Praktisk og fin del av tomannsbustad med flott utsikt, dobbelcarport og lettstelt uteområde.VISNING 21.01 kl. 17-18!

Vis i kart
Jobakkevegen 49
Naustdal
Prisant. 2800000
Soverom 4
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Praktisk og fin del av tomannsbustad med flott utsikt, dobbelcarport og lettstelt uteområde.VISNING 21.01 kl. 17-18!

Eigedom
Jobakkevegen 49
6817 Naustdal
Om eigedomen
Praktisk og lettstelt del av tomannsbustad i barnevennlege Jobakkevegen, eit steinkast frå Lunden barnehage. Husværet vart oppført i år 2000 og ligg på flott opparbeidd tomt med utsyn mot sentrum. Innvendig er dei fleste overflater modernisert frå 2016 til dagens dato og det er lite innsyn til husværet. Eigedomen grensar mot leikeplass.
Eigedomen har sol heile året og på høgsommaren har ein sol frå ca. 06.00 til 16.30 langs fasaden mot sørvest. Då kjem sola til inngangspartiet og er der til ca. 20.00.

Naustdal ligg lageleg til mellom fjordbyane Førde og Florø med ein avstand på ca. 13 km til Førde og ca. 45 km til Florø.

Til barnehagar, offentleg kommunikasjon, helsesenter, samt Naustdal barne- og ungdommsskule med idrettspark m.m. tar det ca. 5 minutt å gå.
Elles er det gangavstand til Coop butikk med godt utval, bensinstasjon, kafe, m.m.

I kommunen finn ein flotte fritidstilbod for både born og vaksne. Naustdalshallen ved Naustdal barne- og ungdommsskule byr på fleire idrettsaktivitetar. På Sanden er det sandvolleyballbane og flott badestrand. Elva Naustda er kjend for sitt gode laksefiske og det er fleire turområder i skog- og mark, deriblant ei handfull som ein kan nå utan og måtte sette seg i bilen. I Instedalen er det skianlegg med preparerte langrennsløyper vinterstid.
Innhald
Bustaden går over to plan med følgjande innhald:
Underetasje: Gang/trapperom, tre soverom, bad, vaskerom og to boder.
Hovudetasje: Vindfang stove/kjøkken, soverom, bad og bod.

Eigedomen har i tillegg carport med plass til to bilar, samt ei leikehytte i hagen.
Standard
Husværet framstår som lyst og trivelig med funksjonelle løysingar. Innvendig er dei fleste overflater delmodernisert sidan 2016.

Trappefri tilkomst til inngangsparti med flislagt golv med varmekablar, nymåla strier på veggane og takess i himlinga. Det er plass til skyvedørsgarderobe langs eine endeveggen. I mellomgangen som vart overflatemodernisert i 2016 med laminat på golvet og måla profilerte plater på veggane er det tilkomst til kaldtloft som har godt med lagringsplass. Det er takess i himlinga.

Stove/kjøkken i opa løysing rommar heile 40 m2, med plass til stor sofagruppe og spisebord. Overflatemodernisert i 2016 med laminat på golvet, måla profilerte plater på veggane og takess i himlinga. I samband med moderniseringa vart også vedomnen bytt.
Her kan ein sitte utan innsyn og med ein flott utsikt mot sentrum.
Tilkomst til balkong på 7 m2. Frå stova er det også tilkomst til bod på ca. 3,5 m2. Der er det nylig sett inn skyvedørsgarderobe.

Kjøkkenet vart også spraylakkert i 2016 og har innreiing frå Norema. Mellom benkeplate i laminat og overkskåp som går til himlingen vart det lagt kitchenboard i 2018.
Integrert keramisk koketopp og komfyr. Kjøleskåpet og oppvaskmaskina var nye i 2014 og følgjer også med i salet.

Badet i hovudetasjen er heilflisa med varmekablar i golvet. Rommet er av god storleik og er innreiia med badekar, servant med underskåp og spegel, samt klosett.

Eit av fire soverom er i hovudetasjen. Rommet er på ca. 12 m2 og er nylig overflatemodernisert med laminat på golvet, måla plater på veggane og takess i himlinga.

Underetasje:
Via måla trapp med trappetepper kjem ein ned i romsleg trapperom i underetasjen. Rommet har laminat på golvet, måla strier på veggane og takess i himlinga. Varmepumpa i trappeoppgangen vart montert i 2012.

Badet i underetasjen har standard frå byggjeår med belegg med varmekablar på golvet, belegg på veggane og takess i himlinga. Rommet er innreiia med klosett, servant med underskåp, overskåp, spegel og lysarmatur, samt dusjhjørne.

Soveromma i underetasjen er også overflatemoderniserte. Hovudsoverommet rommar heile 15 m2 og har laminat på golvet, måla plater på veggane og takess i himlinga. Her er det god plass til stor skyvedørsgarderobe og det er tilkomst til sørvendt treplatting på heile 36 m2. Plattingen kan også nåast via trapp frå inngangspartiet.
Dei to andre soveromma er på 10,2 og 8,6 m2. Desse har teppe på golvet, måla plater på veggane og takess i himlinga. Garderobeskåpa som står på desse følgjer med i salet.

Langs fasade mot nord er det vaskerom med belegg på golv- og veggflater og takess i himlinga. Varmtvasstanken står her og det er oppvaskkum. Frå vaskerom har ein tilkomst til to boder. Veggar mellom bod og vaskerom er lettveggar.
Byggjemåte
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 13.09.2018.

Isolert betongplate på mark i betong. Grunnmuren er av betong og innvendig delvis med utlekta platekledning.
Ytterveggane i front mot søraust er oppført i 6" isolert bindingsverk med utvendig bordkledning av liggande trepanel.
Etasjeskiljet er oppført i isolert trebjelkelag.
Skiljeveggane mellom leilegheitene er av dobbel isolert bindingsverk oppført som lydkonstruksjon.
Takkonstruksjonen har saltakform, oppbygd av w-takstolar, med tekking av betongtakstein og undertak av trefiberplater. Det er snøfangarar over inngangspartiet og stigetrinn for tilkomst til pipa.
Vindauge i trekarm med 2-lags glas, ytterdør i teak med vindaugefelt.
I stova og i det eine soverommet er det verandadør med 2-lags glas.

Diverse:
- Elektrisk anlegg med standard frå byggjeår og fordelartavle med automatsikringar.
- Fiber.
- Sentralstøvsugar.
- Mekanisk avtrekk i baderomma og i vaskerommet, ventilasjonen elles er basert på naturlig ventilering.
- Sanitæranlegget har standard frå byggjeår med vassrøyr av røyr i røyr og avlaupsrøyr i plast.
- Varmtvasstank på 198l frå byggjeåret.

Carport:
Ringmur og støypt plate på mark i betong.
Over ringmur er det bindingsverk med utvendig bordkledning av trepanel.
Prefabrikkert takkonstruksjon med tekking av betongtakstein på underlag av trefiberplater.
Elektrisk anlegg er installert.

Leikehytte:
Leikehytte av enkel konstruksjon.
Takktekking av shingel.
Ytterdør i trevirke og vindauge med 1-lags glas.
Belegg på golvet og måla innvendige overflater.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 128 kvm, Bruksareal: 143 kvm, Bruttoareal: 158 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: Bodareal.

BRA pr. etasje:
Underetasje: 70 m2
Hovudetasje: 73 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering i dobbelcarport, samt på tun.
Tomt
Areal: 270 kvm, Eierform: Eiet tomt
Eigedomen ligg i søraustvendt helning med flott utsikt mot dalføret og sentrum med skule- og barnehagar. Ved inngangsparti mot nordvest er det enkel tilkomst til tun og dobbelcarport med dekke av belegningsstein. Ved inngangspartiet er det treplatting og skiljevegg mot nabobustaden.
Langs fasaden mot sørvest er det stor treplatting på heile 36 m2 med flott utsyn. Ein kan gå frå inngangspartiet via trapp i fasaden mot nord til treplattingen. I fasade mot nord er det tretrapp og belegningsstein samt ei leikehytte.

Delar av leikehytta ligg utanfor eigedomen sine grenser mot leikeplassen mot nord iflg eigedomskart.
Regulering/offentleg godkjenning
I kommuneplanen er området avsett til bustad-noverande og framtidig.
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Enkel tilkomst frå kommunal veg.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter C
Tilkomst
Enkel tilkomst frå kommunal veg. For vegbeskriving sjå www.finn.no for kart eller kontakt meklar.
Meklar vil syte for skilting ved fellesvisninga.
Oppvarming
- Varmekablar i vindfang, begge bad og vaskerommet.
- Vedomn i stove/kjøkken.
- Luft til luft varmepumpe i trapperommet i underetasjen.
Kommunale avgifter
Kr. 22 652 pr. år inkl. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum pr. år: ca. kr. 16.000,-
Forsikring pr. år: kr. 4.704,-

Meklar gjer merksam på at desse utgiftene er knytt til dagens eigar og at desse vil kunne endre seg med omsyn til anna bruk av bustaden enn i dag eller andre avtalar med leverandørar.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 633 516 per 31.12.17
Likningsverdi som sekundærbustad kr 2 280 657 per 31.12.17
Likningsverdien er henta frå skatteetaten sin likningskalkulator. Ny eigar må pårekne ny likningsverdi med grunnlag i kjøpesum.
Ferdigattest
Det føreligg bruksløyve frå Naustdal kommune datert 02.03.2000. Denne ligg vedlagt.
Konsesjon
Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig.
Utleige
Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål.
Diverse
Det er opplyst av eigar at det er registrert skjeggkre i bustaden. I samråd med forsikringsselskap og saneringsfirma er det lagt ut limfeller og gjort andre tiltak slik som sprøyting av gift for å bekjempe omfanget. Skjeggkre er eit ufarlig insekt, men vil kunne vere vanskeleg å verte kvitt. For utfyllande opplysningar om skjeggkre syner ein til informasjon som kan hentast på nettet.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 128 m2
Bruksareal ? 143 m2
Bruttoareal ? 158 m2
Rom 5
Byggeår 2000
Tomte­areal 270 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
måndag 21. januar, 17:00 – 18:00
Kontakt meklar
Bilete av Daniel  Einen
Daniel Einen
Eigedomsmeklar MNEF
Førde
Tilbake til bustadutlisting

Skal gje forbrukarane kunnskap om energiforbruket til bueininga. Alle bustader, fritidsbustader og yrkesbygg skal energimerkast ved sal og utleige. Sjå energimerking.no for meir informasjon.

P-rom vert målt frå innsida av yttervegg inkludert veggane mellom desse areala. Dette er innvendige areal av bustaden som vert brukt til kort- eller langvarig opphald (opphaldsrom), til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse. Bodareal/areal for lagring/tekniske rom inngår ikkje i primærrom.

Arealet av bygingen målt frå utvendig vegg til utvendig vegg eller midt i skiljevegg mot anna brukseining eller fellesareal.

Bruksareal er summen av det arealet som ligg innanfor ytterveggane, og vert målt frå innsida av yttervegg til innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Jobakkevegen 49
Naustdal
Prisant. 2800000
Soverom 4
Bustadtype Tomannsbustad
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 128 m2
Bruksareal ? 143 m2
Bruttoareal ? 158 m2
Rom 5
Byggeår 2000
Tomte­areal 270 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
måndag 21. januar, 17:00 – 18:00
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet