Oppussa og flott leilegheit på eit plan ved sjøen. Båtplass.

Vis i kart
Danielsvika 12
Florø
Prisant. 2350000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)

Oppussa og flott leilegheit på eit plan ved sjøen. Båtplass.

Eigedom
Danielsvika 12
6907 Florø
1. etasje
Om eigedomen
Denne flotte leilegheita ligg heilt usjenert til ved sjøen i Danielsvika. Her kan du nyte den flotte utsikta mot øyane samt seine sommarkveldar med solnedgang. Stor terrasse mot sjøen på ca 50 m2. Eigedomen ligg i enden av blindveg så her er det ingen bilar eller forbipasserande. Sameige består av ein halvpart av ein 4 -mannsbustad, der tomta går til sjøen. Denne seksjonen disponerer plass i flytebrygga ved eigedomen. Det er også laga til uteplass ved inngangsparti mot vest. Badestrand i Danielsvika ligg like ved. Det er ca. 500 m til butikkar, skule og barnehage på Krokane og det er ca 1,6 km til sentrum.
Innhald
Flott leilegheit i 4-mannsbustad, u.etg mot vest.
Inneheld vindfang, gang, bad/wc, vaskerom, kjøkken, spisestove/stove, tv-stove, 2 soverom og bod.
Standard
Store delar av bustaden er pussa opp siste åra.
Det er open løysing mellom kjøkken, spisestove og stove. Store vindusflater med utsikt mot sjøen frå alle opphaldsromma. Utgang til stor terrasse med fin ettermiddag- og kveldsol.
Det er i lagt nye laminatgolv type grå eik topp Silence på opphaldsromma. Veggane har måla ståande panel og slettmåla veggar. I himling er det ferdigmåla takplater.
Nytt flott kvitt Ikeakjøkken i 2016. Kjøkkenet har god skåpplass og har integrerte kvitevarer med platetopp frå Miele. Ein kan ha spiseplass på kjøkkenet om ein ønskjer det.
Badet har flislagt golv og baderomsplater på veggar. Baderomsinnreiinga og baderomsplatene er nymåla. Det er dusjhørne og golvmontert wc på badet. Det er montert mekanisk avtrekk på bad og det er montert ventiler i veggar og lufterspalter i dører.
På soverom er det laminat på golv, slettmåla veggar og ferdigmåla plater i himling.
Byggjemåte
Eigedomen er oppført i 1991, vertikal- og horisontaldelt 4-mannsbustad.
Grunnmuren er fundamentert på fullmasser over fjellgrunn. Det er grunnmur mot sør, mot nabo(aust) og mot vest. Mot nord er det 6" bindingsverk. Kjellargolv av betong. Grunnmuren er påfora innvendig med bindingsverk, isolasjon og plater. Vindauga er type H-vindauge frå 1991. Vindauge på hovedsoverom er skifta nytt plast vindauge type Nordan 2016. Teak ytterdør frå byggeår. Innvendige dører er furu fyllingsdører som alle er kvitmåla. Yttertak er saltak med betongtakstein frå byggjeår. Etasjeskilje er 20 cm holdekke med 5 cm påstøyp. Under holdekke har eigar i vaskerom laga vindtett papp mot holdekke, ny isolasjon, lekter mot holdekke og nye ferdigmåla takplater. Yttervegg i bod mot nabo og mot sør (fylling) har eigar tatt igjen (epoxy belagt vegg), papp, bindingsverk isolasjon og nye veggplater.
Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Stein Strømsnes, datert 04.10.2018.

Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova.
Areal og fordeling per etasje
Primærrom: 85 kvm, Bruksareal: 94 kvm, Bruttoareal: 102 kvm
Alle rom er P-rom unnateke: bod
BRA pr. etasje:
U.Etasje: 94 m2
Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala.
Parkering
Parkering på eigedomen.
Tomt
Areal: 576 kvm, Eierform: Fellestomt
Eigedomen har ein stor terrasse på ca. 50 m2 mot sjøen. I tillegg er det opparbeidd uteplass ved inngangsparti mot vest. Eigedomen har strandline og det er lagt ut flytebrygge som kjøpar kan disponere ein plass i. Tilstanden på flytebrygga er ukjent/dårleg.
Regulering/offentleg godkjenning
Eigedomen ligg i område regulert til bustad.
Reguleringsplan med planid 19890104, Gaddevågen del av gbnr: 26/28
Veg, vatn, avlaup
Offentleg vatn og avlaup via private stikkleidningar.
Privat (nyare) kloakkpumpe.
Energimerking
Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C
Tilkomst
Tilkomst frå offentleg veg.
Oppvarming
Luft til luft varmepumpe (ny 2016). Det er varmekablar i alle rom unntatt bod.
Det er moglegheit for vedomn i bustaden.
Kommunale avgifter
Kr. 10 975,25 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt.
Faste kostnader
Straum og nettleige etter eige forbruk.
Likningsverdi
Likningsverdi som primærbustad kr 545 001 per 31.12.16
Likningsverdi som sekundærbustad kr 1 744 002 per 31.12.16
Ferdigattest
Det føreligg bruksløyve frå Flora kommune datert 24.09.1991. Denne ligg vedlagt.
Felleskostnader
Det er ikkje felleskostnader i sameige
Opplysningar om sameige.
Sameige består av 2 seksjonar. Seksjonsnummer 2 har sameigebrøk 40/100. Seksjon 1 som er etasjane over har seksjonsbrøk på 60/100. Heile 4-manns bustaden er delt opp i 2 sameige.

Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen.
I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige.
Rekneskap/vedtekter
Sameiget er enkelt organisert utan felleskostnader og forretningsførar. Det fins ikkje vedtekter.
Legalpant
Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader.
Utleige
Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål.
Forsikring
Heile 4-mannsbustaden har felles forsikring. Snr. 2 betaler kr. 4.139,- pr år. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato.
Bustadseljarforsikring
Bustaden er seld med/utan bustadseljarforsikring.
Bustadkjøparforsikring
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS formidlar bustadkjøparforsikring frå HELP Forsikring AS. Dette er ei rettshjelpsforsikring som gir tryggleik og profesjonell juridisk hjelp dersom det vart oppdaga uventa feil og manglar ved bustaden. Ta kontakt med meklar for meir informasjon eller les meir om forsikringa på www.help.no.
Finansiering
Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar.
Kvitvasking
Lov av 6. mars 2009 nr. 11 om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering pålegg eigedomsmeklarar å gjennomføre legitimasjonskontroll og risikovurdering av alle kundar og/eller eventuelle reelle rettigheitshavarar. Dersom kunden ikkje oppfyller krava etter lova eller eigedomsmeklar har mistankar om at transaksjonar har tilknyting til utbyte frå straffbare handlingar eller forhold som rammast av straffelova §§ 131-136 a, kan eigedomsmeklaren stoppe gjennomføringa av transaksjonen eller eigedomshandelen. Eigedomsmeklaren kan ikkje haldast ansvarleg for dei konsekvensane dette vil kunne få for partane eller andre som har interesser i eigedomshandelen.
Bodgjeving
Alle bod skal gjevast skriftleg til meklar. Det første bodet skal gjevast på bodskjema påført bodgjevar sin signatur. I tillegg må bodgjevar ha legitimert seg. Seinare bod kan gjevast per e-post, SMS eller per faks til meklar. Bod kan også gjevast via bodgjevingsplattform på nett eller app. Veljast denne løysinga, er det ikkje krav til å sende det første bodet på bodskjema. Meklar skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

Bod som ikkje er skriftleg, eller som har kortare akseptfrist enn til kl. 12.00 dagen etter siste annonserte vising, vil ikkje bli formidla til seljar. Meklar vil heller ikkje formidle bod med atterhald om at bodet er hemmeleg for andre bodgjevarar. Eit bod er bindande for bodgjevar når bodet er blitt gjort kjent for seljar. Seljar står fritt til å akseptere eller forkaste eitkvart bod, og pliktar såleis ikkje å akseptere det høgste bodet på eigedomen.

Meklar skal, i den grad det er naudsynt og muleg, informere dei involverte i bodrunden skriftleg om status i bodgjevinga.
Meklar pliktar å leggje til rette for ei forsvarleg avvikling av bodrunden. For at boda skal kunne bli handsama og formidla vidare skriftlig til alle involverte partar, må eitkvart bod ha ein tilstrekkeleg lang akseptfrist, og uansett bør ikkje eit bod ha ein akseptfrist på mindre enn 30 minutt frå bodet vert gjeve. Seljar må skriftleg akseptere bodet før bodaksept kan formidlast til bodgjevar.
Ein gjer merksam på at bod som vert gjeve etter normal arbeidstid vert handsama/formidla påfølgjande arbeidsdag.

Seljar og kjøpar har krav på å få utlevert kopi av bodjournalen straks etter at handel er komt i stand. Alle som har gjeve bod på eigedomen kan på førespurnad få en kopi av anonymisert bodjournal etter at bodrunden er avslutta.
Ein syner elles til "Forbrukarinformasjon om bodgjeving", som er teke inn på baksida av bodskjema i salsoppgåva.
Overtaking
Etter avtale med seljar.
Seld "som den er"
Salet vert regulert av Lov om avhending av fast eigedom. Eigedomen vert seld i den stand den var under synfaring, jf. avhendingslova § 3-9, "som den er". Dette avtalepunktet medfører at avhendingslova sine reglar om når eigedomen har mangel vert fråvike til ugunst for kjøpar.

Eigedomen har likevel mangel i følgjande tilfelle:
Når kjøpar ikkje har fått opplysningar om forhold ved eigedomen som seljar kjende eller måtte kjenne til, og som kjøpar hadde grunn til å rekne med å få. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at det har verka inn på avtalen at opplysningane ikkje vart gitt.
Når seljar har gitt urette opplysningar om eigedomen. Det same gjeld dersom eigedomen ikkje er i samsvar med opplysningar som er gitt i annonse, salsprospekt eller ved anna marknadsføring på vegne av seljar. Dette gjeld likevel berre dersom ein kan gå ut frå at opplysningane har verka inn på avtalen, og ikkje har vorte retta i tide.
Når eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og forholda elles.
Når tomta har vesentleg mindre areal enn opplyst av seljar.
Nøkkelinfo
Primærrom ? 85 m2
Bruksareal ? 94 m2
Bruttoareal ? 102 m2
Byggeår 1991
Tomte­areal 576 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
onsdag 24. oktober, 18:30 – 19:30
Kontakt meklar
Bilete av Greta  Halvorsen
Greta Halvorsen
Eigedomsmeklar MNEF
Florø
Tilbake til bustadutlisting

Eigedom må som hovudregel energimerkast ved sal eller utleige.  Energimerking oppsummerer energitilstanden for bygningen med ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter. Energikarakteren seier noko om venta energibruk og oppvarmingskarakterine seier noko om kor stor grad av fornybare energikjelder som vert nytta til oppvarming av rom og vatn. Oppvarming med elektrisitet eller olje gir dermed raud oppvarmingskarakter.

Innvendig areal av bustaden sin primære del inkludert veggane mellom desse. Dette er rom som ein naturleg oppheld seg i, som til dømes stove, kjøken, bad, soverom, vaskerom og gangareal mellom desse.

Innvendig areal målt frå innsida av yttervegg. Alt areal av innvendige veggar er medrekna. Målbart areal skal ha takhøgd på 1,9 meter.

Om bruksareal

Danielsvika 12
Florø
Prisant. 2350000
Soverom 2
Etasje 1
Bustadtype Leilegheit
Eigarform Eigar (Sjølveigar)
Nøkkelinfo
Primærrom ? 85 m2
Bruksareal ? 94 m2
Bruttoareal ? 102 m2
Byggeår 1991
Tomte­areal 576 m2
Eigarskifte­forsikring Ja
Energi­merking ? C
Vising
onsdag 24. oktober, 18:30 – 19:30
Kor mykje treng du låne?
Prøv Sparebanken Sogn og Fjordane sin lånekalkulator
I nærområdet