Lyst og tiltalande rekkehus på solrike Viebøen. Bilfritt tun, parkering i carport like ved.

Vis i kart
Tångane 24
Førde
Prisant. 3380000
Soverom 2
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Lyst og tiltalande rekkehus på solrike Viebøen. Bilfritt tun, parkering i carport like ved.

Tångane 24
6812 Førde

Lyst og tiltalande rekkehus i Tångane sameige på solrike Viebøen. Carport i felles carportbygg.
Bustaden ligg i eit roleg, barnevenleg bustadområde med gode soltilhøve.

Det er gangavstand, via godt opparbeidde gangvegar, til barnehagar, Slåtten skule, høgskulen, butikkar og Sentralsjukehuset. Til sentrum er det omlag 3 km, med gang- og sykkelsti heile vegen. Godt buss-samband med haldeplassar for ringbuss like ved.

Nærområdet har flotte turstiar og rekreasjonsområder. Nemneverdig er innandørs sandvolleyballbane og klatrevegg i Sandhallen på Vie, stall- og innandørs ridebane, linepark, Frisbee-park, fotballbaner, volleyballbaner, fleire leikeplassar og skogspark med hytter og bålpanne.

Viefjellet er eit populært turmål med fleire stiar ein kan gå utan å måtte setje seg i bilen. Ein kan gå frå leilegheita, og til toppen av Rennekleiva via ei turløype. Ein annan populær veg er frå Soleide der skogsstien startar ca. 2 km på asfalt og grusveg innover Vie.
Husværet går over to plan med følgande innhald:
Underetasje: Entrè/hall med trapperom, to soverom, bad,og vaskerom. Sportsbod praktisk plassert like ved inngangen.
Hovudetasje: Stove med trapperom og kjøkken.
Bustaden framstår som lys og triveleg med opphaldsrom og uteplass mot vest. Overbygd inngangsparti, fint opparbeida med asfaltert gangveg og tilkomst til utebod.
Det er varmekablar i alle golv i underetasje, noko som gjev ein behageleg varme i alle rom. Takess i himlingane.

Lys og luftig entrè med flislagt golv, måla heilsparkla veggar og innfelte spottar i himlinga. Frå gangen er det trapp til stove i hovudetasje.

Begge soveromma er av god storleik med belegg på golvet og profilerte plater på veggane. Det største soverommet har romsleg skyvedørsgarderobe, innfelte spottar i himlinga og det er utgang til stor terrasse på omlag 30 m2.
Kombiskåp i det minste soveromet.

Tidlaust, heilfisa bad med innfelte spottar i himlinga. Romsleg Sigdal baderomsinnreiing med innfelt servant, toalett, veggmontert dusj i plassbygd nisje med vegg av glasbyggarstein og glasdør.

På vaskerommet er det slitesterkt golvbelegg og måla profilerte plater på veggane. Rommet er innreia med benkeplate, intravask og opplegg for vaskemaskin.

Lys og fin stove i hovudetasjen - med parkettgolv, måla heilsparkla veggar og innfelte spottar i himlinga. Store vestvendte vindauge gjev godt med lysinnslepp til opphaldsrommet. Utgang til delvis overbygd, vestvendt veranda på omlag 5,8 m2. Det er montert vedomn.
Frå stove er det skyvedør til kjøkken.

Stort kjøkken der ein kan dekke til mange rundt bordet. Rommet er lyst og triveleg med Sigdal kjøkkeninnreiing med kvit lakkerte, profilerte frontar, laminat benkeplate og integrert induksjonstopp, steikeomn, oppvaskmaskin og microbølgeomn. Det er lagt nye flisar mellom benkeplate og overskåp.
Frå kjøkkenet er det utgang til austvendt, delvis inntrekt veranda på omlag 3,7 m2. Ein hyggjeleg stad å nyte frukosten i morgonsola.
Det kan lett settjast opp ein skiljevegg på kjøkkenet for å lage eit ekstra soverom i bustaden.

På kjøkkenet er det også nedfellbar trapp til romsleg oppbevaringloft med golv av sponplater.
Bygningen står på grunnmur av betong. Golv i underetasje av isolert betongplate på grunn.
Etasjeskilje av isolert trebjelkelag.
Ytterveggar av 6" isolert bindingverk med utvendig kledning av ventilert liggande trepanel.
Skiljeveggar mellom seksjonane av isolert bindingsverk, utført som lyd- og branncellekonstruksjon.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av A-takstolar med god lagerplass i kaldloftet. Mot kaldloftet er det isolert med 30 cm matter.
Taktekking av betongtakstein med undertak av trefiberplater.
Vindauge med trekarmar og 2-lags glas med sprossar.
Ytterdør i treverk med teakfinerte overflater og 2-lags glas.
Ytterdør i vaskerommet i treverk med teakfinerte overlater.
Ytterdør i uteboda i treverk med måla overflater.
Altan -og terrassedører i treverk med måla overflater og 2-lags glas.

Ved houvdinngangen er det flislagt betongplatting med takoverbygg.
Vestvendt treterrasse med skjerm- og leveggar, ca 30 m2, med tilkomst frå det eine soverommet.
Frå stova er det utgang til 5,8 m2 delvis overygd altan i fasade mot vest, oppbygd av impregnert tredekke med spaltegolv.
Frå kjøkkenet er det utgang til 3,7 m2 delvis inntrekt altan i fasade mot aust, oppbygd av impregnert tredekke med spaltegolv.

Ventilasjonen er basert på mekanisk avtrekk og naturleg ventilering. Det er montert kanalar for eventuell oppgradering til balansert ventilasjon . Det er installert sentralstøvsugar.
Sanitæranlegg med rør i rør system og avløpsrør av plast.
200 l iter varmtvasstank.
Elektrisk anlegg med skjult installasjon og fordelingstavle med automatsikringar. Anlegget er godt utbygd med dowlights i himlingane.
Fiberkabel er installert.

Carport:
Ringmur av betong. Asfaltert dekke.
Ytterveggar av bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.
Takkonstruksjon med saltakform, oppbygd av takstolar med taktekking av betongtakstein og undertak av trefiberplater.
El. anlegg er installert.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 11.09.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Primærrom: 97 kvm, Bruksareal: 102 kvm, Bruttoareal: 111 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bod.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 53 m2
Hovudetasje: 49 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkeringsplass i felles carportanlegg like ved.
Areal: 8 042 kvm, Eierform: Fellestomt

Uteområdet som ligg til seksjonen er opparbeida med gråsteinsmur og treterrasse med le- og skjermvegg i fasade vest, og med asfaltert tunplass ved inngangspartiet mot aust.
Ved inngangen grensar bygningen til eit større grøntareal som er ein del av fellesarealet.
Sameiget sitt fellesareal er pent opparbeida med grøntareal, leikeplass og asfalterte parkeringsplassar, gang- og trafikkareal.
Eigedomen er regulert til bustadføremål jmf planid. 20040002.
Eigedomen ligg med lett tilkomst frå kommunal veg og få sameiget sitt fellesareal.
Tilknytta kommunalt vassverk og avløpsanlegg via sameiget sine private stikkleidningar.
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D
Lett tilkomst frå offentleg veg. Sjå ev. kart www.finn.no, eller kontakt meklar for nærare informasjon.
- Vedomn i stova.
- Varmekablar i golva i underetasje.
- Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar.
Kr. 13 722 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Eigedomsskatt ugjer kr. 3 235,68 av beløpet.
Straumforbruk ca. 15000 kWh pr. år.
Forsikring kr. 2 582,- pr. år.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi som primærbustad kr 630 420 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 017 342 per 31.12.16
Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 15.05.2007. Denne ligg vedlagt salsoppgåva.
250 pr. mnd. Eigar vert fakturert kr. 3000 pr år for felleskostnadar, fordelt på 4 innbetalingar. Felleskostnadane dekkjer drift av fellesområdet.
Sameie: Tångane Sameige, Orgnr.: 991231323

Sameiget er utbygd med 31 bustadseksjonar fordelt på fleire rekkjehus og frittståande carportar.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald.
Revisorgruppen Fjordane AS.
Ingen forkjøpsrett eller krav om styregodkjenning.
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar.
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Etter avtale med seljar.
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 97 m2
Bruksareal ? 102 m2
Bruttoareal ? 111 m2
Byggeår 2005
Tomte­areal 8042 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 25. september, 16:30 – 17:30
Kontakt meklar
Bilete av Randi  Vigdal
Randi Vigdal
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Tångane 24
Førde
Prisant. 3380000
Soverom 2
Bustadtype Rekkehus
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 97 m2
Bruksareal ? 102 m2
Bruttoareal ? 111 m2
Byggeår 2005
Tomte­areal 8042 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? D
Vising
tysdag 25. september, 16:30 – 17:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet