Triveleg fritidseiendom i naturskjønne omgjevnadar i Dalelia. VISNING SØNDAG 23.6 kl 11-11.45

Vis i kart
Dalelia
Hyen
Prisant. 900000
Soverom 1
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Triveleg fritidseiendom i naturskjønne omgjevnadar i Dalelia. VISNING SØNDAG 23.6 kl 11-11.45

Eigedom
Dalelia
6829 Hyen
Om eigedomen
Triveleg hytte med utsikt mot Storevatnet og fjellheimen. Dalelia er eit flott utgangspunkt for nydelige turar i fjellheimen, skogen og marka.
Innhald
Hytte med hems inneheld: Vindfang, kjøkken, stove, wc/bod, bod/stellerom, soverom.
Standard
Fritidsbustaden framstår som triveleg og godt utnytta. Her er kjøkkeninnredning i lakkert furu, laminat benkeplate. Vedomn i stova som varmar hytta på eit blunk og ein lun og god sofakrok for kjekke kveldar på hytta.
Det er mange muligheter for den som skulle ønske det.
I tillegg til sjølve hytta er det oppført eit aneks som i hovudsak er benytta som gjestehus.
Byggjemåte
Hytte: Grunnforhold antatt som stein og morenemasser. Fundamentert med punktfundamenter i hovedsak av betong og elles noko tresøyler, ukjent
fundamenteringsdjupne, natursteinsforblending for ei veggside. Ytterveggar av ca 10 cm isolert bindingsverk med ytterkledning av ligggande enkeltfalsa trekledning. Saltakkonstruksjon med bærande sperrer og mønebjelke, uisolert mot underliggande rom. Taktekking av torv og takrenner i treutførelse. Golv som isolert trebjelkelag med underliggande stubbloftshimling. Etasjeskille som uisolert trebjelkelag. Vindauger som kobla ruter med gjennomgåande sprossar i ytre rute.
Aneks: Fundamentert med såle av betong og dels som naturstein og ringmur av betong. Ytterveggar av bindingsverk med ytterkledning av liggande enkeltfalsa trekledning, ukjent isolasjonsomfang. Saltakkonstruksjon med naturåsar over yttervegg og i møne og med bærande taktrod, taktekking av
torv. Golv som lakkert tregolv over bjelkelag, elles ukjent oppbygging og ukjent isolasjonsomfang. Vindauger med 2-lags ruter med gjennomgåande sprossar i ytre rute. Overbygt inngongparti med måla tredør m/1-lags rute. Innvendig er her synlege åsar og taktrod i himling, veggar med skyggepanel og golv som lakkert tregolv. Framført straum til enkel el.installasjon/el.punkt.

Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 18.6.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 36 kvm, Bruksareal: 41 kvm, Bruttoareal: 44 kvm
Alle rom er P-rom unnateke:

BRA pr. etasje:
1.Etasje:41 kvm

Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Biloppstillingsplass ved privat veg og deretter ca 250 m felles og privat oppgrusa gangsti fram til eigedomen.
Tomt
Areal: 1 167 kvm, Eierform: Eiet tomt
Flat og nordvendt naturtomt med fine uteplassar, gode solforhold og fin utsikt mot vatnet og fjellheimen.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedommen ligg i område regulert for Fritidsbebyggelse. Planidentifikasjon 199002
Veg, vatn, avlaup
Her er ikkje innlagt vatn, vatn til henta frå vatnet samt frå utandørs vasskrane som er tilkobla felles anlegg med ukjent kjelde (ikkje frostsikert). Opa oppkome ved stor stein på tomta.
Avløp frå vask går direkte til grunnmasser.
Tilkomst
Adkomst frå kommunal veg ved Dalheim med ca 4,5 km privat felles veg som ikkje blir vinterbrøyta. Oppgrusa felles biloppstillingsplass ca 250 m frå hytta og deretter felles og privat gangsti fram til hytta.
Oppvarming
vedomn i stove. Solcellepanel går på belysing i hytta.
Kommunale avgifter
Kr. 2 700 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Hytta er lite brukt. Det er ikkje innlagt straum eller vatn.
Eigar må sjølv teikne fullverdi og innbuforsikring. Prisar på dette vil variere med om ein er totalkunde osv. hjå forsikringselskap.
Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr per
Ferdigattest
Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Gloppen kommune.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål.
Diverse
Veg fram til parkeringplass blir ikkje vinterbrøyta. Det er ca 250 meter å gå til hytta frå parkeringsoppstilling.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 36 m2
Bruksareal ? 41 m2
Bruttoareal ? 44 m2
Rom 2
Byggeår 1991
Tomte­areal 1167 m2
Vising
sundag 23. juni, 11:00 – 11:45
Kontakt meklar
Bilete av Sissel  Anett  Halnes
Sissel Anett Halnes
Eigedomsmeklar MNEF
Nordfjordeid
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Dalelia
Hyen
Prisant. 900000
Soverom 1
Bustadtype Fritid
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 36 m2
Bruksareal ? 41 m2
Bruttoareal ? 44 m2
Rom 2
Byggeår 1991
Tomte­areal 1167 m2
Vising
sundag 23. juni, 11:00 – 11:45
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet