Seks nyetablerte leilegheiter i toppetasjen på Sentrumsgården midt i Sandane sentrum!

Vis i kart
Sørstrandsvegen 9
Sandane
Pris frå 1990000
til 4490000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Seks nyetablerte leilegheiter i toppetasjen på Sentrumsgården midt i Sandane sentrum!

Bustad Soverom Etasje P-rom BRA Totalpris
Sørstrandsvegen 9. Leilegheita er seld 2 4 79 85 m2 3990000
Sørstrandsvegen 9 Leilegheita er seld 2 4 74 80 m2 3590000
Sørstrandsvegen 9. Leilegheita er seld 3 4 90 94 m2 4490000
Sørstrandsvegen 9 2 4 73 76 m2 3350000
Sørstrandsvegen 9 1 4 39 42 m2 1990000
Sørstrandsvegen 9. Leilegheita er Seld 2 4 64 64 m2 2890000
Prosjektet
Prosjektet "Sentrumgården" består av dei to øverste etasjane i Sørstrandsvegen 9 på Sandane. I byggetrinn 1 blir toppetasjen bygd om til 6 leilegheiter. Byggetrinn 2 består av ombygging av 3. etasje til 8 leilegheiter.

Sørstrandsvegen 9 ligg svært sentralt plassert midt i hjertet av Sandane med gangavstand til alle sentrumstilbud, skule, barnehage, kino og idrettsanlegg. Leilegheitene som vender mot vest og sør har flott utsikt mot fjorden. Mot nord er det utsikt mot rådhusplassen som er bilfri og opparbeida med leikestativ for borna. Leilegheitene passar for både unge og eldre som ønskjer ei lettstelt leilegheit med umiddelbar nærhet til alt det sentrum har å tilby.

Tenk deg å parkere bilen i garasjen i kjellaren ein fredag etter jobb før du går på den koselege kafèen Lauget i 1.etg og slappar av med ein kopp kaffi etter ei hektisk veke. Deretter kan ein gjere dei nødvendige matinnkjøpa på Joker, som ligg i 1. etasje, og kjøpe friske blomster på blomsterbutikken som ligg like om hjørnet, før ein tar heisen opp til ei ny moderne leilegheit i toppetasjen med fantastisk utsikt mot fjorden. Her kan ein stelle i stand til hyggelig lag for gode venner på eit nytt innbydande kjøkken, og har ein lyst kan ein ta ein tur på byen, her bur ein tross alt midt i sentrum med kort gangavstand til det meste!

Vaktmestertjeneste vert lagt inn i felleskostnadane.
Ønskjer ein derimot hjelp til gardinoppheng, bildeoppheng etc i eigen leilegheit kan ein leige vaktmesteren på timebasis.
Innhald
Dei seks leilegheitene i byggetrinn 1 vil ha lik standard men varierar i størrelse og innhald.

Leilegheit 1 (A):
Leilegheit A er ei hjørneleilegheit som vender mot sør og vest. Leilegheita inneheld stove/kjøkken, to soverom, bad/vaskerom, bod og entrè. Frå stove/kjøkken er det utgang til sørvendt terrasse på 9 m2 og ein vestvendt balkong på 3,5 m2.
Areal: P-rom 77,5 m2, BRA 85 m2.
Pris: 3.990.000 (+omk)

Leilegheit2 (D):
Leilegheit D er ei hjørneleilegheit som vender mot sør og aust. Leilegheita inneheld: Stove/kjøkken, to soverom, bad/vaskerom, bod og entrè.
Frå stove/kjøkken er det utgang til sørvendt terrasse på 6,8 m2.
Areal: P-rom 73 m2, BRA 76 m2.
Pris: 3.350.000 (+omk)

Leilegheit 3 (E):
Leilegheit E er midtleilegheit som vender mot aust. Leilegheita inneheld: Stove/kjøkken, eit soverom, bad/vaskerom, bod og entrè.
Areal: P-rom 39 m2, BRA 42 m2.
Pris: 1.990.000 (+omk)

Leilegheit 4 (F):
Leilegheit F er ei hjørneleilegheit som vender mot nord og aust. Leilegheita inneheld: Stove/kjøkken, eit soverom, kontor, bad/vaskerom og entrè. Det er ikkje bod i sjølve leilegheita men på gangen i samme etasje har leilegheita ei bod på 4,5 m2 (boda er ikkje inkludert i bruksarealet). Frå stove/kjøkken er det utgang til terrasse på 6,7 m2.
Areal: P-rom 64 m2, BRA 68 m2.
Pris: 2.890.000 (+omk)

Leilegheit 5 (C):
Leilegheit C er ei hjørneleilegheit som vender mot vest og nord. Leilegheita inneheld: Stove/kjøkken, tre soverom, bad/vaskerom, bod og entrè. Frå stove/kjøkken er det utgang til vestvendt terrasse på 7,5 m2 og frå eine soverommet er det utgang til nordvendt terrasse på 8,9 m2.
Areal: P-rom 90 m2, BRA 94 m2.
Pris: 4.490.000 (+ omk)

Leilegheit 6 (B):
Leilegheit B er midtleilegheit som vender mot vest. Leilegheita inneheld: Stove/kjøkken, to soverom, bad/vaskerom, bod og entrè. Frå stove/kjøkken er det utgang til vestvendt terrasse på 9,3 m2.
Areal: P-rom 74 m2, BRA 80 m2.
Pris: 3.590.000 (+omk)

Kjøpar kan kjøpe parkeringsrett til garasjeplass i tillegg. Dette er valfritt og dei som er først ute som får mulegheita til å sikre seg garasjeplass. Kvar parkeringsrett til garasjeplass har pris kr 310.000,-. Garasjekjellar har tilkomst frå heis.
Standard
Overflater:
Einstavs eikeparkett på alle golv. Veggar og himling av gips - sparklast og målast i kvit farge. I inngangsparti vert det flis på golv. Bad vert levert med flis på golv og veggar. Lister langs golv, i rom med eikeparkett leverast eikelister langs golv. Synlige merker frå stifter må påregnes etter montering av lister og gerikter da desse kjem ferdig behandla frå fabrikk.

Kjøkken:
Kjøkkeninnreiing frå HTH (eller liknande kvalitet) med kvite frontar (Dekor Glatt Hvit). Laminat benkeplate. Oppvaskbenk med nedfelt stålbeslag. Ettgreps blandebatteri. Opplegg for oppvaskmaskin i kjøkkenbenk. Integrete kvitevarer som komfyr, platetopp, oppvaskmaskin samt frittståande kjøl-/fryseskåp inngår i prisen (integrert kjøl-/fryseskåp vert levert som standard i dei leilegheitene dette er mulig). Kjøkkenfrontar kan endrast etter avtale med kjøkkenleverandør, faste installasjonar som vask, komfyr, platetopp, ventilator og oppvaskmaskin kan ikkje flyttast på. Kjøkkenteikning for kvar leilegheit ligg ved i prospektet.

Bad:
Fliser på vegg og golv (30x30). Standard farge på fliser vil være beige eller grå/kvit. Andre fargar kan veljast som tilvalg innan nærmare angitt frist. Bad vert levert med vegghengt toalett. Avhengig av størrelse på bad leveres 60 cm eller 90 cm bredt servantskap, spegel på veggen med overlys. Ettgreps blandebatteri. Dusjnisje med glassvegg. Varmekablar i golv.

Belysning:
LED-downlights på bad. Ellers standard lys- og kontaktpunkt i alle rom.

Garderobe:
Det leverast ikkje garderobeskåp. Innvendig bod kan nyttast som garderobe om ønskelig, denne boda vert levert med dør som skyvedører.

Innerdører:
Kvite dører med kvite karmar, ferdig behandla frå fabrikk.

Terrassar:
Golv av trykkimpregnert tredekke, balkongrekkverk av glas. Fransk balkong utførast med vertikale spiler i vedlikehaldsfritt materiale.

Diverse:
- Ringeklokke ved inngangsdør til leilighet.
- Callinganlegg i kvar leilegheit med kamera for å kunne åpne hovedinngangsdør i 1.etg etter stengetid for næringsseksjonane. Hovuddør vil automatisk stengast mellom kl 18:00-07:00.
- TV anlegg basert på fiber med uttak i kvar leileghet. 1 stk TV-uttak. Tilknytningsavgift for fiber er ikkje inkludert i leveransen og betales direkte til leverandør. 1 stk. telefonuttak. Kjøper bestiller selv evt abonnement/tilkobling.
- Postkasse for kvar leilegheit montert i inngangspartiet ved heis.
Oppvarming
Vannbåren golvvarme i alle rom bortsett frå bad og inngangsparti der det blir varmekablar. Det blir ikkje golvvarme på boda.

Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
Parkering/bod
Alle leilegheitene i 4. etasje får bruksrett til kvar si sportsbod i kjellar. Nokre leileheiter får boder med bruksrett og nokre får seksjonert inn boda som ein tilleggsseksjon. Utbyggar står som ansvarleg for fordelinga av bodene. Bodene leverast med nettingveggar av stål, eller stålplateveggar, men med låst dør. Det blir ikkje elektrisk uttak i bodene.

I tillegg er det 5 garasjeplassar i kjellar, ein kan kjøpe parkeringsrett til ein parkering om ønskelig (her vert det først til mølla prinsippet). Det vert mulegheit for å kjøpe èin parkeringsrett i garasjeanlegget, sidan det ikkje er garasjeplass til alle leilegheitene må ein være tidleg ute om ein vil sikre seg plass. Parkering ellers vil skje på offentlig parkeringsareal på sjøsida av bygget der sameiget eig deler av arealet, leiger noko parkeringsareal samt areal rundt bygget regulert til parkering.
Pris på kjøp av parkeringsrett i garasjeanlegg kr. 310 000,-

Garasjeplass vert i utgangspunktet seld som ein parkeringsrett. Det vil bli skreve ein skriftleg avtale mellom utbyggjar og kjøpar som gir den til ei kvar tid eigar av leilegheita evigvarande rett til parkering på ein oppmerka garasjeplass. Parkeringsretten kan tinglysast dersom dette let seg gjere, ellers aksepterer kjøpar at parkeringsretten består av ein skriftleg leigeavtale mellom kjøpar og seljar. Seljar tek atterhald om å kunne seksjonere parkeringsplass m/tilhøyrade bod som eit tilleggsareal til den enkelte seksjon om dette er meir hensiktsmessig. Det tas derfor forbehald om kva løysing som vert vald. Driftskostnader knytta til sjølve parkeringanlegget fordelast på dei seksjonane som eig parkeringsrettar.

Parkeringsretten kan leigast ut vidare innanfor sameiget, men kan ikkje selgast separat. Parkeringsretten kan heller ikkje leigast ut separat utanfor sameiget. Det er utbyggar og eigar av næringsseksjonane, Sørstrandsvegen 9 Sandane AS, (etter sekjsonering) som skal vere eigar og drivar av parkeringsanlegget.
Adkomst
Enkel tilkomst med heis samt trapp til alle etasjar.
Tomt
1589 m2. Felles tomt som er flat og opparbeida med asfalterte fortau og gangareal rundt bygningen. Arealet utanfor kafèar og butikkar i 1.etg disponerast av dei enkelte leigetakarane, jf vedtekter.
Bygning
Kombinert bustad og forretningsbygg over fire plan i tillegg til kjellar. I 1. etg er det Joker matbutikk som også er åpen på søndagar året igjennom, "Lauget" som er ein kosleg kafè og blomsterbutikk. I 2. er det kontorlokaler og i 3. etasje skal det på sikt ombyggast til åtte leilegheiter og i 4. etg vert det anlagt seks leilegheiter.

Utbyggjar forbeheld seg retten til å bygge kontorseksjon på taket, dersom dette vert aktuelt plikter alle seksjonseigarar å samtykke til dette, jf vedtekter.
Byggjemåte
Ombygging av 4. etasje til bustader vert utført ihht TEK 10.

Bygget var opprinnelig oppført i 1971/1972, 4. etasje vart påbygd i 1994/1995. Bygget er utført i betong med stålkonstruksjon som bærende takkonstruksjon i 4. etasje. Fasaden for 4. etasje vert fornya. Nye vindauger er både med vanlig brystningshøgde og vindauger som går til golv. Innvendige lettveggar og lydveggar i samsvar med forskrifter, tre eller stålstendere kledd med gipsplater. Alle veggar skal vere fylt med isolasjon. Brannvegger i samsvar med forskrift.

Yttertak:
Primært tek ein sikte på i stor grad å behalde eksisterande yttertak, med tilleggsisolering underside i samsvar med ny TEK. Takplater på gesims og på skråtak for øvrig vert skifta.

Vindauger:
Åpningsfelt med låsbar vridar og barnesikker lufteinnstilling. Innerkarmar kan være i tre, ytterkarm skal ha aluminium kledning. U-verdi 0,8 eller betre for glas/karm/ramme totalt. Farge blir valgt av arkitekt og det blir same farge for alle vindauger. Malte foringar.

Ytterdører:
Aluminiumsdører. U-verdi 0,8 eller bedre. Arkitekt velger farge, same farge for alle dører. Innslåande dører ved franske balkonger med vertikale spiler i vedlikeholdsfritt materiale.
Energimerking
Leilegheitene vil få energikarakter C eller betre. Energiattest vert framlagt ved ferdigstilling.
Veg, vatn, kloakk
Tilkomst frå offentleg veg. Vatn og avløp tilknytta kommunalt anlegg via felles private stikkledningar.
Sameige
Ifølgje lov om eigarseksjonar, § 22, tredje ledd, kan ingen erverve meir enn 2 bustadseksjonar i eit sameige.

Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Felleskostnader
Storleiken på felleskostnadene er ikkje fastsett, men stipulerte felleskostnader skal dekkje sameiget sine ordinære driftskostnader. Kjøparane må rekne med å delta i felleskostander ut frå sameigebrøken. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiget rekvirerer. Felleskostnadane vil normalt dekkje forsikring på bygget og drift av fellesareal. Desse er stipulert til kr. 1200-1500 pr. mnd. Kommunale avgifter og eigedomskatt vert i tillegg fakturert direkte frå kommunen til den einskilde sameigar/seksjon. Endeleg fastsetting av første års driftsbudsjett og felleskostnader vert vedteke på sameige sitt konstituerande sameigemøte.
Sameiget er ikkje tilknytt sikkerheitsordninga for tap av felleskostnader. Sameigarane vil hefte for felleskostnadene etter sameigebrøken. Ein vil dermed ikkje hefte for andre sameigarar sine ubetalte felleskostnadar, men ein kan likviditetsmessig måtte leggje ut for naudsynte kostnader som sameige pådreg seg for å oppretthalde forsvarleg drift. Slike utlegg vil i så fall vere sikra med 1. prioritet pant i den seksjonen som ikkje har betalt sin del av fellesutgiftene.
Likningsverdi
Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatteetaten etter overtaking, og vil normalt vere 25-30% av første gangs kjøpesum som primærbustad (og ca 80% av første gangs kjøpesum som sekundærbustad).
Finansiering
Meklar kan formidle kontakt med Sparebanken Sogn og Fjordane for rask avklaring av finansiering ved kjøp i prosjektet. Meklar mottek ikkje godtgjerdsle for dette.
Ferdigstilling
Det må seljast tre stk leilegheiter før prosjektet vert realisert. Forventa oppstart er haust 2018. Forventa ferdigstilling er eit år etter at prosjektet vert bekrefta realisert. Kjøpar er uansett plikta å overta 4 veker etter at seljar har varsla om dato for at bustadane er ferdigstilt, sjølv om dette er tidlegare enn stipulert ferdigstilling. Ved overtaking skal det liggje føre ferdigattest. I særskilte tilfelle kan seljar krevje overtaking mot mellombels bruksløyve. Dette kan vere aktuelt dersom det ikkje let seg gjere å ferdigstille utomhus område grunna tele i bakken, at kommunen krev at alle bygg er ferdigstilt før ferdigattest vert gjeve og liknande. Kjøpar pliktar i så tilfelle å overta mot mellombels bruksløyve. I slike tilfelle har kjøpar krav på å halde attende ein forholdsmessig del av vederlaget til sikkerheit for at ferdigattest vert gjeve. Alternativt kan seljar stille §47 garanti som sikkerheit for dette høvet. Seljar tek atterhald om å kunne stille slik garanti. Overtaking mot mellombels bruksløyve medfører at ein har teke over eigedomen og ikkje har krav på dagmulkt etter overtaking.
Ved overtaking vil kjøpar få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald.
Lovverk
Bustadane vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring av 13. juni 1997 nr. 43 (bustadoppføringslova). I tillegg gjeld lov om eigarseksjonar av 23. mai 1997 nr. 31 (eigarseksjonslova) for sameiget og drifta av dette.
Garantiar
Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova §12. Denne garantien skal stillast umiddelbart etter bodaksept og skal tilsvare 3% av kontraktsummen i perioden fram til overtaking, og 5% av kontraktsummen i 5 år etter overtaking. Det skal ikkje betalast inn noko del av kjøpesummen før denne garantien er stilt.
Ved innbetaling av forskot stiller også utbyggar forskotsgaranti etter §47 tilsvarande dei til ei kvar tid innbetalte forskot fram til overtaking. Overføring av innbetalt forskot til meklar til seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova §47.

Utanom forbrukarkjøp vert leilegheitene seld etter Avhendingslova og det vert følgelig ikkje stilt garantiar etter Bustadoppføringslova.
Lov om kvitvasking
Eigedomsmeklar er underlagt lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om eventuelle mistenkjelege transaksjonar. Alle kjøparar må leggje fram legitimasjon for legitimasjonskontroll til eigedomsmeklar eller gjennom sin bank.
Servituttar/rettar
Hefter(servituttar):
- 1855/900048-1/56 Utskifting 27.08.1855
- 1860/900059-1/56 Utskifting 05.06.1860
- 1865/901964-1/56 Rettsbok 11.09.1865 Grensegangssak
- 1879/900091-1/56 Erklæring/avtale 25.10.1879 Skjøte til K. Sivertsen på et nøst under d.b.
- 1887/900365-1/56 Utskifting 23.07.1887
- 1889/900176-1/56 Utskifting 07.09.1889 Overutskiftning.
- 1897/900251-1/56 Utskifting 24.04.1897
- 1960/567-1/56 Jordskifte 26.03.1960 Grensegangssak Gjelder denne registerenheten med flere

Grunndata:
- 0/901548-1/56 Opprettelse av matrikkelenheten EIENDOMMEN ER OPPRETTET FØR 1930
- 1852/900478-2/56 Registrering av grunn 15.06.1852 Utskilt fra denne matrikkelenhet:Knr:1445 Gnr:74 Bnr:4
- 1947/494-1/56 Registrering av grunn 06.05.1947 Utskilt fra denne matrikkelenhet:Knr:1445 Gnr:74 Bnr:75
- 1992/1397-3/56 Grensejustering 22.04.1992 Gjelder denne registerenheten med flere
- 1992/1397-4/56 Målebrev 22.04.1992 Areal 1.605 m2
Regulering
Eigedommen er regulert til forretning. Søknad om rammeløyve for ombygging av 3. og 4. etasje til bustader er sendt inn til Gloppen Kommune men ikkje ferdigbehandla endå. Det vert teke atterhald om rammeløyve for ombygging av 3. og 4. etg til bustader.
Bodgjeving
Seljar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærmare grunngjeving nekte ei slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår elles berre halde seg til kjøpar. Bod må gjevast inn på meklar sitt standard bodskjema.
Eigedom
Sørstrandsvegen 9
6823 Sandane
4. etasje
Eigarform tomt og areal
Areal: 1 589 kvm, Eierform: Fellestomt

Felles tomt for sameiget. Areal utanfor butikkar/forretninhgar i 1.etg skal disponerast av desse, sjå vedtekter for meir informasjon.
Areal opplysningar
Viser til prisliste og planteikningar når det gjeld arealopplysingar for kvar leilegheit.
Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, medrekna innvendige boder og veggar, men er ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrekt innvendige boder og veggane til desse.
Då prosjektet ikkje er oppført, er oppgjevne areal basert på arkitekten sine arealutrekningar. Avvik kan førekomme. Sjå vedlagde planteikningar for meir opplysingar om areal i leilegheitene.
Betalingsplan
15% ved underteikning av kontrakt
Dei resterande 85% samt omkostningar betales i god tid før overtaking
Kommunale avgifter
Kr. 6 289 pr. år
Kommunale avgifter per år er kun estimerte då leilegheitene ikkje er etablert endå og inkluderer vassavgift kr 2836 og kloakkavgift kr 3453. Satsane gjeld for 2018. Eigedomskatt kjem i tillegg men er ikkje fastsatt.
Eigedomsskatt
Kjøpar må svare eigedomskatt men størrelsen på eigedomskatt er ikkje fastsett endå då leilegheitene er nyoppførte.
Seksjonering
Eigarseksjonane vil tilhøyre eit sameige med både nærings- og bustadseksjonar. Sameiget vil bli leia av eit styre som veljast mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane. Seljar vil på vegne av sameiget engasjere ein forretningførar til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammene som sameiget vedtek.

Seksjonsnummer vert bestemt i samband med seksjonering. Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Seljar forbeheld seg retten til å etablere eit eller fleire sameige samt tal einingar i høve kva som er hensiktsmessig kva gjeld utbyggingstakt, framdrift og brukseiningar.
Seljar tek atterhald om at seksjoneringa vert godkjent av Gloppen kommune. Seksjonering kan ta tid som følgje av lang sakshandsamingstid hjå kommunen.
Faste kostnader
- Kommunale avgifter og eigedomskatt
- Fellesutgifter til sameiget
- Straum
Vedtekter
Det er utarbeidd vedtekter for sameige, desse ligg vedlagt i salsoppgåva. Vedtektene vert gjeldande fram til sameigemøte evt. vedtek endring. For å endre vedtekter er det krav om 2/3 fleirtal.

Iflg vedtektene skal overdraging og utleige av seksjon meldast styret for godkjenning. Godkjenning kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn til det.

Dyrehold er tillatt, jf vedtekter. Dyreholdet må ikkje være til sjenanse for dei øvrige brukarane av eigedommen. Sameiget kan likevel forby dyrehold ved endring i vedtektene eller ordensreglane.
Forretningsførar
Accountor Gloppen vert forretningsførar for sameiget.
Endringsarbeid
Ved tilval og endringsarbeid gjer ein merksam på at kjøpar vil bli kalla inn til endringsmøte av utbyggjar/entreprenør, der kjøpar og entreprenør går gjennom leveransebeskrivinga. For endring av standard leveranse vert det skriven ein endringsavtale direkte mellom entreprenør og kjøpar.
Alle tilval/endringar må utførast innan nærmare angitt frist. Forbrukaren kan i alle tilfeller ikkje krevje endringar eller tilleggsarbeid som vil endre vederlaget med 15 prosent eller meir.

Avbestillingskostnader:
Ved en eventuell avbestilling før det er gitt igangsettingstillatelse betaler kjøper etter bustadoppføringslova § 54 et avbestillingsgebyr på 5 % av kjøpesummen, i stedet for erstatning etter §§ 52 eller 53. Bestilte endrings- og tilleggsarbeid skal betalast i si heilheit.

Dersom kjøperen avbestiller etter at igangsettingstillatelse er gitt, fastsettes selgerens krav på vederlag og erstatning i henhold til reglene i bustadoppføringslova §§ 52 og 53.

Vidaresal er ikkje å sjå på som avbestilling.
Atterhald
-Alle opplysningar i prospektet er gjeve med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, forutsatt at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan prisjustering at utbyggjar har rett til å foreta slike endringar. Døme på slike endringar kan være innkassing av teknisk anlegg, mindre endring av bustaden sitt areal og liknande.

-Seljar tek atterhald om endring av entreprenør
-Seljar tek atterhald om godkjent rammeløyve
-Seljar tek atterhald om godkjent seksjonering
-Seljar tek atterhald om plassering av bossbod for sameiet.
-Seljar tek atterhald om å organisere parkering og boder på den måten som er mest hensiktsmessig, til dømes som ein del av sameiget sitt fellesareal med tilhøyrande bruksrettar eller seksjonert som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskild anleggseigedom.
-Seljar tek atterhald om retten til å forestå fordeling av P-plassar og boder. Kjøpar vert gjort kjend med at bruksretten til parkerinsplass ikke kan forventes tinglyst. Bruksretten vil framgå av vedtekter og annen signert avtale.
-Seljar tek atterhald om å endre antal leilegheiter i prosjektet, og tal eigarseksjonar i bygningane.
-Seljar tek atterhald om tre selde leilegheiter innan prosjektet kan realiserast. Har kjøpar ikkje fått bekrefta at prosjektet vert realisert innan 01.11 .2018 står fritt til å trekke seg frå kjøpsavtalen.
-Seljar tek atterhald om å foreta justeringar i kontrakt som følgje av offentlege krav m.m. Vidare har seljar høve til å avvise bod frå interessentar som motsett seg å bruke eller krevje endringar i standard kjøpekontrakt. Skøyte vert tinglyst i kjøpar sitt navn. dersom kjøpar ikkje ønskjer tinglysing av skøyte må kjøpar ta atterhald om dette i bodskjema. Seljar står fritt til å avvise slike bud. Det vert teke atterhald om trykkfeil i prospekt.
-Seljar står fritt til å eventuelt endre priser på uselde leilegheiter.

-Fasadeendring for 3.etg ligg under byggetrinn 2 vil først skje når byggetrinn 2 vert realisert. Som følge av at det kjem eit andre byggetrinn må kjøpar være inneforstått med at det vil foregå byggjearbeid i 3.etg etter innflytting.

-Illustrasjonar i teikningsmaterialet kan vise forhold som ikkje er i samsvar med leveranse, dette kan være møblering, utsikt, fargeval, dør- og vindaugsform, bygningsmessige detaljar, til dømes fasadedetaljar, fellesareal, materialval, blomsterkassar, beplanting, fargesetting med meir.

-Vidare kan vindaugsplassering på teikningar og illustrasjonar avvike noko som følgje av mellom anna den arkitektoniske utforminga av bygget. Utsikta på 3D-illustrasjonar nuyya i prospektet kan avvike noko frå verkelegheita. Endeleg kjøkkenteikning vil bli utarbeida av kjøkkenleverandør, og i denne prosessen kan det skje ei omfordeling av dei enkelte kjøkkenkomponentane. I rom med eikeparkett leveres eikelister langs golv. Synlege merker frå stiftar må påreknast etter montering av lister og gerikt då desse kjem ferdig behandla frå fabrikk.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 39 m2
til 90 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kontakt meklar
Bilete av Norunn  Aarnes
Norunn Aarnes
Eigedomsmeklar MNEF
Stryn
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Sørstrandsvegen 9
Sandane
Pris frå 1990000
til 4490000
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Bruksareal frå 39 m2
til 90 m2
Vising

Ta kontakt for å avtale vising.

Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet