VISING 25.06 KL. 17.00. Einebustad på solrike Tua - velstelt opparbeid hage.

Vis i kart
Elias Melværgate 4
Florø
Prisant. 2600000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

VISING 25.06 KL. 17.00. Einebustad på solrike Tua - velstelt opparbeid hage.

Eigedom
Elias Melværgate 4
6900 Florø
Om eiendommen
Sentrumsnær og solrik bustad med fin og velstelt hage på Tua. Eigedomen har ein stor sørvendt terrasse med tilkomst både frå stove og frå hagen. Ny innkjørsel med beleggstein og natursteinsmur i 2016.
Det er ca 600 m til sentrum og fine turområder langs Storevatnet ligg like ved.
Innhald
Bustadhuset er på 2 plan + kjellar.
Hovudplan: vindfang, gang, kjøkken, stove, 1 soverom og bad/wc.
Loftsetasje: gang, 2 soverom, wc og kott.
Kjellar: Garasje, vaskekjellar, div. boder/kjellarrom.
Standard
Bustaden har for det meste ein eldre standard innvendig. Diverse oppgraderingar er gjort utvendig.
Den romslege vinkelstova har store vindauge både mot sør og vest. Det er eikeparkett på golv, tapet på veggar og måla slette tak.
Kjøkkenet ligg lyst og sørvendt til med vindauge mot hage. Eldre kjøkkeninnreiing som ein må pårekne å skifte. Delar av kjøkkeninnreiinga er av nyare dato, desse skåpa har heiltre bjørkefrontar. Det er spisestove i eiga avdeling like ved kjøkkenet. Overflater på kjøkken er eikeparkett på golv, måla glassfiberstrie på veggar, med fliser over benkeplate, måla slette tak.
Badet ligg på hovudplan og har flislagt golv. På veggar er det flisar på 2 av veggane og måla glassfiberstrie på 2 veggar. Badet har baderomsinnreiing, dusj og wc.
Det er eige wc med vask i loftsetasjen.
Elles i bustaden er det på golv: teppe, belegg og eikeparkett. På veggar er det måla plater, eikepanelplater og tapet. I himling er det måla tak, panel og måla plater.
Diverse opplysningar om bustaden:
- sikringsskåp er oppgradert med automatsikringar og jordfeilbrytar.
- delvis oppgradert el.anlegg i bustaden.
- nyare avløpsrør i dei gamle røra samt påkopling til det offentlege
- varmepumpe ny 2012
- nytt yttertak 2012
- dei fleste vindauga er frå 2008 - 2012
- innkjørsel oppgradert 2016
Byggjemåte
Bustadhuset er oppført i 1960, tilbygg med garasje og terrasse i 2008. Ytterveggar kjellar er 300 mm plasstøypte betongveggar med sparestein, utvendig overflatebehandla over terreng. 1. etg og loft: 100 mm antatt isolert trestenderverk, vindsperre og utvendig kledning. Innvendig difusjonssperre og platekledning. Yttertak er saltak med plassbygte tresperr, sutaksbord, papp, rekter, lekter og Decra tak. Nytt tak frå sutak og ut i 2012. Vindauga er 2-lags isolervindauge i kjellar, 2-lags energivindauge frå 2008 - 2012 i dei fleste rom og nokre vindauge frå byggjeår. Ve-lux takvindauge på loft.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Johnny Østerbø, datert 11.09.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 119 kvm, Bruksareal: 219 kvm, Bruttoareal: 239 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: kjellar og kott på loft.

BRA pr. etasje:
Kjellar: 97 m2
1.Etasje: 79 m2
2.Etasje: 43 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i garasje. Evt. i innkjørsla til eigdomen.
Tomt
Areal: 738 kvm, Eigarform: Sjølveigartomt.
Velstelt hage med grøntareal og plantar. hekk mot nabo i sør. Inngjerda mot gate i vest. Ny beleggstein og natursteinsmur i oppkjørsel i 2016. Stor terrasse over garasje i sør.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område som i sentrumsplanen er avsatt til bustader.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter G
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Det er varmepumpe i stove. Vedkamin i stove med oljenbrenner. Varmekablar på bad/wc hovudplan.
Kommunale avgifter
Kr. 21 393 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Formueverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 610 798 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 954 552 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Flora kommune. Det føreligg godkjente teikningar.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Radonmåling
Alle som leiger ut bustad må ha gjennomført radonmåling samt leggje fram dokumentasjon på at radonnivåa er forsvarlege. Dette kravet gjeld for alle typar utleigebustader samt leilegheiter og hyblar i tilknytning til eigen bustad.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 119 m2
Bruksareal ? 219 m2
Bruttoareal ? 239 m2
Byggeår 1960
Tomte­areal 738 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 25. juni, 17:00 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Elias Melværgate 4
Florø
Prisant. 2600000
Soverom 3
Bustadtype Einebustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 119 m2
Bruksareal ? 219 m2
Bruttoareal ? 239 m2
Byggeår 1960
Tomte­areal 738 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? G
Vising
tysdag 25. juni, 17:00 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet