underlimt vask. Overskåp til tak, god skåp- og benkeplass. Integrert oppvaskmaskin, komfyr, induksjonstopp og kjøle-/fryseskåp.

Det er totalt tre soverom, alle med einstavs eikeparkett på golva. Frå hovudsoverommet er det direkte tilkomst til praktisk "walk-in" garderobe. Det er garderobeskåp i to av soveromma.

Lekkert bad med flislagt golv, baderomsplater på veggane, og innfelte spottar i himlinga. Rommet er innreia med underskåp med glatte skuffer, topplate med kvit heildekkande servant, spegel med ledlys, høgskåp, stort dusjhjørne og vegghengt toalett.
Det er ekstra sluk i golvet og framlagt vatn for montering av badekar om ein ynskjer det.
Byggjemåte
B-bygget vart teke i bruk i juni/juli 2018. Prosjektet er byggemeldt i samsvar med Plan- og Bygningslova av 1985 med endring frå 2010.

Bygningen er oppført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje i betong. Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong eller stendardverk av stål/tre kledd med fire lag gips.
Takkonstruksjon er bygd som kompakt tak.
Fasaden er oppbygd med isolerte stendervegger, i hovudsak kledd med trekledning og fasadeplater.
Verandagolv er av betong med trelemmar i impregnert materiale over.
Innvendige veggar er oppført i bindingsverk i varierande tjukkleik med stendarar i tre eller stål, kledd med gipsplater som det er lagt strie på og måla, og med ferdigmåla huntonitt plater.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 103 kvm, Bruksareal: 106 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal

BRA : 106 m2

Areala er henta frå salsteikningar frå arkitekt.
Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i carport like ved inngangen i underetasjen.
Tomt
Areal: 10 869 kvm, Eierform: Fellestomt
Uteområdet rundt bygningen og resten av fellesarealet er under opparbeiding og vil få steinlagde sosiale soner med benkar og bord, leikeplass, grøntareal, steinlagde gangstiar og asfalterte trafikkareal. Ein har tilkomst til fellesarealet i bakkant av bygget frå dør ved heis/trapperommet.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen er regulert til bustadføremål.
Veg, vatn, avlaup
Lett tilkomst frå kommunal veg.
Eigedomen er knytta til offentleg vatn og avlaup via sameiget sine stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter B
Tilkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg via intern veg i sameiget.
Oppvarming
Lun, behageleg vassboren varme i alle rom.
Denne er inndelt i soner som kan regulerast individuelt, med unntak av varmen på badet som ikkje let seg regulere.
Kommunale avgifter
Kr. 1 575 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Fellekostnad kr. 3 288,- pr. mnd. Felleskostnadane inkluderar driftskostnad, fiber, straum fellesareal, vatn- og kloakkgebyr og renovasjon.
Ein betalar kr. 75,- pr. m2 for straumforbruk varme. Dette er à-konto beløp som vert avrekna mot faktisk forbruk ein gong i året.
Formueverdi
Likningsverdi kr. 1.091.902 pr. 31.12.2017. Henta frå skatteetaten.no. Avvik kan førekome.
Ferdigattest
Det føreligg midlertidig bruksløyve frå Førde kommune. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 103 m2
Bruksareal ? 106 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 10869 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Rennebakkane 5
Førde
Prisant. 4950000
Soverom 3
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 103 m2
Bruksareal ? 106 m2
Byggeår 2018
Tomte­areal 10869 m2
Energi­merking ? B
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet