4- roms leilegheit i Konglevegen, flott plassering i fremste rekkje. Flott utsikt | Skjerma takterrasse | Vel opparbeidd hage.

Vis i kart
Konglevegen 5B
Førde
Prisant. 2050000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel

4- roms leilegheit i Konglevegen, flott plassering i fremste rekkje. Flott utsikt | Skjerma takterrasse | Vel opparbeidd hage.

Konglevegen 5B
6814 Førde
Husværet er del av ein vertikaldelt to-manns bustad i Midtlia Burettslag. Leilegheita har ei av dei beste plasseringane, i fremste rekkje med fritt og ope utsyn i austleg retning mot Førde. Leilegheita ligg godt skjerma til i enden av Konglevegen, både i høve gjennomgangstrafikk og E39.

Burettslaget vart utbygd i 1980 og består av totalt 62 andelar. Burettslaget har i seinare tid utført utvendig rehabilitering, og framstår som velhalde og triveleg. Denne hustypen byr på triveleg takterrasse i front med skjerma plassering og lite innsyn.

Bustaden ligg i kort gangavstand til Flatene skule, Halbrend skule og barnehagar. Kollektivtilbod med bybuss- forbindelse ca. 200 meter frå bustaden. Til Førde sentrum er det ca. 3 km, med eit godt dekkjande tilbod av service- og tenestefunksjonar.

Området har mange fine turstiar å velje mellom. Frå Flatene går det turløype til Bekkjavatnet - ein fin tur som tek om lag ein time tur-retur. Frå Bekkjavatnet kan ein gå vidare langs vatnet til Hunsrasta på tillaga sti. Det er her moglegheiter for pausar ved rasteplassar. Frå Hunsrasta er det mogleg å gå vidare opp til Hafstadfjellet. Langelandsvatnet via Reset er også ein fin tur på opparbeidd grusveg.
Leilegheita går over tre plan med følgjande innhald:
2. Etasje: Entré, stove med trappeløp og tilkomst til usjenert takterrasse med flott og ope utsyn mot Førde.
1. Etasje: Eit soverom, baderom, vaskerom, bodareal og kjøkken med tilkomst til altan. Frå altan er det trapp ned til hage på framsida av husværet.
Underetasje inneheld mellomgang og to soverom. Frå eine soverommet er det tilkomst til mindre terrasse i trevirke og vel opparbeidd hage.
2. Etasje
Stove i 2. etasje har laminat på golv og måla strie på veggar med underlag av gips. Rommet framstår som lyst og triveleg med større glasflater ut mot skjerma terrasse. Frå stove er det tilkomst til austvendt takterrasse på om lag 24 m2. I forbindelse med rehabilitering av fasade vart det her montert nytt rekkverk og nye remmer i trevirke med underlag av membrandekke. Her er det fritt og ope utsyn austover mot Vie.
Entré har laminat på golv og måla strie på veggar.

1. Etasje:
Romsleg kjøkken / allrom med tilkomst til altan.
Kjøkkeninnreiing frå Sigdal med måla profilerte frontar, laminert benkeplate og frittståande kvitevarer. Ventilator er montert i ventilatorskåp. På vegg mellom benkeplate og overskåp er det fliselagt parti. Belysning i- og i underkant av overskåp. Det er montert dimmer for lys i underkant av overskåp.
Frå kjøkken er det tilkomst til austvendt veranda i trevirke på om lag 3 m2. Frå denne er det tilkomst til flott hage/utomhusareal som ligg i plan med underetasje.

Baderom og WC har belegg på golv. På veggar i toalett-rom er det tapetserte overflater og på veggar og på baderom øvrig er det måla strie. Takess i himlingar. Det er her innreia med badekar, servant i underskåp, spegel, lysarmatur, overskåp og eit høgskåp. På WC er det servant, spegel, lys og klosett.
Vaskerom har belegg på golv og våtromsbelegg på veggar. Det er her opplegg for vaskemaskin og plass til tørketrommel. Varmtvassberedar og skåp for røyr i røyr- system er plassert her. Skyljekar i stål er montert på vegg.

Boder ligg godt til i bakkant av husværet med tilkomst frå vaskerom. Overflater har standard frå byggeår med gipsa overflater på veggar og belegg på golv. Plassbygde hyller er montert langs med vegg.

Soverom har belegg på golv, og måla strie på veggar med underlag av gipsplater. Takesshimlingar. Rommet er av god storleik med plass til større seng og godt med garderobeskåp.

Underetasje:
Overflater i underetasje har gjennomgåande laminat på golv, måla strie på veggar med underlag av gipsplater og takesshimlingar. I trappeløp mellom under- og 1. etasje er det montert luft til luft- varmepumpe.

Moderniseringar:
- 2002: Nye laminatgolv av to av soverom i underetasjen.
- 2003: Ny vedomn.
- 2004: Ny kjøkkeninnreiing.
- 2005: Delmodernisering av baderom
- 2005: Nye vassrøyr som røyr i røyr-system.
- 2010: Ny verandadør og ny ytterdør.
- 2010: Måling av veggar i to av soverom.
- 2015: Ny stålpipe.
- 2015: Modernisering av veranda med ny rekkverk og ny rekkverk og ny folietekking og ny remme. Ny veranda i trekonstruksjon med tilkomst frå kjøkken.
-2015: Nye vindauge i trekarm med tre-lags glas. Aluminiumsbeslag på vindauga. Rehabilitering av fasaden med etterisolering. Ny taktekking.

Tekniske installasjonar:
-Elektrisk anlegg har i all hovudsak standard frå byggeår, oppgradert med to automatsikringar og jordfeilbrytar. Sjå elles takstrapport for utfyllande informasjon.
-Sanitæranlegg er oppgradert med vassrøyr, montert som røyr i røyr- system med fordelingsskåp på vaskerom. Dette vart montert i 2005.
Bygningen har fundament på planert steinfylling. Fundament, grunnmur og golv i underetasjen er av betong. Ytterveggane er av 4'' isolert bindingsverk med liggande bordkledning. I 2015vart ytterveggar etterisolert med 10 cm, total isolasjonstjukkelse er dermed 20 cm.
Etasjeskilje av trebjelkelag. Takkonstruksjonen er oppbygd som saltak,, og har taktekking av betongtakstein og undertak av trefiberplater.
Det er montert stigetrinn for tilkomst til pipe. Takrenner og nedlaup av stål. I 2015 vart det lagt ny takstein, takrenner med nedlaup, vindskibord og loddbord. Ytterdør med vindaugefelt, montert i 2015. Verandadør er frå 2010. Vindauger er av typen tre-lags isolerglas med karm i trevirke frå 2015.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal v/ Førde takstkontor, datert 29.08.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 121 kvm, Bruksareal: 133 kvm, Bruttoareal: 151 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
Underetasje: 30 m2.
1.Etasje: 61 m2.
2.Etasje: 42 m2.
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
På angitt parkeringsplass på burettslaget sitt fellesareal. Carport kan ein søkje burettslaget om, og vert tildelt søkjarar etter ansiennitet.
Eierform: Festet fellestomt
Festeavgift er inkludert i mnd. felleskostnader.

Tomta ligg i austvendt heilning med fin utsikt. Tomta til burettslaget er vel opparbeidd med asfalterte gangvegar, trafikkareal, grøntareal og leikeplassar.

Rundt det aktuelle husværet er det opparbeidd med trapp og platting i trevirke rundt inngangsparti. Langs fasade mot sør er det trapp i trevirke ned til hage. Langs fasademot aust er det opparbeidd med trapp og platting i trevirke, grøntareal, hekk, blomebed og fiskedam.
Eigedomen er regulert til bustadføremål jmf Førde kommune plan id. 19780022.
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar. Offentleg veg fram til burettslaget sin eigedom. Stikkveg fram til dei ulike leilegheitene i burettslaget.
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter E
Lett tilkomst frå burettslaget sine interne stikkvegar.

Sjå vedlagt kart på Finn.no eller ta kontakt med meklar for vegbeskriving. Det vil verte skilta med Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS sine skilt på fellesvising. Bustaden er merka med 'Til Sals'- plakat.
Vedomn på kjøkken med stølrøyr.
Varmekabelar i golv på baderom.
Straum og nettleige etter eige forbruk. Noverande eigar har hatt eit årleg forbruk på om lag 20 000 - 25 000 kWh. per år.
Byggforsikring vert dekt gjennom mnd. felleskostnader til burettslaget.
Eigar må sjølv teikne innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 680 201 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 176 642 per 31.12.16
Det føreligg mellombels bruksløyve frå Førde kommune datert 29.09.1981. Denne ligg vedlagt i nedlastbar salsoppgåve.
Borettslag: Midtlia Burettslag AL (Reg=2007.06.08 av HBE), Orgnr.: 952989103
Andelsnr.: 45
Andel fellesgjeld: 523411, Oppdatert pr: 11.07.2018

Opplysningar om felles gjeld:

Lånenummer: 37060928658, Sparebanken Sogn og Fjordane
Annuitetslån med to terminar per år.
Rentesats per 11.07.2018: 2,95 % per år.
Antal terminar til innfriing: 7
Saldo per 11.07.2018: 668 091
Andel saldo: 10 952
Første termin/første avdrag: 30.12.2016 (Siste termin 30.12. 2021)

Lånenummer: 13562321, Den Norske Stats Husbank
Annuitetslån med 12 terminar per år.
Rentesats per 11.07.2018:1,56 % per år.
Antal terminar til innfriing: 342.
Saldo per 11.07.2018: 30 709 242.
Andel av saldo: 503 425
Første termin/første avdrag: 01.02.2017 (Siste termin 01.01.2047)

Lånenummer: 37061985396, Sparebanken Sogn og Fjordane
Annuitetslån med to terminar per år.
Rentesats per 11.07.2018:2,95 %
Antal terminar til innfriing: 27
Saldo per: 11.07.2018: 551 124
Andel av saldo: 9 035
Første termin/første avdrag: 30.06.2017 (Siste termin 31.12. 2031)
5 862 pr. mnd. Dekkjer Renter og avdrag til felles lån, avsetjing til framtidig vedlikehalddriftskostnader av burettslaget og dugnadsgebyr, TV og internett, kommunale avgifter og eigedomsskatt.
Felleskostnadane fordeler seg slik:
Rente: kr. 703,-
Avdrag: kr. 293 ,-
Drift og vedlikehald: kr. 2403,-
Kommunale avgifter: kr. 1114,-
Forretningsførsel og revisjon kr. 1349,-
Om felleskostnadene for andelen vil auke tilsvarande, vil henge saman med mellom anna rentenivå framover, nedbetaling av burettslaget sitt lån, samt andre føresetnader og styret sine slutningar ved fastsetting av felleskostnader.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i årsmelding, rekneskap, vedtekter og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg burettslaget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
BOB.
Det er vedtektsfesta forkjøpsrett til bebuarane i burettslaget og deretter medlemmane i BOB på elles like vilkår.

Forkjøpsretten vert utlyst i etterkant av salet. Når seljar har akseptert eit bod vert forkjøpsretten lyst ut til medlemmane i BOB med ca. 10-12 dagars frist for forkjøpsrettshavarar til å tre inn i avtalen. Ved bruk av forkjøpsretten vil det pålaupe gebyr stort kr. 7 063,- til BOB. Ta kontakt med BOB for meir informasjon om forkjøpsrett.
Kjøpar må i følgje vedtekter godkjennast av styret i burettslaget. Godkjenning kan ikkje nektast utan sakleg grunn.
Burettslaget har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Burettslaget er knytt til Boligbyggelagenes Sikringsfond mot tap av felleskostnader.
Andelseigaren kan ikkje, utan samtykke frå styret i burettslaget, overlate bruken av bustaden til andre utover det som følgjer av burettslagslova § 5-4 til 5-6.
Kvar andelseigar må være medlem i BOB. Innmelding kostar kr. 800,-, og årleg kontigent er kr. 300,-. Man kan melde seg inn på www.bob.no.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 121 m2
Bruksareal ? 133 m2
Bruttoareal ? 151 m2
Rom 4
Byggeår 1980
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 25. september, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Julie  Førde
Julie Førde
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Konglevegen 5B
Førde
Prisant. 2050000
Soverom 3
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Andel
Nøkkelinfo
Primærrom ? 121 m2
Bruksareal ? 133 m2
Bruttoareal ? 151 m2
Rom 4
Byggeår 1980
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? E
Vising
tysdag 25. september, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet